Verdas skogdag
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 21.03.2018
I dag er verdas skogdag og den internasjonale markeringa løfter fram verdien av alle typer skog og tre.
Skognæringa er viktig for Noreg. Eit aktivt og lønsamt skogbruk og ein konkurransedyktig skogindustri betyr mykje for busetjing, sysselsetjing og næringsutvikling i store delar av landet.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale understrekar verdien av ein aktiv skogpolitikk der vi skal halde fram å byggje skogsveger og tømmerkaier.
– Dette gir vesentleg reduserte transportkostnadar og betre konkurranseevne i skog- og trenæringa. Det gir grunnlag for sysselsetjing og verdiskaping langs kysten og i distrikta, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.