Historisk arkiv

Statsministerens program veke 13

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Søndag 24. mars
Kl. 15.00: Statsministeren deltek på ei markering mot terrorhandlingar og kamp mot ekstremisme, der blant anna ofra for terroren på New Zealand og i Nederland skal minnast. Markeringa går føre seg på Eidsvolls plass i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post asa@smk.dep.no

 

Måndag 25. mars
Kl. 12.00: Statsminister Erna Solberg, arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie og næringsminister Torbjørn Røe Isaksen inviterer ei rekkje verksemder og organisasjonar til møte i samband med inkluderingsdugnaden. Regjeringa ønskjer innspel til kva som skal til for å få fleire av dei som står utan jobb inn i arbeidslivet.

Møtet går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45 i Oslo.

Pressa kan vere til stades under møtet. Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 11.30. Ta med pressekort og gyldig ID. Det vert servert enkel lunsj frå kl. 11.15-12.00.

Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 907 06 696, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post asa@smk.dep.no

 

Tysdag 26. mars
Kl. 14.00: Statsministeren opnar det første esport-huset i Noreg, der laget N47 held til. Adresse: Damveien 6B i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eil@smk.dep.no

 

Kl. 15.00: Statsministeren taler på Spekterkonferansen på Det Norske Teatret i Oslo. Adresse: Kristian IVs gate 8.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post asa@smk.dep.no

 

Kl. 19.30: Statsministeren er til stades på Foreningen Nordens jubileumsførestilling på Nationaltheatret.

 

Onsdag 27. mars
Kl. 18.30: Statsministeren er til stades på Champions League-kvartfinalen mellom LSK Kvinner og FC Barcelona Women på Åråsen stadion.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eirin Larsen, telefon 909 73 266, e-post eil@smk.dep.no.

 

Fredag 29. mars
Kl. 12.30: Statsminister Erna Solberg og forsvarsminister Frank Bakke-Jensen tek imot det nye logistikk- og støttefartøyet KNM Maud, som kjem til Noreg for første gong, på Haakonsvern orlogsstasjon i Bergen.

Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 907 06 696, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510, e-post tm@smk.dep.no

 

Laurdag 30. mars
Statsministeren er til stades på Ridderrennet på Beitostølen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post tab@smk.dep.no