Historisk arkiv

Utval for å verne barn mot skadeleg medieinnhald

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa har sett ned eit tverrfagleg utval som skal sjå på korleis barn kan vernast mot skadeleg medieinnhald. Utvalet skal leiast av advokat Jon Wessel-Aas.

I dag veks norske barn og unge opp i eit medielandskap som ser svært annleis ut enn for berre få år sidan. Tilbodet av audiovisuelt innhald har auka dramatisk, og den teknologiske utviklinga gjer at medieinnhald er tilgjengeleg nær sagt overalt.  

Utvalet skal skissere tiltak som kan verne barn mot skadeverknader av eksponering av innhald på elektroniske medium. Utvalet skal òg vurdere korleis barna sjølve produserer, publiserer og deler på nett.

Utvalet skal først og fremst vurdere førebyggjande tiltak som kan gjere barn tryggare og meir kompetente i møtet med digitale tenester.                                                                                                                        

Utvalet skal lage ein NOU som skal leverast til Kulturdepartementet innan 1. juli 2020.

Utvalet er tverrfagleg med kompetanse frå  jus, kriminologi, medievitskap, psykologi og pedagogikk. Advokat Jon Wessel-Aas, som er leiar av utvalet, har brei erfaring frå medierett, ytringsfridom, personvern og menneskerettar.

 

Med seg har han desse utvalsmedlemane:  

  • Barne- og ungdomspsykiater Melanie Ekholdt Huynh, Nesodden
  • Førsteamanuensis Daniel Schofield, Trondheim
  • Førsteamanuensis Ola Johan Settem, Finnøy
  • Professor Elisabeth Staksrud, Oslo
  • Politioverbetjent Anne Katrin Storsveen, Oslo
  • Postdoktor Thomas Wold, Bergen

Sjå vedlagte mandat for utvalet