Historisk arkiv

Rekruttering til fiskeri- og havbruksnæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen heldt innlegget under årsmøtet til opplæringskontoret i Sogn- og Fjordane den 6. april 2010.

Kjære alle saman,

Først av alt vil eg takke for ein hyggeleg invitasjon.

Eg er blitt beden om å snakke om rekruttering og regjeringas prosjekt Sett Sjøbein.

Ressursane i havet har gjennom generasjonar gitt håp og optimisme for framtida. Regjeringa har som mål at Noreg skal verte verdas fremste sjømatnasjon. Det set krav til at vi har kunnskap som ligg i front på område som berekraftig ressursforvaltning og havmiljø. Men det krev også at vi har god kunnskap om forbrukartrendar, kjøpskriterier, marknadsføring og omdømmebygging – og vert i stand til å utvikle produkt ut frå dette. 

Ei utfordring ligg i få kvalifiserte personar med god nok kunnskap til å gje kundane dei produkta dei krev. Tala så langt viser at stadig fleire ungdomar vel andre utdanningsvegar enn dei marine. Dette finn eg illevarslande i eit samfunn der forbrukarane set stadig større krav til maten dei et og til miljøet rundt.   

Den gongen eg skulle velje eit yrke, var fiskebåten eit naturleg val for meg. Allereie i folkeskolen fekk eg muligheit til å arbeide på båtane og fekk ei god kjensle med yrket før eg tok mitt val. Eg fekk mulegheit til å arbeide i ei næring eg fann både trygg og spennande og som eg aldri har angra på at eg valde. I dag er det annleis. Ungdom har liten muligheit til å verte kjent med båten før dei skal ta sitt val av utdanning. Eg er viss på at mange unge i dag vil ha like positive opplevingar som eg med å arbeide i marin sektor. Likevel er det tydeleg at mange unge menneske har ei anna oppfatning av ein av våre viktige næringsvegar. Vi ser ofte at det er lettare å få elevar til å velje ei utdanning der dei endar opp med eit sertifikat. Anna vidaregåande utdanning i fiskerifag ser ut til å ha fått rykte blant mange unge om å ha låg status.

Det er viktig at vi tar dei unge på alvor og finn ut kvar kommunikasjonen kan ha svikta. 
 

Soria Moria

I Soria Moria - erklæringa er det slege fast at regjeringa sitt mål er at Noreg skal bli ein av dei leiande, innovative, dynamiske og kunnskapsbaserte økonomiane i verda innan dei område der vi har fortrinn. Eit av områda regjeringa peikar ut er nettopp marin sektor, fordi vi der har både kompetanse og fortrinn.

Vidare viser Soria Moria - erklæringa til at:

Regjeringa vil leggje til rette for å få ungdom til å søkje fag innan fiskeri og havbruk.

Fiskeri- og kystdepartementet har tatt omsyn til dette og gitt bestemde mål og føringar for arbeidet med rekruttering. Nokre døme på dei er at

  • fiskeri- og havbruksnæringa skal verte ein sentral del av Noregs kunnskaps- og kompetanseøkonomi
  • fleire skal finne det attraktivt å arbeide i, og i samband med, marin sektor
  • næringa skal vere open også for dei utan formell fagkompetanse
  • alle som arbeider i næringa skal få tilbod om kompetansekurs og formalisering av kompetanse
  • næringa skal i større grad ønskje personar med formell fagkompetanse
  • næringa skal i større grad ta i bruk kvinners kompetanse

 

Starten – Sett Sjøbein

I mai 2006 oppretta Fiskeri- og kystdepartementet eit utval som mellom anna fekk i oppgåve å sjå på ulike ordningar som kunne gjere det enklare for ungdom å søkje ei utdanning innan faga fiskeri og havbruk. Gruppa la vekt på rekruttering til fiskerinæringa og til flåteleddet. Resultatet kom i rapporten Frå ungdom til fiskar, frå fiskar til fartøygeiar.

Fiskeri- og kystdepartementet sende rapporten til omlag 60organisasjonar, skular og andre, og vi fikk høyringssvar frå omlag 30 av dei. Summeringa av svara synte ei brei støtte til rapporten og alle var opptekne av å ha ei brei rekruttering. Fleire etterlyste noko nytt etter FINKO som hadde vorte lagt ned nokre år tidlegare. Rapporten, og svara frå høyringa av han, gav eit godt grunnlag for det vidare arbeidet i departementet med å finne fram til korleis ein kunne betre rekrutteringa til næringa.

Organisering -  Sett Sjøbein

Sett Sjøbein er eit treårig prosjekt som starta i 2008.  Budsjettramma er på til saman 10,8 mill kroner og det er tilsett to prosjektleiarar. Ei styringsgruppe gir føringar for prosjektet sine arbeidsoppgåver og det er  laga ein strategi- og handlingsplan. I styringsgruppa sit det representantar frå organisasjonane, fylkeskommunane, skulane og høgskular og universiteta. Og ikkje minst, opplæringskontora.

Vilje-con-valg

Det er spesielt eit av prosjekta Sett Sjøbein har delteke i og som eg vil nemne her i dag, og det er Vilje-con-valg. Prosjektet har kartlagt næringas omdømme blant ungdom.

Ansvarleg for prosjektet er Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo. Dei utvida sitt prosjektet om ungdoms val og bortval av realfag til også å gjelde ungdoms val og bortval av marine fag. Om lag 15 000 elevar og studentar har svara på undersøkinga. 

Resultata viste til dømes følgjande:

  • Kvar 4-5 elev som vart spurt sa at valet om ei marin utdanning var tilfeldig

Dette er eit godt resultat. Det tyder på at ungdom lar seg påverke når det gjelde val av utdanning.

  • Ungdom som vel marine utdanningar (vidaregåande) markerer seg på følgjande variablar:
  • grunnleggande interesse for havet,
  • Oppvekst med sjø og vant med båt
  • Erfaring med sommarjobb eller liknande i fiskerinæringa
  • Har familie eller kjente på sjøen eller i andre deler av næringa

Dei som vel fiske og fangst (og tidvis elevar i maritime fag) markerer seg på følgjande variablar:

  • Starte eigen bedrift/ verksemd
  • Jobbe i eigen bedrift/ verksemd
  • Få leiaransvar
  • Bestemme sjølve
  • Jobbe sjølvstendig
  • Arbeide med noko som gjer at dei kan reise mykje

Dei som vel akvakultur markerer seg på følgjande variablar:

  • Å få jobbe med dyr
  • Ta ansvar med omsyn til miljø og berekraft
  • Utvikle ny kunnskap
  • Forske

Kva som gjer at mange ungdomar vel bort ei marin utdanning og yrke:

  • Har ikkje god nok kunnskap om fagtilbodet og kva dei enkelte næringane har av arbeidsoppgåver
  • Veit ikkje kva for muligheiter som finst
  • Manglande informasjon 
  • Faga eller næringa har dårleg rykte eller dårleg image, og at næringa blir framstilt dårleg i media
  • Nokre seier at yrket har blitt stempla som gammaldags og skittent, kjedeleg, eller at det ikkje er populært nok

Det er mange fleire interessante problemstillingar som er tema i rapporten. Eg tilrår alle å lese han.

Likestilling

Tala frå skulane viser at ikkje mange jenter vel å ta ei utdanning i marine fag. Som eit tiltak har Sett Sjøbein oppretta eit stipend for alle jenter som gjer ferdig vg2 i fiske og fangst eller akvakultur. Stipendet er på kroner 5 000,-.

Gjennom åra har mange dyktige menneske starta eit arbeid i fiskeri- og havbruksnæringa. Mange av dei vel å ta ei utdanning seinare i livet eller dei ønskjer å ta meir utdanning. Sjølv tok eg Fiskerifagskulen i godt vaksen alder. Sett Sjøbein har som si oppgåve å arbeide med å gjere det enklare for alle å verte kjend med dei ulike tilboda om etterutdanning som finst. For tida startar arbeidet med å kartlegge kva som finst av mulegheiter for etter- og vidareutdanning i marin sektor.

Stiftinga norsk maritim kompetanse

Stiftinga norsk maritim kompetanse har gjennom si støtte til både maritim og marin sektor gjort ein stor innsats i å fremme rekrutteringa til næringa. Eg er glad for at stiftinga i 2007 senka krava slik at båtar ned til 15 meter kan få støtte til å ha lærlingar om bord. Som følgje av dette mottok fleire fiskebåtar støtte frå stiftinga våren 2008. Dette gir auka motivasjon til å ta imot fleire lærlingar.

I byrjinga hadde mange fiskebåtar problem med å få støtte. Eg og Fiskeri- og kystdepartementet har vore opptekne av problemet og vi hadde eit møte der opplæringskontoret i Sogn og Fjordane fekk møte både Stiftelsen norsk maritim kompetanse og Sjøfartsdirektoratet. Det vart klart at ulik tolking av korleis skjema skulle fyllast ut var årsak til avslaga. Som eit resultat av møtet laga Sjøfartsdirektoratet ei forklaring til korleis dei ulike spørsmåla skal tolkast og søknadene frå båtane vart behandla ein gong til – denne gongen fekk dei fleste eit anna resultat.  

Avslutning

Jamn og god rekruttering til næringa er avgjerande for at vi også i framtida skal ha ei fiskeri- og havbruksnæring. Her er tilgang på kunnskap og kompetanse kritiske nøkkelfaktorar for næringas konkurranseevne. I den samanhengen er det særskilt ein ting vi må tenkje på: Utdanning tar tid. Det betyr at  det er no vi må gjere dei endringane som framtida kjem til å trenge. Det er no vi må løyse dei problema som i dag legg hindringar for framtida.

Takk for meg.