Historisk arkiv

Statsministeren, arbeids- og sosialministeren og næringsministeren inviterer til møte i samband med inkluderingsdugnaden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Adresse: Parkveien 45, Oslo

Stad:

Statsminister Erna Solberg, arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie og næringsminister Torbjørn Røe Isaksen inviterer ei rekkje verksemder og organisasjonar til møte i samband med inkluderingsdugnaden. Regjeringa ønskjer innspel til kva som skal til for å få fleire av dei som står utan jobb inn i arbeidslivet.

Møtet går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45 i Oslo.

Pressa kan vere til stades under møtet. Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 11.30. Ta med pressekort og gyldig ID. Det vert servert enkel lunsj frå kl. 11.15-12.00.

Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 907 06 696, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post asa@smk.dep.no.