Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om likeverdig landbruksrådgivning i heile landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Cecilie Myrseth (A) om korleis statsråden vil sikre at Troms og Finnmark får ei likeverdig landbruksrådgjevning som resten av landet.

Spørsmål nr. 295 frå stortingsrepresentant Cecilie Myrseth for skriftleg svar

Eg viser til brev av 17. november 2017 der spørsmål frå representanten Cecilie Myrseth er sendt til meg for skriftleg svar. Spørsmålet lyder:

"Hvordan vil statsråden sikre at Troms og Finnmark får en likeverdig landbruksrådgivning som resten av landet etter at Norsk Landbruksrådgivning nå har sagt opp avtalen med Landbruk Nord, og hva er hans vurdering av fornuften i den nedbygging av Landbruk Nord som følger av at avtalen sies opp?"

Norsk Landbruksrådgjeving (NLR) har ei sentral rolle når det gjeld å drive fagleg utvikling og uavhengig rådgjeving i landbruket. NLR har regionale einingar i heile landet. NLR er eit fagleg bindeledd mellom landbruksforskinga og landbruket, og den verksemda NLR driv er viktig for å vidareutvikle god agronomi og auke kompetansen i næringa. Over jordbruksavtala blei det for 2017 avsett 84,5 mill. kroner til NLR, og for 2018 er det avsett 88,5 mill. kroner.

Som representanten påpeikar, fekk Landbruks- og matdepartementet 17. oktober 2017 eit brev frå Landbruk Nord der det mellom anna blir vist til at Landbruk Nord har blitt sagt opp som medlem i NLR frå 01.01.2018, og at Landbruk Nord difor ikkje lenger vil få utbetalt midlar frå NLR. Desse midlane er mellom anna finansiert over jordbruksavtala. Landbruk Nord meiner oppseiinga av Landbruk Nord som medlem i NLR er i strid med føresetnadene for midlane NLR får tildelt over jordbruksavtala, og Landbruk Nord ber difor om å få utbetalt ein rimeleg del av dei midlane over jordbruksavtala som NLR disponerer, direkte frå staten.

Landbruksdirektoratet forvaltar tilskottet til Norsk Landbruksrådgiving, og Landbruks- og matdepartementet sendte difor over førespurnaden frå Landbruk Nord til Landbruksdirektoratet 1. november 2017. Landbruksdirektoratet svarte på førespurnaden 14. november 2017.

Landbruksdirektoratet skriv i sitt svar til Landbruk Nord at partane i jordbruksoppgjeret sett av tilskottsmidlar til rådgjeving over Jordbruksavtala. Desse midlane er sett av direkte til NLR, og det er difor NLR som er tilskottssubjektet, ikkje dei einskilde regionale einingane. Landbruk Nord har difor ikkje krav på ein bestemt del av tilskottsmidlane

Slik Landbruksdirektoratet understrekar i sitt svar til Landbruk Nord, er NLR eit sjølvstendig rettssubjekt som ikkje er ein del av den ordinære landbruksforvaltinga. Korkje Landbruks- og matdepartementet eller Landbruksdirektoratet har nokon alminneleg instruksjonsmyndigheit overfor NLR, og kan ikkje gjere om eller setje til side vedtak fatta av styret i NLR.

Som landbruks- og matminister er eg sjølvsagt oppteken av at det skal vere eit godt rådgjevingstilbod for bønder i heile Noreg. I Prop. 1 S (2017-2018) står det tydeleg at formålet med tilskottet til rådgjeving er å bidra til å byggje opp kunnskap hos bøndene ved å leggje eit økonomisk grunnlag for drift i dei regionale rådgjevingseinigane hos NLR, og at løyvinga skal vere med på å sikre eit likeverdig rådgjevingstilbod i heile landet. Som forvaltar av tilskottet har Landbruksdirektoratet ansvar for at dette blir følgt opp. Landbruksdirektoratet skriv i sitt svar til Landbruk Nord at dei vil følgje saka opp overfor NLR. Dette vil mellom anna skje gjennom eit kontaktmøte mellom direktoratet og NLR 24.11., der denne konkrete saka blir eit viktig tema.

Eg legg etter dette til grunn at det blir funne ei løysing som sikrar at bøndene i Troms og Finnmark òg framover får eit godt rådgjevingstilbod, i tråd med føresetnadane for løyvinga.

Med helsing

Jon Georg Dale