Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om GMO-fri soya

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Steinar Reiten (KrF) om tilgang på GMO-fri soya.

Skriftleg svar på spørsmål nr. 1605 frå stortingsrepresentant Steinar Reiten om tilgang på GMO-fri soya

Eg syner til skriftleg spørsmål nr. 1605 frå stortingsrepresentant Steinar Reiten 11. mai. Reiten stilte følgjande spørsmål:

Har statsråden, gitt den forverrede situasjonen i handelsforbindelsene mellom USA og Kina, en strategi for hvordan norske produsenter av kraftfor kan sikres fortsatt tilgang på rimelig soya som ikke er genmodifisert i årene som kommer?

Norsk landbruk er avhengig av soya som proteinkjelde i kraftfôret til husdyra. Soyaen utgjer om lag 10 prosent av innhaldet i norsk kraftfôr. Soyaen som blir importert er GMO-fri og kjem i hovudsak frå Brasil og Canada.

Det er for tida ein tilspissa situasjon i handelen mellom USA og Kina. Norske styremakter følger med på situasjonen. For den norske importen av GMO-fri soya til landbruket meiner eg det ikkje er grunn til uro som følgje av den aktuelle situasjonen. Den norske importen utgjer ein liten del av verdas produksjon av GMO-fri soya og Kina importerer GMO-soya.

Uavhengig av den aktuelle handelspolitiske situasjonen vil det vera svingningar i prisane på verdsmarknaden. Dette gjeld òg for soya. På lengre sikt vil bl.a. klimaendringar kunne føre til

både auka prisnivå og større prisrisiko. Landbruks- og matdepartementet vil ha auka merksemd på desse forholda framover.

Med helsing

Jon Georg Dale