Historisk arkiv

Fleire kommunar med vekst i folketalet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Førebels tal frå SSB syner at 28 fleire kommunar hadde vekst i folketalet i 2009 samanlikna med 2008. Utrekningane for 2009 syner at av dei 430 kommunane i landet hadde 297 (69 prosent) vekst i folketalet i 2009.

Førebels tal frå SSB syner at 28 fleire kommunar hadde vekst i folketalet i 2009 samanlikna med 2008. Utrekningane for 2009 syner at av dei 430 kommunane i landet hadde 297 (69 prosent) vekst i folketalet i 2009. Blant dei 177 minst sentrale kommunane i landet var det ein auke frå 72 til 83 kommunar som hadde vekst i folketalet i perioden. Samla sett var det vekst i folketalet i alle strok av landet sjølv om auken i folketalet i 2009 er lågare enn i 2008. 

- Det er svært gledeleg at trenden med at fleire utkantkommunar har vekst i folketalet held fram, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Det er regjeringa sitt distriktspolitiske løft som vi ser resultata av. Gjeninnføringa av differensiert arbeidsgjevaravgift, styrka kommuneøkonomi og betra samferdsletilbod har hatt mykje å seie, seier Navarsete.

- Sjølv om trendane no er positive mange stader i landet er det behov for ein langsiktig og kraftfull innsats for at folk skal få ein reell valfridom til å busetje seg der dei vil, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.