Historisk arkiv

Regulering av fisket etter blåkveite i 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av blåkveitefisket for 2008. Omsynet til bestanden gjer at det framleis er forbode å drive direktefiske etter blåkveite, bortsett frå eit avgrensa kystfiske.

Kystflåten kan også i 2008 drive eit direktefiske etter blåkveite, men til skilnad frå i 2007 vert fisket avgrensa til berre ein periode. Perioden er frå måndag 26. mai til og med søndag 29. juni. Dette inneber at fiskeperioden for det enkelte fartøyet vert utvida frå tre til fem veker. Det kan gje betre høve til fangst og meir ro i fisket for utøvarane.  

Kystfisket vert regulert med maksimalkvotar på 10, 12 og 14 tonn, avhengig av lengda på fartøyet. 

Dei som ønskjer å delta i dette fisket må melde seg på skriftleg til Norges Råfisklag eller Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag innan dei startar fisket. Det vert altså ikkje sett nokon felles frist for slik påmelding i 2008. Listene over påmelde fartøy vert offentleggjorde.  

For fartøy som ikkje har løyve til å delta i det direkte fisket, eller i periodar når det direkte fisket ikkje er ope, kan mengde blåkveite ikkje overskride 7 % ved fiske etter andre fiskeslag. 

For fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar og leverer fangst fleire gonger i veka, skal innblandingsprosenten utreknast på vekebasis.  

Bifangst som er teken før det direkte fisket opnar, skal trekkjast frå maksimalkvoten til det enkelte fartøyet i det direkte fisket. 

Bifangst av blåkveite på årsbasis for den enkelte trålaren er avgrensa til maksimalt 4 % av summen av fartøykvotane for torsk, hyse og sei, men fartøyet kan likevel ikkje ta meir enn 40 tonn blåkveite som bifangst i 2008. Fartøy over 28 meter som fiskar med konvensjonelle reiskapar har på også eit bifangsttak på 40 tonn.