Historisk arkiv

Regulering av fisket etter vassild 2009 nord for 62°N

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter vassild nord for 62°N i 2009. Totalkvota vil som i 2008 vere på 12 000 tonn.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter vassild nord for 62°N i 2009. Totalkvota vil som i 2008 vere på 12 000 tonn.

Det finst enno ikkje eit vitskapleg bestandsgrunnlag å byggje tilrådinga på, og det er difor som eit føre-var-tiltak viktig at uttaket av fisk ikkje blir auka. Utvida prøvetaking i 2009 vil truleg kunne medverke til meir presis tilråding i framtida.

Fisket blir opna 23. februar 2009. Kvoten blir vidareført på same nivå som i 2008 og sett til 12 000 tonn, der 2 400 tonn skal fiskast etter 17. mai. Fartøy med vassildtrålløyve får maksimalkvote på 600 tonn, med bifangsttilgang på 20 % ved fiske etter andre artar etter at totalkvoten er oppfiska.

Tilsvarande tilgang til bifangst gjeld óg nord for 62°N for fartøy som ikkje har vassildtrålløyve.

Kontakt: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40
               Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47