Historisk arkiv

Statsministerens program veke 6

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren leier denne veka eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 4. februar
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg og landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad besøker Inn på tunet-garden Årungen utedrift. Tema for besøket er inkludering og psykisk helse. Adresse: Trosterud gard, Smebølveien 15 i Ås kommune.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 975 30 948, e-post ano@smk.dep.no.

Tysdag 5. februar
Kl. 09.00: Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet. Møtet går føre seg på Statsministerens kontor. Regjeringa sin reviderte strategi mot arbeidslivskriminalitet, dei økonomiske utsiktene og inntektsoppgjeret vil vere sentrale tema for møtet.

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 08.30. Adresse: Glacisgata 1.

Møtedeltakarane vil vere tilgjengelege for presse etter møtet, om lag kl. 11.30. Oppmøte for pressefolk seinast kl. 11.00. Ta med gyldig pressekort og id.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Onsdag 6. februar
Om lag kl. 12.25: Statsministeren taler og deltek i feiringa av Samefolkets dag på eit arrangement i Oslo rådhus.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987, e-post tab@smk.dep.no.

Torsdag 7. februar
Kl. 16.00: Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt digitaliseringsutval, på Statsministerens kontor.

Fredag 8. februar
Kl. 13.15: Statsminister Erna Solberg og forsking- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø tek første spadetak for nytt livsvitskapsbygg på Universitet i Oslo. Adresse: Forskningsparken, Gaustadalléen 25.

Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Peder Weidemann Egseth, telefon 907 06 696, e-post pwe@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgiver Marita I. Wangberg, e-post miw@smk.dep.no, telefon 905 12 319.

Laurdag 9. og søndag 10. februar
Statsminister Erna Solberg besøkjer Etiopia i samband med toppmøtet til Den afrikanske union i Addis Abeba. Statsministeren er blant anna invitert til å delta på eit arrangement om helse i utviklingsland. Statsministeren vil også ha bilaterale samtalar med fleire afrikanske stats- og regjeringssjefar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458, e-post asa@smk.dep.no.