Historisk arkiv

Statsråd Dale møtte EU-kommissær Andriukaitis

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale i møte med EU sin kommissær for helse og mattryggleik Vytenis Andriukaitis. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har i dag møtt EU sin kommissær for helse og mattryggleik Vytenis Andriukaitis i Brüssel. På møtet stod internasjonale og nasjonale tiltak mot antibiotikaresistens sentralt. Dale ba og EU om å vurdere å mjuke opp det mangeårige forbodet mot bruk av fiskemjøl i fôr.

-Eg opplever at Andriukaitis har eit sterkt engasjement for tiltak mot antibiotikaresistens. Ettersom erfaringar fra Noreg viser at det kan vere mogeleg å kontrollere førekomsten av den antibiotikaresistente bakterien MRSA i svinehald, har eg invitert Andruikaitis til Noreg for å høyre meir om våre tiltak og erfaringar, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.