Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Statsråd Sanner inviterer til speed date om Noregs digitale framtid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunal- og moderniseringsminster Jan Tore Sanner har bede 14 aktørar frå næringslivet og offentleg sektor om å fortelja han kva som buttar på vegen mot det digitale Noreg.

Trude Andresen (KS) , Toril Nag (LyseTele) og Jens Haglum (finn.no)  er blant dei som svarer på spørsmålet ”Kva bør vere dei tre viktigaste prioriteringane i regjeringas nye IKT-politikk – Digitale agenda?”. Kvar deltakar har fått tre minutt til å svare. Deretter blir det debatt.

Produktivitetskommisjonen seier klart og tydeleg at vi må utnytte det potensial som ligg i bruk av IKT i offentleg sektor. Spørsmålet er korleis.

Marianne Andreassen frå Produktivitetskommisjonen og professor Tor W. Andreassen ved Noregs handelshøgskule innleier om disse tema.

Dato: Tysdag 17. mars
Kl: 10:00-14:00 
Sted: Stratos, Youngstorget 2A

Sjå heile program og alle paneldeltakarane

Pressekontakt: kommunikasjonsrådgivar Helene Mo, 934 344 89

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.