Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2009:

650 millionar kroner til rassikring på vegnettet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Regjeringa går inn for at det neste år skal brukast i alt om lag 650 millionar kroner til prosjekt og tiltak som er med på å sikre mot ras på vegnettet. Dette er ein auke på 130 millionar kroner eller 25 prosent frå 2008.

Regjeringa går inn for at det neste år skal brukast i alt om lag 650 millionar kroner til prosjekt og tiltak som er med på å sikre mot ras på vegnettet. Dette er ein auke på 130 millionar kroner eller 25 prosent frå 2008.

– I mange lokalsamfunn skaper faren for ras dagleg frykt og uro hjå dei som må ferdast på utsette vegstrekningar. Rassikring er difor eit oppgåve denne regjeringa prioriterer høgt, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Av den samla summen kjem 442,5 millionar kroner som løyvingar over den særlege budsjettposten ”Rassikring”, om lag 60 millionar kroner blir dekt ved midlar frå dei ordinære løyvingane til riksveginvesteringar, medan nærare 150 millionar kroner er bompengar.

Auken på posten ”Rassikring” er 34,5 prosent samanlikna med 2008, medan dei samla midlane til rassikring på 650 millionar kroner er 25 prosent høgare enn for 2008. Med dette framlegget vil dei statlege løyvingane til rassikring vere 100 millionar kroner høgare enn det Nasjonal transportplan for perioden 2006-2009 la opp til.

Desse store prosjekta er særleg prioritert i forslaget:

• E39 Gammelseter – Nipetjørn, Lindås kommune i Hordaland (opna i september 2008)

• Rv 13 Ulvundsøyne, Voss kommune i Hordaland (planlagd opna januar 2009)

• Rv 13 Bugjelet – Brimnes, Eidfjord og Ullensvang kommunar i Hordaland (planlagd opna hausten 2010)

• Rv 5 langs Kjøsnesfjorden (Hammarsgrovi – Stølsneset), Jølster kommune i Sogn og Fjordane (planlagd opna hausten 2009)

• Rv 53 Naustbukttunnelen, Årdal kommune i Sogn og Fjordane (planlagd opna juli 2009)

• Rv 55 Fatlaberget, Leikanger og Sogndal kommunar i Sogn og Fjordane (planlagd opna desember 2008)

• Rv 55 Gullringen, Luster kommune i Sogn og Fjordane (planlagd opna våren 2010)

• Rv 60 Hellesylt – Strekanetunnelen, Stranda kommune i Møre og Romsdal (oppstart 2009, planlagd opna 2011)

• E10 Fjøsdalen, Flakstad kommune i Nordland (opna i mars 2008)

• Fv 15 Dale – Alvestad, Harstad kommune i Troms (planlagd opna sommaren 2010)

• Fv 347 Arnøya, Skjervøy kommune i Troms (opna november 2007)

I tillegg til desse større prosjekta, vil det bli brukt midlar på fleire mindre rassikringstiltak på utsette strekningar og punkt på vegnettet.