Historisk arkiv

Regulering av seifisket i sør i 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av seifisket sør for 62. graden for 2008. Norske fiskarar kan i 2008 fiske 67 868 tonn sei, noko som er ein auke på 6533 tonn i forhold til 2007.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av seifisket sør for 62. graden for 2008. Norske fiskarar kan i 2008 fiske 67 868 tonn sei, noko som er ein auke på 6533 tonn i forhold til 2007.

Seibestanden er i god forfatning. For å sikre at bestanden framleis vert halden på eit høgt nivå vart Noreg og EU einige om ein kvote som er i tråd med forvaltingsplanen, og godt innanfor eit føre-var-nivå.
 
Gruppekvoten for notfartøy utgjer 5500 tonn og for konvensjonelle fartøy 8000 tonn. Resten av den norske seikvoten vert tildelt trålarane. Industri- og nordsjøtrålarane får ein gruppekvote på 8970 tonn. Av gruppekvoten til industri- og nordsjøtrålarane er det sett av 5000 tonn for å dekkje bifangst av sei i industritrålfisket. Torsketrålarane får ein gruppekvote på 36 227 tonn, medan seitrålarane kan fiske 9429 tonn sei i 2008.

Fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar vert regulerte med maksimalkvotar på 600 tonn. Det konvensjonelle fisket for fartøy over 28 meter vert stogga når det står att 1400 tonn av gruppekvoten.

Nytt av året er at trålarane får ein garantert kvote i tillegg til maksimalkvoten. Fabrikktrålarane har ein maksimalkvote på 1379 tonn. Av det er 875 tonn ein garantert kvote. Ferskfisk- og småtrålarane har ein maksimalkvote på 985 tonn, og av dette ein garantert kvote på 624 tonn, medan seitrålarane har ein maksimalkvote på 1030 tonn for fartøy med kvotefaktor lik 1.0, med eit garantert kvantum på 740 tonn.

Fartøy med industritrålløyve vert regulerte med maksimalkvotar på 400 tonn, medan fartøy med avgrensa nordsjøtrålløyve kan fiske 60 tonn. Desse trålgruppene har ein garantert kvote på 30 tonn.

I tråd med den biologiske rådgjevinga vert det direkte trålfisket stogga frå og med 23. juni til og med 3. august.