Historisk arkiv

Regulering av fisket etter makrell i 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter makrell i 2008. Den norske makrellkvoten er sett til 120.450 tonn. Det er ein reduksjon på 11.515 tonn samanlikna med 2007.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter makrell i 2008. Den norske makrellkvoten er sett til 120.450 tonn. Det er ein reduksjon på 11.515 tonn samanlikna med 2007.

Nytt i 2008 er at ein går frå ein til tre reguleringsgrupper i fisket med garn og snøre, med inndeling etter fartøylengde i gruppene 0-10,99 meter, 11-14,99 meter og 15 meter og over. Dette inneber at basiskvoten for det enkelte fartøy framleis skal bereknast ut frå heimelslengde, men at fartøyet hentar overregulering frå den gruppa det etter faktisk lengde tilhøyrer. Denne endringa vert gjort for å skjerme dei minste fartøya frå konkurranse med større fartøy, og såleis bidra til å oppretthalde ein variert flåte.

Den norske kvoten er fordelt med 86.656 tonn til ringnotgruppa, 25.000 tonn til kystfartøygruppa og 3724 tonn til trålgruppa og ein kvote på 1000 tonn særskilt til kystnotfartøy under 13 meter største lengde. Det er dessutan avsett 3070 tonn til forskings- og undervisningskvotar og 1000 tonn til agn.  

Kystfartøya sin kvote på totalt 26.000 tonn vert fordelt med 16.925 tonn til notfartøy, 8575 tonn til fartøy som fiskar med garn/snøre, 400 tonn til open gruppe og 100 tonn til ikkje-manntalsførte fiskarar som fiskar med landnot. Av kvoten kystfartøya har fått tildelt på årsbasis, kan fartøy som fiskar med garn/snøre fiske 19 tonn i perioden 1. januar til 10. august. Notfartøy kan fiske innanfor fartøykvoten i denne perioden, men ikkje utover 65,35 tonn. Fartøy med faktisk lengde under 11 meter som fiskar med garn/snøre og notfartøy med faktisk lengde under 13 meter, kan fiske heile sin maksimal- eller fartøykvote i perioden før 11. august. Kystfartøy i open gruppe kan fiske 5 tonn makrell i 2008.  

Fartøy i kystfartøygruppa med faktisk lengde under 13 meter med løyve til å delta med not, har maksimalkvotar frå 45 tonn til 165,57 tonn, avhengig av heimelslengde. Fartøy med faktisk lengde over 13 meter som har løyve til å delta med not, har fartøykvotar frå 17,76 til 155,11 tonn avhengig av heimelslengde. Fartøy i kystfartøygruppa med løyve til å delta med garn/snøre har maksimalkvotar frå 26 til 55,38 tonn avhengig av fartøyet si faktiske lengde og heimelslengda. Kvantum som fartøy har fiska før 11. august, kjem til fråtrekk i maksimal- og fartøykvotane. 

Ringnotfartøya sin kvote vert fordelt med 79.550 tonn til konsesjonspliktige ringnotfartøy og 7106 tonn til SUK-gruppa. Konsesjonspliktige ringnotfartøy kan kvar fiske 350 tonn makrell før 11. august. Ringnotfartøy utan konsesjon (SUK) kan fiske 250 tonn makrell før 11. august 2008.