Historisk arkiv

Svar på spørsmål om overgrep i Tsjetsjenia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide sitt svar på eit spørsmål frå Liv Signe Navarsete (Sp) om korleis Noreg vil ta opp med Russland dei omfattande overgrepa mot homofile, lesbiske og bifile som er dokumentert i Tsjetsjenia.

Skriftlig spørsmål nr. 935 (2018-2019).
Datert 11.02.2019

Frå representanten Liv Signe Navarsete (Sp) til utanriksministeren:
Kvifor har ikkje regjeringa gjort noko med dei urovekkande funna i OSSE-rapporten som visar omfattande overgrep mot homofile, lesbiske og bifile i Tsjetsjenia, og korleis vil Noreg ta saka opp med Russland, for å få slutt på overgrepa?

Svar frå utanriksministeren:
Situasjonen for LHBT-personar i Russland gjev grunn til uro, og ambassaden vår i Moskva og Utanriksdepartementet her heime følgjer utviklinga nøye. Vi har tett kontakt med aktørar og organisasjonar som arbeider aktivt for dei som er råka. Truverdige rapportar om ei ny bølgje av forfølging og arrestasjonar av LHBT-personar i Tsjetsjenia er svært urovekkjande.  

Det er feil når representanten Navarsete i spørsmålet hevder at Noreg ikkje har gjort noko med funna i OSSE-rapporten. Etter at dei første rapportane om trugsmål mot LHBT-personar i Tsjetsjenia kom i januar 2017, har regjeringa teke opp desse hendingane med russiske styresmakter, både bilateralt og i multilaterale organisasjonar som OSSE, Europarådet og FN.  

Bakgrunnen for rapporten representanten Navarsete viser til var nettopp at Noreg i november 2018 deltok i å aktivere OSSE sin såkalla Moskva-mekanisme. Iverksetjinga innebar at det vart gjennomført ei ekspertgransking av dei rapporterte brota på menneskerettane i Tsjetsjenia frå 2017. Russland valde å ikkje samarbeide om granskinga. Rapporten vart offentleggjord i Det faste rådet til OSSE 20. desember, og stadfesta grove brot på menneskerettane mot LHBT-personar, menneskerettsaktivistar, uavhengige journalistar og advokatar i Tsjetsjenia.    

Rapporten gav konkrete tilrådingar. Han oppmoda russiske styresmakter til å etterforske hendingane grundig og stille dei skuldige til ansvar. Føderale russiske styresmakter har ansvar for å sørgje for at russisk lov og den internasjonale forpliktinga til landet vert etterlevd i alle delar av Russland, medrekna Tsjetsjenia.

I desember møtte statssekretær Halvorsen det russiske LHBT-nettverket og leiaren deira, Igor Kotsjetkov, for å høyre korleis dei vurderer situasjonen og om effekten av tiltak som Moskva-mekanismen. Dei var tydelege på at politiske fråsegner og felles initiativ frå multilaterale organisasjonar i dette tilfellet nyttar og er naudsynte for å avhjelpe situasjonen. 

Noreg slutta seg til EUs innlegg i Det faste rådet til OSSE 17. januar i år. I innlegget vert Russland innstendig bedd om å etterforske dei nye brota på menneskerettane og følgje dei tilrådingane som er gjevne i rapporten frå Moskva-mekanismen om ei effektiv, transparent og uhilda etterforsking av hendingane. Noreg stilte seg òg bak innlegget til EU i Europarådets ministerkomité 30. januar, og tok sjølv ordet og understreka behovet for ei effektiv, upartisk og transparent etterforsking av tilhøva. Regjeringa har òg uttalt seg offentleg og bedd om at sakene vert etterforska. Det vert kontinuerleg vurdert korleis tilrådingane i rapporten kan takast vidare med russiske styresmakter.  

Noreg vil framleis uttrykkje vår uro overfor russiske styresmakter, både gjennom bilaterale og multilaterale kanalar, inntil dei russiske styresmaktene set i verk dei tiltaka som er naudsynte for å følgje opp menneskerettsforpliktingane sine.