Historisk arkiv

Finansmarknadsmeldinga 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

– Fleire tilhøve i norsk økonomi og den norske finanssektoren peikar no i riktig retning. Mellom anna har dei norske finansinstitusjonane ytterlegare styrkt soliditeten i 2010. På den andre sida utgjer den kortsiktige marknadsfinansieringa framleis ein nokså stor del av marknadsfinansieringa til bankane, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

Finansdepartementet legg i dag fram ei melding om utviklinga på, og reguleringa av, finansmarknaden i 2010. - Den frå før høge gjeldsbelastninga i hushalda ser ut til å auka i åra framover. Det gjer norsk økonomi sårbar for nye forstyrringar. Eg vil særleg trekkja fram risikoen for at uroa knytt til store budsjettunderskot og høg statsgjeld i fleire europeiske land skal spreia seg ytterlegare, noko som kan gje nye tap i europeiske finansinstitusjonar, auka risikopåslag i kredittmarknadene og svekka kredittilbod til hushald og føretak, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

Finansmarknadsmeldinga 2010– Fleire tilhøve i norsk økonomi og den norske finanssektoren peikar no i riktig retning. Mellom anna har dei norske finansinstitusjonane ytterlegare styrkt soliditeten i 2010. På den andre sida utgjer den kortsiktige marknadsfinansieringa framleis ein nokså stor del av marknadsfinansieringa til bankane, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

Finansmarknadsmeldinga for 2010 inneheld ei utgreiing om utsiktene for finansiell stabilitet, eit oversyn over einskilde internasjonale regelverksprosessar sett i gong i kjølvatnet av finanskrisa, og ei omtale av nokre strukturelle utviklingstrekk på den norske finansmarknaden frå 1970 og fram til 2010. Meldinga er omfattande og handlar òg om regelverksutviklinga i Noreg og avgjerder i større forvaltningssaker på finansmarknadsområdet, samt verksemda til Noregs Bank (medrekna utøvinga av pengepolitikken), Finanstilsynet, Folketrygdfondet (medrekna verksemda i Statens obligasjonsfond), Statens finansfond og Det internasjonale valutafondet (IMF) i 2010.

Finansiell stabilitet
Soliditeten i dei norske finansinstitusjonane vart styrkt i 2010. Norske bankar har òg skaffa seg meir robust finansiering i 2010, men den kortsiktige marknadsfinansieringa utgjer framleis ein nokså stor del av marknadsfinansieringa til bankane.

Gjeldsbelastninga i hushalda er høg, og ser ut til å auka i åra framover. Ein monaleg del av utlåna til hushaldssektoren er lån til hushald med særs høg gjeldsbelastning. Desse hushalda er sårbare for eit høgare rentenivå eller ei svakare utvikling i økonomien. Eit lågt rentenivå over lengre tid medverkar til auka risiko for at fleire hushald tek på seg for mykje gjeld. Når det gjeld dei ikkje-finansielle føretaka ser innteninga ut til å vera på veg opp, og utsiktene for norsk økonomi tyder på at etterspurnaden etter varer og tenester vil halda seg oppe i tida framover. Utsiktene kan raskt endra seg dersom norsk økonomi vert utsett for ny vesentleg uro.

Veksten i verdsøkonomien tok seg opp førre året, men oppgangen har førebels ikkje vore sterk nok til å betra situasjonen på arbeidsmarknadene vesentleg. Mange land slit framleis med høg arbeidsløyse. Den vidare utviklinga er uviss, mellom anna på grunn av aukande statsgjeld i fleire industriland.


Oppfølging av framlegg frå finanskriseutvalet
– Det regjeringsoppnemnde finanskriseutvalet har gjort framlegg om omfattande tiltak på finansmarknadsområdet. Utgreiinga er no på høyring. Framlegga frå utvalet spenner over eit breitt saksfelt, og omfattar mellom anna viktige tilrådingar om såkalla makrotilsyn og makroregulering, som høver godt i hop med departementet sitt mål om tiltak for å betra overvakinga av systemrisiko i Noreg. Oppfølginga av framlegga frå finanskriseutvalet kan føra til endringar i rollene og ansvaret til Noregs Bank og Finanstilsynet, seier finansministeren.

Finansmarknadsmeldinga inneheld eit kort oversyn over framlegga finanskriseutvalet har kome med i NOU 2011: 1, saman med nokre merknader om Finansdepartementet si oppfølging av utgreiinga. Utgreiinga frå utvalet er no på høyring. Framlegga i utgreiinga omfattar eit breitt saksfelt. Når det gjeld framlegga frå utvalet på pensjons- og livsforsikringsområdet, er desse sende til Banklovkommisjonen. Finansdepartementet vil ta stilling til korleis ein skal følgja opp resten av framlegga frå utvalet etter at høyringa av utgreiinga avsluttast i byrjinga av mai.


Røynslene frå finanskrisa tilseier at styresmaktene i framtida bør leggja større vekt på å overvaka og regulera risikoen i det finansielle systemet som heilskap, og departementet vil vurdera tiltak for å betra overvakinga av systemrisiko i Noreg. Mellom anna kan oppfølginga av framlegga frå finanskriseutvalet føra til endringar i rollene og ansvaret til Noregs Bank og Finanstilsynet. Departementet vil òg vurdera nærare utforming av og prosedyrar for nye bufferkrav til kapital i finansinstitusjonane, mellom anna på bakgrunn av venta forslag til nye EU-reglar og innspel frå Finanstilsynet, Noregs Bank og finanskriseutvalet.

Regelverksprosessar etter finanskrisa
I ljos av røynslene frå den internasjonale finanskrisa arbeider mange land, institusjonar og organisasjonar med forslag til nye reglar og med endringar av gjeldande regelverk. Mellom anna har Baselkomiteen for banktilsyn vorte samd om å tilrå strengare krav til kapital og likviditet for bankar, dei såkalla Basel III-krava. EU-kommisjonen vil truleg gjera framlegg om endringar i EUs kapitalkravdirektiv innan sommaren 2011 som følgjer opp semja i Baselkomiteen. Forbetringar i dei internasjonale reguleringane vil verka positivt inn på utsiktene for finansiell og økonomisk stabilitet, men fleire av dei viktigaste forbetringane vert truleg ikkje gjennomførte før om fleire år.

I EU er det òg gjort framlegg om og gjennomført endringar på ei rad andre område, mellom anna om innskotsgaranti, avviklingsordningar for bankar, forbrukarvern, verdipapirhandel, hedgefond, kredittvurderingsbyrå, ny europeisk tilsynsstruktur o.a.

Når det gjeld den norske innskotsgarantiordninga har regjeringa arbeida aktivt overfor EU for at Noreg skal kunna vidareføra dekningsnivået på 2 mill. kroner. EU-kommisjonen har uttala at den vil arbeida konstruktivt for å finna ei løysing i saka, og i eit utkast til komitéinnstilling som etter planen skal behandlast av ECON-komiteen i Europaparlamentet i mai, er det teke inn ei endring som tillèt Noreg å vidareføra dekningsnivået på 2 mill. kroner. Regjeringa arbeider aktivt vidare med saka.

Den 1. januar 2011 vart det etablert eit nytt finanstilsynssystem i EU. Tre nye EU-tilsynsorgan driv tilsyn med einskilde finansinstitusjonar (mikrotilsyn), medan eit nytt systemrisikoråd driv tilsyn med det finansielle systemet som heilskap (makrotilsyn). EØS/EFTA-landa får ein permanent observatørplass i mikrotilsynsorgana, og vil kunna ta del på «ad hoc-basis» i systemrisikorådet, men ikkje under noko omstende når enkelte føretak eller medlemsland vert diskuterte. Utan omsyn til korleis den nærare praktiske gjennomføringa vert løyst i forholdet til EU, vil regjeringa sikra at Noreg ikkje gjev frå seg suverenitet til dei nye tilsynsorgana.

Strukturelle utviklingstrekk i perioden 1970–2010
Finanssektoren har i perioden frå 1970 til 2010 vakse monaleg som del av den norske økonomien. Forvaltningskapitalen i dei norske finansinstitusjonane har vakse frå å vera om lag like stor som BNP for Fastlands-Noreg  i 1970 til å vera om lag 3,5 gonger så stor i 2010. Forvaltningskapitalen i norske kredittinstitusjonar (bankar, kredittføretak og finansieringsselskap) er likevel relativt låg i internasjonal samanheng, og utgjer nær 2,8 gonger BNP for Fastlands-Noreg.

– Utviklinga i første del av perioden frå 1970 var prega av streng marknadsregulering og kredittrasjonering. På 1980-talet og byrjinga av 1990-talet var avreguleringa av kredittgjevinga og bankkrisa viktige drivkreftar bak utviklinga. I tida frå midten av 1990-talet og fram til i dag har strukturutviklinga i stor grad vore prega av konsolidering og samanslåingar av institusjonar og internasjonal påverknad mellom anna som følgje av EØS-avtala. I tida som kjem vil utviklinga på finansmarknaden i stor grad verta påverka av dei omfattande regelverksprosessane som er i gang internasjonalt i kjølvatnet av finanskrisa, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

Når det gjeld den geografiske fordelinga av finanssektoren i Noreg, er det mellom anna slik at fleire av finansinstitusjonane sine hovudkontor (uavhengig av institusjonen si storleik) ligg i Oslo enn i noko anna geografisk område, òg om ein tek omsyn til talet på innbyggjarar. Det relativt høge talet på hovudkontor i Oslo speglar truleg at hovudkontora ofte er plassert i ein større by innanfor institusjonen sitt geografiske verkeområde, som kan vera heile landet.

Utøvinga av pengepolitikken
Finansdepartementet meiner at dei gjeldande retningslinene for pengepolitikken utgjer eit godt rammeverk for Noregs Bank si utøving av pengepolitikken, og at dei har vist seg robuste også i samband med finanskrisa. Retningslinene gjorde det mogleg for Noregs Bank å setja rentene markert ned då inflasjonsforventningane falt og produksjonen forverra seg hausten 2008, og den ekspansive pengepolitikken har i vesentleg grad vore med på å dempe nedgangen i økonomien.

Som følgje av betra utsikter for norsk økonomi var Noregs Bank blant dei første sentralbankane internasjonalt som auka renta att etter finanskrisa. Banken byrja med å setja opp renta i oktober 2009, og har varsla at renta kjem til å verta sett opp gradvis framover.

I 2010 var veksten i konsumprisane akkurat på inflasjonsmålet, medan den underliggjande inflasjonen var noko lågare. Inflasjonsforventningane har halde seg stabile gjennom finanskrisa, og det ser ut til å vera brei tillit til inflasjonsmålet.

– I utøvinga av pengepolitikken i 2010 har hovudstyret i Noregs Bank på kort til mellomlang sikt vege omsynet til stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. Etter ei samla vurdering finn departementet ikkje grunnlag for merknader til Noregs Bank si utøving av pengepolitikken i 2010, seier finansministeren.

Det internasjonale valutafondet (IMF)
Finansmarknadsmeldinga gjev ei brei oversikt over verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF) i 2010. Meldinga omtalar mellom anna IMF sitt bidrag til å handtera dei økonomiske utfordringane etter finanskrisa, utlånsverksemda, og andre sentrale spørsmål som har vore behandla i institusjonen sitt styre det siste året.

– Etterdønningane av finanskrisa og den pressa statsgjeldssituasjonen i fleire land i Europa gjer at det framleis er stor etterspurnad etter lån frå IMF. Dette underbyggjer at verda treng ein internasjonal organisasjon som IMF, seier finansminister Sigbjørn Johnsen.

– Det er viktig å sikra at IMF har tilstrekkeleg utlånskapasitet. I mars i år trådde ein avtale om endringar i ei av IMF sine multilaterale innlånsordningar, New Arrangements to Borrow (NAB), i kraft og auka tilgangen på lånemidlar kraftig. Mot slutten av 2010 vart det semje om ein styre- og kvotereform som òg vil gje ei kraftig auke i dei finansielle ressursane til IMF og samstundes gje utviklingsland og framveksande økonomiar større kvote- og røystevekt. Eg er glad for at denne viktige reforma  no er vedteke i IMF sine organ, seier finansministeren.

Finansdepartementet tek sikte på å leggja fram ein proposisjon for Stortinget om dette i løpet av kort tid. Noreg vil fortsetja å arbeida for endringar i styresettet, prioriteringane og arbeidsmåtane til IMF som styrkjer organisasjonen sin relevans og legitimitet. IMF bør vera det viktigaste forumet for globalt samarbeid om økonomiske og finansielle spørsmål.