Historisk arkiv

Budsjett 2009:

Meir pengar til miljømerking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 1,5 millionar kroner ekstra til miljømerking neste år. Mange norske forbruksprodukt er allereie miljømerka, men det er ikkje alle som kjenner merka like godt. Pengane skal brukast til å styrkje innsatsen for å gjere miljømerka produkt meir tilgjengelege for norske forbrukarar.

- Bærekraftig utvikling er eit overordna mål for regjeringa. Miljø- og klimabelastninga frå forbruket i Noreg aukar, og vi må gjere det enklare for forbrukarane å ta miljøvennlege val i kvardagen, seier barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt

Regjeringa ønskjer å gjere det lettare for oss alle å handle miljøvennleg i kvardagen. Dei  offisielle miljømerka er viktige verkemidlar for å få til ei endring av forbruksmønsteret i miljøvennleg retning.    

Undersøkingar gjort for Miljøverndepartementet syner at 82 prosent av dei spurde ønskjer å bidra til eit meir bærekraftig forbruk ved å kjøpe klimamerka produkt.

For å styrke arbeidet med miljømerking av forbruksprodukt, foreslår regjeringa å løyve 1,5 millionar kroner ekstra til dette arbeidet.