Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om endring i forskrift om midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Steinar Reiten (KrF) om endring av §3 i forskrift om midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket.

Svar på spørsmål nr 1065 Om endring av §3 i forskrift om midler til investering og bedriftsutvikling i landbruket

Eg viser til følgjande spørsmål frå stortingsrepresentant Steinar Reiten av 1.mars:

Vil statsråden ta initiativ til å endre § 3 siste ledd i "Forskrift om midler til investering og bedriftsutvikling i landbruket", slik at tiltakshaver får mulighet til å få dekket utgifter til kostnadsbesparende tiltak før søknad om tilskudd er avgjort?

"Forskrift om midler til investering og bedriftsutvikling" vart revidert i 2014. I revisjonen vart føresegna om at det ikkje kan løyvast tilskot til tiltak skjerpa frå ei skjønnsmessig vurdering til at støtte ikkje skal gis dersom tiltak er byrja på. Bakgrunnen for denne innskjerpinga var å unngå ulik praktisering av føresegna i ulike delar av landet.

Det er vidare ein grunnleggjande føresetnad for løyving av midlar at tilskotet må vere utløysande for realiseringa av eit prosjekt.

Eg meiner at eventuelle utfordringar knytt til føresegna må løysast med utgangspunkt i korleis sjølve forvaltninga går føre seg, der det er mogleg å sjå på søknadsfristar, sakshandsamingstid m.m. Det vil vere lite heldig å ta inn att ei skjønnsmessig føresegn i forskrifta som ikkje fremjar likehandsaming, og som vil stå i motsetnad til føresetnaden om at tilskotet skal vere utløysande for realiseringa av prosjektet.

Eg minnar om at departementet tidlegare har presisert at mindre arbeid knytt til planlegging og tilrettelegging i forkant av ein ev. prosjektstart som rydding av tomt etc., ikkje bør definerast som eit tiltak som er byrja på.

Med helsing

Jon Georg Dale