Historisk arkiv

Julekalender: Vil utnytte restar frå avløpsvatn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Ei ny doktoravhandling frå Norsk Institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) ser på effektive metodar for å fjerne miljøgifter frå avløpsvatn, og korleis avløpsvatnet sine næringsstoff kan bli resirkulert.

Etter at vann er brukt i heimen, industri, landbruk eller næringsverksemd blir avløpsvatnet frakta vekk. Avløpsvatn inneheld gjerne næringsstoff som fosfor og nitrogen, men kan og innehalde miljøgifter som kan vere skadelege for oss og naturen. For å reingjere avløpsvatn har vi eigne reinseanlegg som reinsar vatnet slik at ein skal unngå miljøforureining og helsemessige problem. I dag vert det produsert biogass frå avløpsslam, men det er naudsynt å gjere denne prosessen enda meir effektiv. 

Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet har i år ein quiz med eit nytt spørsmål om landbruk- og matforsking frå 1. til 24. desember.
Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet har i år ein quiz med eit nytt spørsmål om landbruk- og matforsking frå 1. til 24. desember. Foto: Landbruks- og matdepartementet

– Norsk landbruk er avhengig av forsking og utvikling for å auke matproduksjonen, gje betre lønsemd til bonden og høg effektivitet over heile landet. Noreg har sterke forskingsmiljø som stadig gjev ny kunnskap og legg difor eit viktig grunnlag for å auke konkurransekrafta og handtere utfordringar i framtida, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Å separere næringsstoff frå avløpsvatnet for gjenbruk eller for å fjerne miljøskadelige materiale er nemleg ein komplisert og vanskeleg prosess. Verdas fosforreservar vil ifølgje prognosar forsvinne innan 30-50 år, og er difor ein truga ressurs. Dette vil vere utfordrande for den globale matproduksjonen, ettersom fosfor er kritisk for jordbruket. Det er difor særs viktig å finne metodar som gjer at vi kan resirkulere dei fosforressursane vi har.

Resultata frå doktorgraden viser at fosfor kan bli fjerna frå avfallsvatn ved hjelp av kalk, og at kalken med innhald av plantetilgjengeleg fosfor, kan bli brukt som biogjødsel. Avhandlinga gjev eit grunnlag til å utvikle eit effektivt separasjonssystem for å hindre utslepp og negative effektar av både næringsstoff og miljøgifter i elvar og innsjøar og til å utnytte fosforressursane på ein god måte.