Historisk arkiv

Styrkar kommunanes arbeid med integrering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Regjeringa foreslår å betale ut tilskotet for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar over tre år. I tillegg vil kommunane få utbetalt ei integreringstilskot på 574 300 kroner over fem år.

Regjeringa foreslår å betale ut tilskotet for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar over tre år. I tillegg vil kommunane få utbetalt ei integreringstilskot på 574 300 kroner over fem år. 

Sjølv om kommunane har plikt til å tilby norskopplæring i inntil fem år, viser det seg at dei fleste deltakarane gjennomfører opplæringa i løpet av dei tre første åra.

– Det er desse åra kommunane har dei største utgiftene, og det er derfor viktig at kommunane får utbetalt tilskotet i denne perioden, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

Regjeringa er opptatt av å sikre rask busetting av flyktningar i kommunane. Utfordringa er særlig stor når det gjeld busetting av einslige mindreårige flyktningar. For å gi kommunane gode økonomiske rammevilkår for arbeidet med busetting og integrering, foreslår Regjeringa å vidareføre styrkinga av integreringstilskotet frå revidert nasjonalbudsjett 2009. Dette gir kommunane eit tilskot på 574 300 kroner per vaksen person og 554 300 kroner per barn, fordelt over fem år.

I tillegg foreslår Regjeringa å vidareføre styrkinga av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) frå revidert nasjonalbudsjett 2009 med 10 millionar kroner i 2010. 

IMDi er ein sentral støttespelar for kommunane når det gjeld busetting og integrering av flyktningar. Kommunane gjer en stor innsats på dette området i år, og eg har stor tru på at dei vil halde fram med dette gode arbeidet også i 2010, seier arbeids- og inkluderingsministeren.