Historisk arkiv

Svar på skriftleg spørsmål om tiltak for bønder med store avlingsskader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Sandra Borch (Sp) om kva tiltak som vil bli iverksett for å ivareta bønder med store avlingsskader, og påfølgjande økonomiske tap, i spesielt vanskelege år.

Spm nr. 129 til skriftlig svar frå stortingsrepresentant Sandra Borch 

Eg viser til spørsmål nr. 129 til skriftleg svar frå stortingsrepresentanten Sandra Borch til landbruks- og matministeren:

Kan statsråden redegjøre for hvilke tiltak som iverksettes for å ivareta bønder med store avlingsskader, og påfølgende økonomiske tap, i spesielt vanskelige år?

Over jordbruksavtala er det framleis ei særskilt ordning som gir bøndene økonomisk kompensasjon for klimarelaterte avlingsskader i planteproduksjon. Løyvinga er i budsjettet for 2017 på 43 mill. kroner. Både på deler av Vestlandet og i Nord-Noreg har det i år vore krevjande dyrkings- og haustingsforhold og det er dessverre ein god del avlingsskader. Føremålet med denne ordninga er ikkje å gi full økonomisk kompensasjon for heile tapet, men å hjelpe dei skadelidte gjennom ein vanskeleg økonomisk situasjon. Det blir derfor gitt kompensasjon for avlingstap opp til 70 pst. av avlinga i eit normalår.

Ordninga med tilskott til reparasjon av vinterskadd eng er ei anna ordning. Denne ordninga blei avvikla i jordbruksoppgjeret 2015, som ein del av jordbruksavtala mellom staten og Norges Bondelag det året. Avviklinga blei gjort mellom anna som ein del av arbeidet med å forenkle verkemidla over jordbruksavtala. Andre moment som avtalepartane la vekt på var at reparasjon av vinterskadd eng uansett vil være i bonden si interesse for å sikre naudsynt fôr til komande vinter, samstundes med at ny teknologi har redusert kostnadane til reparasjon. Ordninga med tilskott til reparasjon av vinterskadd eng kravde òg store forvaltnings- og kontrollressursar samanlikna med størrelsen på tilskottet.

Partane i jordbruksoppgjeret var derfor einige om å avvikle ordninga, samstundes som arealtilskott grovfôr i sone 6 (Nordland og store deler av Troms) blei auka med 4 kroner per dekar. Dette vart gjort for å kompensere for bortfall av tilskott til reparasjon av vinterskadd eng i denne landsdelen. Frå før har jordbruket i dei nordlege fylka høgare satsar innafor fleire tilskott for å kompensere for vanskelege klimatiske høve.

Med helsing

Jon Georg Dale