Historisk arkiv

Regulering av seifisket i sør i 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av seifisket sør for 62°N i 2009. Norske fiskarar kan i 2009 fiske 62 936 tonn sei, noko som er ein nedgang på 4932 tonn frå 2008.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av seifisket sør for 62°N i 2009. Norske fiskarar kan i 2009 fiske 62 936 tonn sei, noko som er ein nedgang på 4932 tonn frå 2008.

Seibestanden er i god forfatning. For å sikre at bestanden framleis skal være høg, vart Noreg og EU samde om ein kvote som er i tråd med forvaltingsplanen, og godt innanfor eit føre-var-nivå.

Gruppekvoten for notfartøy er 5500 tonn og for konvensjonelle fartøy 8000 tonn. Resten av den norske seikvoten vert tildelt trålarane. Industri- og nordsjøtrålarane får ei gruppekvote på 8550 tonn. Av denne er det sett av 1000 tonn for å dekke bifangst av sei i industritrålfisket. Gruppekvoten til torsketrålarane er på 32 438 tonn, medan seitrålarane kan fiske 8443 tonn sei i 2009.

Fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskap vert regulerte med maksimalkvotar på 600 tonn. Det konvensjonelle fisket for fartøy over 28 meter vil verte stoppanår det står att 1400 tonn av gruppekvoten.

Fabrikktrålarane har ei maksimalkvote på 1400 tonn og ferskfisk- og småtrålarane har ei maksimalkvote på 1000 tonn. Seitrålarane har ei maksimalkvote på 1000 tonn for fartøy med kvotefaktor 1,0.

Fartøy med industritrålkonsesjon har ei maksimalkvote på 400 tonn, medan fartøy med avgrensa nordsjøtrålkonsesjon kan fiske 60 tonn.


Kontakt
: Ekspedisjonssjef, Johán H. Williams, 22 24 64 40
               Avdelingsdirektør Sverre Johansen,  22 24 64 47