Historisk arkiv

Tale av samferdselsminister Jon Georg Dale: Opning av Hålogalandsbrua

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Tale av samferdselsminister Jon Georg Dale i samband med opninga av Hålogalandsbrua i Narvik, Nordland 9. desember 2018.

(Må sjekkast mot framføring)

Kjære alle saman!

  • Gratulerer med dagen!

  • Det er alltid herleg å opne nye vegar og bruer. Men det er ekstra spesielt å opne Europas sjette lengste hengebru.

  • Aller først vil eg nytte høve til å takke førre talar, regionvegsjef Torbjørn Naimak, av etter imponerande 44 år i Statens vegvesen. Dei siste 15 åra som regionvegsjef. Du er ein som kjenner alle krikar og krokar til kvart einaste prosjekt. Det som imponerer meg mest, er det brennande engasjementet du fortsatt har for faget! Du er til inspirasjon for mange! Takk for det du har gjort for norske vegar.

  • I dag er det likevel brua framfør oss som er i fokus. For det er ikkje ofte vi får høve til å opne eit slikt storslått prosjekt. Det viktigaste: 15-20 minutt kortare reiseveg. Det vil de definitivt merke.

  • Eg er sjølv vaksen opp i ein fjordarm og veit korleis det er å køyre heilt inn i fjorden for å kome rundt. Det er tidkrevjande og her er det òg rasfarleg.

  • Hålogalandsbrua vil de alle nyte godt av, anten de skal på jobb, skule eller fritidsaktivitetar. Vegen til Bjerkvik, Evenes Lufthavn, Lofoten, Tromsø og resten av Nord-Norge blir no kortare og sikrare. Den knyter heile Nord-Norge saman!

  • Dette kjem sjølvsagt òg lastebilnæringa til gode. Narvik og Ofotbanen er eit knytepunkt for varer som skal vidare til butikkar og bedrifter nordover. Det er ikkje få lastebilar som køyrar ut frå Narvik når godstoga kjem.

  • Turen nordover får no ein god start med brua. Det er bare til å kike bort på Rombaksbrua å vite at ein ikkje treng å køyre heilt inn dit lenger. Men for all det, ikkje kik så det blir trafikkfarleg.

  • Noreg treng gode vegar for å skape levande bu- og arbeidsmarknader. Vi er ikkje opptatt av å bygge mest mulig veg, men å løyse nokon grunnleggande oppgåver: Eit godt næringsliv i heile landet og gode og trygge reisekvardagar for folk flest.

  • Med eit godt næringsliv vil folk ha arbeid å gå til der dei bur. I den samband er vi avhengig av at lastebilen kjem seg over fjell og gjennom dal. Og over fjord. Viss ikkje, stoppar Noreg opp.

  • Eg trur Hålogalandsbrua vil få nokon ringverknader vi ikkje har klart å måle enno. Som med Eiksundsambandet i mine heimtrakter: Plutselig skulle alle over, eller rettare sagt under, fjorden. Folk kunne bu på øyene og jobbe på fastlandet og omvendt. Slike synergiar trur eg vi kjem til å sjå også i denne regionen. Ja, heile Nord-Norge.

  • Derfor ønsker eg å takke alle dei involverte for arbeidet dei har gjort. Det er eit mektig byggverk og eit imponerande monument. Eg trur ingen her i dag tvilar på at det er tøft og utfordrande å bygge ei slik bru. Det er også svært gledelig at ingen har blitt hardt skada i bygginga.

  • Det einaste som no står att, er å bruke brua. Eg trur ikkje det blir noko stor utfordring. Igjen: Gratulerer med brua. Takk for meg.

Sjå video av opninga her.