Historisk arkiv

Svar på spørsmål om ei Tisa-avtale og privatisering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Skriftlig spørsmål nr. 475 (2014-2015)

Utanriksminister Børge Brende har svart på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om det er klausular i ei Tisa-avtale som vil stå i vegen for at eit fylke vil kunne drive kollektivtrafikk i offentleg eigarregi etter at ei slik teneste eventuelt har vore konkurranseutsett.

Skriftlig spørsmål nr. 475 (2014-2015).
Datert 20.01.2015

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp) til utanriksministeren:
Dersom eit fylke finn det mest framtidsretta å drive kollektivtrafikk i offentlig eigarregi, etter att denne tenesta ein periode har vore konkurranseutsett, med kva for klausular vil Tisa-avtala kunne sikre retten til eit slikt grep, og er det eventuelt andre klausular, som den sokalla ratchet-klausulen, som vil påverke eit slikt tilfelle?

Grunngjeving: Regjeringa er no på andre året i forhandlingar om Tisa-avtala, ei internasjonal avtale for handel med tenester. Mellom anna har Public Services International og International Trade Union Confederation, som representerer mange titals millionar arbeidstakarar verda over, uttrykt sterk uro over effekten Tisa-avtala kan få over det vi kallar offentlege tenester. Her i landet er Fagforbundet mellom dei som åtvarar sterkt mot konsekvensane av Tisa-avtala.

Avisa Nordlys skriv fredag 16. januar om uro i Troms omkring framtidas busstilbod i fylket, grunna forhandlingane om Tisa-avtala. Nordlys påpeikar at EØS-reglane i dag opnar for at kommunar og fylket sjølve kan drifte og eige kollektivtilbod, men at Tisa-regelverket vil innebere at ein kvar privatisering av offentlege tilbod blir umulig å reversere.

Ingrid Marie Kielland, kommunestyrerepresentant i Tromsø, konkluderer med at det hastar med å få på plass eit offentleg busselskap, fordi ein ikkje kan snu og lage eit offentleg tilbod etter at Tisa-avtala trer i kraft.

Utanriksministerens svar:
Det er ingen klausul i Tisa som vil stå i vegen for at eit fylke vil kunne sikre busstilbodet og drive kollektivtrafikk i offentleg eigarregi etter at ei slik teneste har vore konkurranseutsett.

Det viktigaste føremålet med Tisa er å pålegge fleire land ei plikt til å sikre ikkje-diskriminerande marknadstilgang for utanlandske tenester. Føremålet er å gjere desse grunnprinsippa gjeldande for tenester som det finst ein marknad for, og som det i stadig større grad vert handla med på tvers av landegrensene. Noreg har ei lang rekke bindingar med grunnlag i WTO-avtala om handel med tenester. Det er ønskjeleg at Tisa-forhandlingane fører til at andre Tisa-land kjem nærmare det norske bindingsnivået, som er høgt når det gjeld tenester som det vert handla med. Lykkast det, vil Tisa sikre tilgangen norske tenester har til andre marknader på like vilkår som konkurrentar frå andre land. Dette gjeld til dømes viktige tenester som skipsfart, som aleine har 97,5 milliardar kroner i inntekt frå utemarknader, eller mobiltelefoni, ein sektor som omset for om lag 70 milliardar kroner på utemarknader. Klare og avtalefesta spelereglar vil vere særs viktig for alle dei små og mellomstore tenesteverksemdene innan til dømes ingeniørtenester som finst i sektorar som energi og maritim, med samla inntening på fleire titals milliardar kroner.  

Plikta til ikkje-diskriminerande marknadstilgang gjeld berre for dei tenestene eit land skriv inn i ei bindingsliste og med dei unntaka som er skrivne inn. Når det gjeld kollektivtransport, har Noreg ikkje skrive det inn i tilbodet og vi har ikkje merka noka stor interesse for dette emnet i forhandlingane så langt. Som i WTO-avtala, har Noreg berre skrive inn plikt til å tillate selskap som driv grensekryssande kollektivtransport å kunne drive slik verksemd i/frå Noreg, under føresetnad av ei økonomisk nyttevurdering og konsesjon.

Sidan det er fastsett i Tisa at alle diskriminerande tiltak må skrivast inn i bindingslista for å kunne halde fram, såkalla negativ liste, var det naudsynt å skrive eit unntak i Noregs opningstilbod for vegtransport, som kollektivtransport er ein del av. Dette unntaket er skrive inn slik at det òg er unntak frå den såkalla ratchet-klausulen. Ratchet – eller skralle på norsk – er nytt med Tisa, men gjeld berre for tiltak som diskriminerer utanlandske tenester. Med unntak frå skralle på denne sektoren er det mogleg å stå fritt i framtida til å gjere tiltaka meir eller mindre diskriminerande.

Skralle-mekanismen påverkar ikkje privatisering eller konkurranseutsetting eller ei tilbakeføring til offentleg drift. Det er ikkje rett at Noreg gjennom Tisa bind seg til at all framtidig regulering berre kan verte meir liberaliserande. På same vis som med WTO-avtala, vil ikkje Tisa pålegge nye plikter for norske styremakter til å konkurranseutsette offentlege tenester.