Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2011:

15,1 milliardar kroner til vegføremål – løyvingar til vedlikehald aukar med 60 prosent

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Neste år blir det eit stort løft for drift og vedlikehald på vegnettet. Veksten i etterslepet i vedlikehaldet blir stansa. Det blir auke i løyvingane til investeringar, medrekna ein milliard kroner til rassikring, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.


- Neste år blir det eit stort løft for drift og vedlikehald på vegnettet. Sterk auke i løyvingane  vil gi 1000 kilometer med nytt asfaltdekke på riksvegane. Veksten  i etterslepet i vedlikehaldet blir stansa. Det blir auke i løyvingane til investeringar, medrekna ein milliard kroner til rassikring, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
    
Regjeringa føreslår å løyva i alt nær 15,1 milliardar kroner til vegføremål i 2011.

Dette er ein auke på vel 1,5 milliardar kroner eller 11,2 prosent, når ein ser bort frå at det for 2010 er ei eingongsløyving på 500 millionar kroner i samband med  overføring av delar av riksvegnettet til fylkeskommunane.  Samanlikna med løyvingsnivået i 2005, målt i 2011-kroner, er dette ein auke på 6,84 milliardar kroner eller 43,9 prosent. Ein har då tatt omsyn til overføringa av delar av riksvegnettet til fylkeskommunane  i samband med forvaltningsreforma.

I tillegg til løyvingane over statsbudsjettet kjem snaut 3,5 millardar kroner i bompengemidlar  til investeringstiltak  innanfor ansvarsområdet til Statens vegvesen. 

 Den føreslåtte løyvinga på vel 15,1, mi1liardar  kroner  til vegføremål er fordelt slik:

• 7,2 milliardar koner til trafikktilsyn, drift og vedlikehald – ein auke på vel 990 millionar kroner eller 16 prosent.

• 6,8 milliardar kroner til investeringar , som omfattar investeringar på riksvegnettet, og statlege midlar til rassikring på riksveg- og fylkesvegnettet.

• 446,4 millionar kroner til statleg kjøp av riksvegferjetenester

• 443 millionar kroner ”Vederlag for OPS-prosjekt” (årleg godtgjersle for tre gjennomførte utbyggingar etter modellen ”offentleg-privat-samarbeid)

• 103,8 millionar kroner til ”Rentekompensasjon for transporttiltak i fylka”

Vedlikehald: Aukar med 60 prosent

Den føreslåtte løyvinga på  7, 2 milliardar kroner til trafikktilsyn, drift og vedlikehald er ein  auke på 991,5 millionar kroner eller 16 prosent frå 2010. Denne auken medverkar til at ein, basert på gjeldande berekningsmodellar, vil stansa veksten i forfallet av vegkapitalen.
 
Til drift og vedlikehald er det avsett til saman om lag 5 milliardar kroner, ein auke på omkring  880 millionar kroner eller 21,1 prosent.

Til vedlikehald skal det nyttast om lag 1,55 milliardar kroner. Dette er ein auke på 580 millionar kroner eller 60 prosent. Løyvinga fører mellom anna til at det i 2011 kan leggjast om lag 1000 kilometer  nytt vegdekke med asfalt.

Veksten i løyvingane til drift og vedlikehald har samanheng med store behov som følgje av etterslep i vedlikehaldet, kostnadsauke for driftskontraktar utover generell prisstiging, trafikkauke og nye veganlegg.

Statlege løyvingar til veginvesteringar : Vel 6,9 milliardar kroner

I alt 6,92 milliardar  kroner er føreslått som statlege løyvingar til veginvesteringar, medrekna rassikringsmidlar til både riksveg- og fylkesvegnettet.  Dette er ein  auke på 444 millionar kroner eller 6,9 prosent , samanlikna med saldert budsjett 2010.

Beløpet omfattar ordinære riksveginvesteringar og særlege budsjettpostar for  rassikring (medrekna fylkesvegnettet), utbygging av E16 over Filefjell, utbygging på E6 vest for Alta og E18-utbygginga i Bjørvika i Oslo.

I tillegg kjem om lag 3,45 milliardar kroner i bompengar som går til investeringstiltak innanfor ansvarsområdet til Statens vegvesen.   

Nye vegprosjekt

Det er foreslått statlege eller eksterne midlar  til oppstart av desse store prosjekta i 2011, alle med kostnadsoverslag på meir enn 100 millionar kroner:

• E18 Sydhavna i Oslo
• E134 Skjold – Solheim i Rogaland
• Riksveg 7 Sokna – Ørgenvika i Buskerud, med atterhald om at Stortinget sluttar seg til framlagt forslag om bompengefinansiering
• E6 Oppdal sentrum i Sør-Trøndelag
• E105 Storskog – Hesseng i Finnmark

Oppstart av E18 Sydhavna er avhengig av at det blir gjennomført ei ekstern kvalitetssikring av kostnadsoverslaget. Samferdselsdepartementet vil koma tilbake til Stortinget med endeleg kostnadsoverslag når den eksterne kvalitetssikringa er gjennomført, og før anleggsstart.

Det er elles føreslått statlege midlar med sikte på mogleg oppstart av fleire andre store prosjekt 2011. For desse prosjekta er tildeling av midlar og oppstart avhengig av at det blir tilslutnad til føreslått bompengeopplegg:

• E18 Melleby – Momarken i Østfold
• E136 Tresfjordbrua i Møre og Romsdal

Dersom det blir tilslutnad til bompengeopplegg kan det dessutan vera mogeleg med anleggsstart i 2011 med bompengar på følgjande store  prosjekt, alle med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:

• Riksveg 2 Kongsvinger – Slomarka i Hedmark
• E18 Gulli – Langåker i Vestfold
• E39 Astad – Knutset i Møre og Romsdal
• E16 Fønhus – Bagn i Oppland

I 2011 blir desse større prosjekta opna for trafikk, alle med kostnadsoverslag meir enn 100 millionar kroner:

• E39 Fardal – Osestad i Vest-Agder
• E6 Dal – Minnesund og Skaberudkrysset  i Akershus og Hedmark
• Riksveg 70 Brunneset – Øygarden i Møre og Romsdal
• Riksveg 80 Røvika – Strømsnes i Nordland

Særskilte tiltak for trafikksikring: 545 millionar kroner

Til særskilte tiltak for trafikksikring langs det eksisterande vegnettet føreslår regjeringa å løyva 545 millionar kroner for 2011. Tek ein med løyvinga for 2010, vil ein dermed etter to år ha løyvd meir enn halvparten av det beløpet som i Nasjonal transportplan er lagt til grunn for dei fire åra 2010-2013.       

Midlane vil gå til tiltak for å hindra dei alvorlegaste ulukkene som møteulukker, utforkøyringsulukker og ulukker med påkjørsel av mjuke trafikantar. Sterkare midtmarkering og bygging av midtrekkeverk er mellom tiltaka. Andre prioriterte tiltak er mellom anna utbetring av sideterreng, vegbelysning og utbetring av kurvar og kryss. Ein stor del av midlane vil bli nytta til tiltak som alt er sette i gang.

For 2011 er det lagt opp til å fullføra bygging av midtrekkverk på  22 kilometer to- og trefelts riksveg.  I tillegg får 53 kilometer riksveg neste år sterkare midtoppmerking.

I tillegg til desse særskilte tiltaka langs eksisterande veg kjem den trafikksikringsgevinsten ein får som følgje av rassikringstiltak og utbygging av nye og tryggare vegar. Auken i løyvingane til drift og vedlikehald er dessutan med på å gjere vegtrafikken tryggare.  

Rassikring: Vel ein milliard kroner – aukar med nær 24 prosent

Til rassikring er det føreslått å løyva 1,05 milliardar kroner, ein auke på 201,1 millionar  kroner eller 23,7 prosent frå 2010. Av dei føreslåtte midlane skal 526,3 millionar kroner gå til  rassikringsprosjekt på fylkesvegnettet, medan resten skal nyttast på riksvegar.

Gang- og sykkelvegar

Til bygging av gang- og sykkelvegar langs eksisterande vegar er det lagt til grunn at det i 2011 skal brukast i alt 330 millionar kroner, fordelt med 230 millionar kroner i statlege midlar og 100 millionar kroner i ekstern finansiering, i hovudsak bompengar. Midlane vil for det meste bli nytta for å få til samanhangande sykkelnett i byar og tettstader og til utbygging langs skolevegar.

I tillegg kjem bygging av gang- og sykkelvegar som del av nyanlegg på vegnettet, og som dermed blir finansierte ved hjelp av ordinære riksvegløyvingar og i somme tilfelle også ved hjelp av bompengar.

Neste år blir totalt 56 kilometer gang- og sykkelvegar opna for trafikk.  

Tiltak for kollektivtransporten: 195 millionar kroner

Innanfor ansvarsområdet til Statens vegvesen skal det i 2011 nyttast i alt 195 millionar kroner til tiltak for kollektivtransporten , fordelt med 125 millionar kroner i statlege løyvingar og 70 millionar kroner i ekstern finansiering, i hovudsak bompengar.     

Midlane vil i hovudsak bli nytta til oppgradering av haldeplassar og trafikknutepunkt. I tillegg er det sett av midlar til bygging av kollektivfelt.

Miljø- og servicetiltak

138 millionar kroner til miljø- og servicetiltak, fordelt med 108 millionar kroner i statlege løyvingar  og 30 millionar kroner i bompengar.

Ein stor del av midlane skal nyttast til støyskjerming og til tiltak for å følgje opp Statens vegvesen sine forpliktingar når det gjeld EU sitt vassdirektiv og for å ivareta biologisk mangfald. I tillegg er det sett av midlar til mellom anna miljøgateprosjekt. Det er elles sett av midlar til bygging og oppgradering av kvileplassar for tungtrafikken.

Nasjonale turistvegar

Innanfor framlegget til riksveginvesteringar er det sett av 120 millionar kroner til prosjektet Nasjonale turistvegar.

Kjøp av riksvegferjetenester: 446,4 millionar kroner

Til statleg kjøp av riksvegferjetenester er det foreslått å løyva  446,4 millionar kroner.
Dette er ein auke på 2,4 prosent frå 2010. Samferdselsdepartementet legg til grunn om lag same rutetilbod som i 2010.

For 2010 er det lagt til grunn ein takstauke  på 3,1 prosent, med verknad frå 1. januar.

Riksveginvesteringar – fordelt på  transportkorridorar og riksvegstrekningar  

I budsjettforslaget er det lagt opp til at det i 20110 skal nyttast i alt 9152 millionar kroner til investeringar på riksvegnettet, fordelt med 5807,5 millionar kroner i statlege løyvingar og 3281 millionar kroner i bompengemidlar og anna ekstern finansiering.  Dei statlege midlane omfattar  ”ordinær” budsjettpost for riksveginvesteringar” og tre eigne investeringspostar, for E18 i Bjørvika i Oslo, E16 over Filefjell og E6 Vest for Alta.
 
455,9 millionar kroner av dei føreslåtte statlege løyvingane til riksveginvesteringar er sette av til såkalla ”ikkje rutefordelte tiltak”, mellom anna tiltak innanfor prosjektet ”Nasjonale turistvegar”, innkjøp av reservebruer, forsking og utvikling.

Resten av av investeringsmidlane til riksvegnettet (ikkje medrekna rassikring), 5414,6 millionar kroner,  er fordelt slik på dei  åtte ”hovudkorridorane” og tilhøyrande strekningar på riksvegnettet:

Statsbudsjettet 2010 - korridorar

Oversikta som pdf