Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om bevaringsverdige husdyrrasene

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes (SV) status på arbeidet med handlingsplan for å sikre dei bevaringsverdige husdyrrasane mm.

Spm nr 294 til skriftlig besvarelse fra stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes - Status på arbeidet med handlingsplan for å sikre de bevaringsverdige husdyrrasene mm

Eg viser til spørsmål nr 294 for skriftleg svar oversendt frå Stortingets presidentskap. Spørsmålet var reist i brev av 17. november 2017 frå stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes. Spørsmålet og grunngjevinga er som følgjer:

"Hvor langt har statsråden kommet med å lage egen handlingsplan for å sikre de bevaringsverdige husdyrrasene og gi næringsaktører som satser på disse rasene, både forutsigbarhet og mulighet for lønnsom drift?"

Vi har ein handlingsplan for bevaringsverdige rasar, og vi har hatt rullerande handlingsplanar for bevaringsverdige husdyrrasar sidan 2008. I Norsk genressurssenter sin Handlingsplan for bevaringsverdige husdyrraser 2016 – 2019 er det laga mål og tiltak for å sikra bevaring og berekraftig bruk av dei nasjonale husdyrrasane. Departementet har gitt Norsk genressurssenter ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) i oppdrag å overvake og gje faglege råd om bevaring og berekraftig bruk av dei bevaringsverdige husdyra våre og dei samarbeider med bønder, aktuelle institusjonar og avlslag for kvar enkelt rase om å sikre populasjonane. Rullerande nasjonale handlingsplaner og statusrapporter som er utarbeida i samarbeid med andre land gjennom europeisk nettverk og FNs organisasjon for mat og jordbruk (FAO) er viktig for å målretta arbeidet. Arbeidet bidreg òg til fleire av FNs berekraftmål.

I grunngjevinga til spørsmålet er det teikna eit negativt bilete av situasjonen for dei omtalte husdyrrasane som eg meiner at det ikkje er grunnlag for. Vi har auka budsjetta og justert på ordningane og det ser vi resultat av. I jordbruksoppgjeret 2015 slo vi saman tilskot til bevaringsverdige husdyr på nasjonalt og regionalt nivå. Partane var samde om å utvide den nasjonale tilskotsordninga for bevaringsverdige storferaser til også å omfatte småfe og hest. Dette vart satt i verk frå søknadsåret i 2016 med fyrste utbetaling i 2017. I den felles nasjonale ordninga for bevaringsverdige husdyrraser gis det tilskot til eit større tal dyr enn tidlegare. Samstundes vart vilkår for å få tilskot til mjølkeku eller ammeku av bevaringsverdig storfe endra, slik at kravet om kalving innan dei siste 15 månadane blei auka til 18 månadar. Dette fordi det av biologiske årsakar kan være naudsynt med fleire insemineringar før kyrne blir drektig. Det gis tilskot til mjølkeku, ammeku og okse som er registrert i Kuregisterert til Norsk Genressurssenter, av rasane sidet trønder- og nordlandsfe, østlandsk rødkolle, dølafe, vestlandsk raudkolle, vestlandsk fjordfe eller telemarkfe.

For småfe gis det tilskot til sau fødd føregåande år eller tidligare av rasane blæset, dala, fuglestadbrogete, gammelnorsk spæl, grå trønder, rygja og steigar, dersom sauen er registrert med låst rasekode i sauekontrollen. Kravet om registrering forventast å gje ein betre oversikt over bestandstala, noko som er viktig for bevaringsarbeidet. Det gis tilskot til ammegeit over 1 år av rasen kystgeit dersom individet er registrert med låst rasekode i Ammegeitkontrollen. For hest gis det tilskot til unghest av rasane dølahest, fjordhest, nordlandshest/lyngshest, dersom dyret er stambokført. Frå 2016 –2018 auka vi budsjettet for ordninga frå 6 til 14 millionar kroner.

Ein viktig føresetnad for å sikre dei bevaringsverdige husdyrrasane er gode avlsråd og meir kunnskap om rasane. Over ordninga for Tilskott til genressurstiltak gjev Landbruksdirektoratet årleg støtte til avlstiltak og kunnskapsutvikling om rasane.

Eg er svært nøgd med at talet på avlsdyr innan trua husdyrrasar av storfe, sau, geit og hest i Noreg har auka alle dei siste 3 åra. Dei seks bevaringsverdige kurasane telemarksfe, sida trønderfe og nordlandsfe (STN), vestlandsk fjordfe, østlandsk raudkolle, vestlandsk raudkolle og dølafe har no fleire avlsdyr enn i 1990 da registreringane tok til. Både østlandsk raudkolle og telemarksfe er no ikkje lenger kritisk trua, som dei var for berre få år sidan.

På 1990 talet fanst det berre få rester av gammelnorsk spælsau som er etterkommer etter den gammelnorske sauen som har god ullkvalitet med stort fargemangfald. I dag er det 3000 vinterfora søyer og rasen er ikkje lenger rekna som trua.

Eg meiner at aktive raselag og fleire produsentar som satsar på spesialproduksjon av ull og kjøt har vore viktig for ei jamn auke i talet på dyr. Dei gamle norske husdyrrasane er etterspurde både av bønder og forbrukarar. Dei er vakre å sjå i landskapet, dei er gode landskapspleiarar og dei gir god mat. Fleire matekspertar skildrar kjøt av urfe som finfibra og mildt, men likevel med fyldig smak.

Eg fylgjer opp arbeidet med bevaringsverdige husdyrrasar og vil halde Stortinget orientert om utviklinga i arbeidet på høveleg måte.

Med helsing

Jon Georg Dale