Historisk arkiv

Svar på spørsmål nr. 2387 frå stortingsrepresentant Sigbjørn Gjelsvik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Eg viser til brev av 1. oktober 2018 frå Stortingets president vedlagd følgjande spørsmål frå stortingsrepresentant Sigbjørn Gjelsvik til skriftleg svar:

"Romerikes Blad melder 24. september at narkotikaen fløymer inn i Noreg gjennom postsendingar som går m.a. via Oslo lufthamn Gardermoen. Det vert også meldt at ulike våpen som knivar og "valdsprodukt" vert smugla inn i landet i stor skala. Tala frå Kripos viser ein eksplosiv auke i narkotikasalet over Internett i den sitjande statsråden sin periode (2013–2018). Kva har statsråden gjort for å få bukt med problemet, meiner ho at ho har gjort nok, og kva vil ho gjere frametter?"

Svar:
Eg vil fyrst peike på at Tolletaten i sin kontroll av den grensekryssande vareførselen prioriterer kampen mot den organiserte og profesjonelle smuglinga høgt. Etaten prioriterer å hindre ulovleg inn- og utførsel av varer som er i strid med forbod eller restriksjonar, ikkje minst i samanheng med brot på regelverk som regulerer helse, miljø og tryggleik. I denne samanhengen arbeider Tolletaten jamt med å forbetre oppgåveløysinga si, men etaten kan ikkje kontrollere alle varer som kryssar grensa. Etaten må gjere sine kontrollar etter risiko- og vesentlegheit, bygde på etterretning og analyse. Sjølv om etaten stoppar mykje av varene som er i strid med forbod eller restriksjonar, kan han ikkje stoppe alt. Skal etaten stoppe alt, vil det krevje heilt andre kontrollregime og ressurstilgangar enn dagens.

Representanten Gjelsvik meiner det har vore ein eksplosiv auke i narkotikasalet over internett i min periode. Eg har sjølvsagt ikkje kunne rå over utviklinga av internett dei siste åra som ein kanal for handel. Det regjeringa og eg har gjort i min periode, er å styrkje Tolletatens grensekontroll monaleg. Tolletaten visar til at det har vore ein jamn auke i sendingar av narkotika og våpen gjennom posten dei siste 10 åra, i takt med at internetthandel har vorte vanleg, og at det i denne samanheng er etablert kanalar for omsetjing av ulovleg og strengt regulerte varer som narkotika og våpen. Dette er ei stor utfordring i mange land, ikkje berre i Noreg. Også Tolletaten har merka seg denne utviklinga og arbeider aktivt med ho. I statsbudsjettet for 2016 styrkte regjeringa Tolletaten gjennom tre satsingsområde: elektronisk nærvær ved alle landevegs grenseovergangar, auka bemanning og styrkt etterretnings- og analysekapasitet. Etaten fekk òg nytt kontrollutstyr, avanserte skannarar og elektroniske sniffarar (kan lukte ulovlege stoff). Dette er den største satsinga på Tolletatens grensekontroll i nyare tid, og eit viktig bidrag i kampen mot problemet som representanten peikar på.

Denne satsinga ser vi no resultata av. I Tolletatens årsrapport for 2017 vart det rapportert at etaten aldri før hadde gjort så mange beslag, og etaten hadde heller aldri gjort så mange beslag av narkotika og våpen som i 2017. Nesten halvparten av narkotikabeslaga i 2017 vart gjort i postsendingar, og mange av desse besto av mindre mengder narkotika og syntetiske narkotiske stoff. Dei fleste beslag av "valdsprodukt" som knivar og slagvåpen, er òg gjorde i postkontroll. Tolletaten har sett inn større ressursar i kontrollen av postsendingar, adresserte til forbrukarar i Noreg. Kontrollnivået til etaten må samstundes verte avvege mot alle andre oppgåver etaten har, basert på risiko og vesentlegheit.

Som nemnd arbeider Tolletaten jamt med å forbetre oppgåveløysinga si. I den samanhengen arbeider etaten med å utvikle ei meir kunnskapsstyrt og målretta kontroll, både gjennom etterretningssenteret sitt og utvikling av systemstønad. Etaten har òg gjort ein teknologisk moglegheitsstudie som har identifisert at det kan vere mogleg å nytte maskinlæring, sensorteknologi og meir automatiserte kontrollprosessar for kontroll av mellom anna postsendingar. Etaten utforskar no desse moglegheitene. Vidare vurderer Tolletaten å gjere årlege referansekontrollar av post for å analysere om trendane endrar seg, og for å vurdere om evna til å avdekkje smugling har vorte betre.

Eg er nøgd med at Tolletaten laupande arbeider med å betre oppgåveløysinga si. Eg er òg nøgd med den store satsinga regjeringa har fått gjennomført. Tolletaten har betre kontroll på vareførselen no enn tidlegere. Likevel vil eg fortsetje arbeidet for ein endå betre tollkontroll. Dette gjer regjeringa mellom anna ved å styrkje etaten med ei løyving til eit prosjekt for mellom anna ny og betre systemstønad til Tolletatens kontrollprosessar. Regjeringa har i Tolletatens budsjett for 2019 sett av 50 mill. kroner til dette prosjektet. Prosjektet vil mellom anna bidra til å gjere Tolletatens kontrollar meir treffsikre og styrkje kampen på Tolletatens område mot kriminalitet, under dette i samband med narkotika og våpen. Prosjektet er planlagt gjennomført i perioden 2019 til 2022 med ei samla kostnadsramme for prosjektet på 520 mill. kroner. Tolletaten reknar med å sjølv kunne dekkje 75 mill. kroner av desse kostnadene med gjeldande løyvingsnivå.

Eg har tillit til at Tolletaten innafor dei ressursane Stortinget tildeler etaten, gjer val og prioriteringar som fører til ein best mogleg kontroll av vareførselen over Noregs grenser.

Med helsing

Siv Jensen