Historisk arkiv

Stor økonomisk framgang for jordbruket i 2015

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Jordbruksinntektene auka med 13 prosent frå 2014 til 2015. Høgare prisar, auka produksjon og gode avlingar i store delar av landet gav auka inntekter for dei fleste jordbruksproduksjonane. Dei største produsentane hadde mest auke i inntekta.

Dette viser dei årlege driftsgranskingane utført av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Driftsgranskingane omfattar rekneskapstal frå 908 bruk fordelt over heile landet.

– Dette er svært gode tal, som igjen syner at jordbruket er i ei god utvikling. Og det stadfestar den gode inntektsutviklinga som låg til grunn for jordbruksavtala i mai. Rammevilkåra er så gode at både investeringsvilja og produksjonsvilja er høg. Det legg eit godt grunnlag for komande år, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.