Historisk arkiv

Regulering av fisket etter reker i Nordsjøen og Skagerrak i 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter reker i Nordsjøen og Skagerrak i 2008.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter reker i Nordsjøen og Skagerrak i 2008.

Den norske totalkvoten for 2008 er på 9731 tonn, som er ein auke på 400 tonn i forhold til inneverande år. Av dette kan 4316 tonn fiskast i norsk sone i Nordsjøen og 5415 tonn i Skagerrak.  

Reguleringane for inneverande år vert i hovudsak vidareførte i 2008. Det inneber at den samla kvoten kan fiskast over tre periodar. I den første perioden fram til 30. april kan 40 prosent av den samla kvoten fiskast, i dei to neste periodane 30 prosent i kvar periode.

Maksimalkvoten for det einskilde fartøyet er sett til 50 tonn i første periode og 40 tonn i kvar av dei etterfølgjande periodane. Fiskeridirektoratet vil følgje utviklinga i fisket og vurdere å auke maksimalkvotane. Fartøy under 20 meter største lengde kan halde fram fisket innanfor eit garantert kvantum på 7 tonn i kvar av dei tre periodane, sjølv om periodekvotene er oppfiska. Det einskilde fartøy sitt fiske er avgrensa til 5 tonn reker pr. tur, noko som er ei auke frå 4 tonn i 2007. Helgedagsfredinga vert vidareført.