Historisk arkiv

Lovforslag om åremål i Utlendingsnemnda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Justis- og politidepartementet har lagt fram eit lovforslag om å avvikle åremålsordninga for nemndleiarar i Utlendingsnemnda (UNE). Departementet har kome til at ein ikkje vil avvikle åremålsordninga for direktørstillinga.

Justis- og politidepartementet har lagt fram eit lovforslag om å avvikle åremålsordninga for nemndleiarar i Utlendingsnemnda (UNE). Departementet har kome til at ein ikkje vil avvikle åremålsordninga for direktørstillinga.

Nemndleiarar vert i dag oppnemnde i åremålsstillingar for åtte år, og ikkje i fast stilling slik hovudregelen er for statlege tenestemenn.

- Det er både prinsipielle og praktiske grunnar for at stillinga som nemndleiar bør vere fast. Dette forslaget vil bidra til å sikre kontinuitet og kompetanse i nemndleiargruppa i UNE, seier justisminister Grete Faremo.

Departementet grunngjev forslaget mellom anna med at nemndleiarane si rolle som uavhengige avgjerdstakarar tilseier at dei bør ha fast stilling. Vidare vil avvikling av åremålsordninga føre til meir stabilitet og effektivitet i nemndleiargruppa. Faste stillingar vil truleg bidra til at fleire erfarne nemndleiarar blir verande i UNE, og til å sikre eit breitt søkjargrunnlag når stillingar vert utlyste.

Direktøren vert i dag oppnemnd på åremål for seks år, men berre med høve til ein ny periode. I høyringsbrevet av 6. april 2011 foreslo departementet å avvikle åremålet for direktørstillinga i UNE. Dette er ikkje ein del av lovforslaget som leggjast fram i dag. Departementet har kome til at ein på noverande tidspunkt ikkje vil avvikle åremålsordninga for direktørstillinga.

Det er tenleg å vente med denne vurderinga til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet har fullført sin gjennomgang av åremålsordningane i staten, slik som varsla i Stortingsmelding nr. 19 (2008-2009). Dette betyr at åremålsordninga for direktørstillinga i UNE oppretthaldast.

- Noverande direktør Terje Sjeggestads åremål går ut i slutten av januar 2012. Sjeggestad har vært ein særdeles kompetent og markant leiar av UNE i to periodar. Da det vil ta noko tid å få tilsett ny direktør, har departementet bede Sjeggestad om å fortsette i stillinga i et halvt år ekstra, noko eg er glad for at han har akseptert, seier justisminister Grete Faremo.