Historisk arkiv

Mange kommunar med auka folketal fyrste halvår 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Tal frå SSB syner ei stor auke i folketalet i Noreg. 300 av 430 kommunar i landet hadde vekst i folketalet i fyrste halvår.

Tal frå SSB syner ei stor auke i folketalet i Noreg. 300 av 430 kommunar i landet hadde vekst i folketalet i fyrste halvår.

Av dei 177 minst sentrale kommunane i landet var det vekst i 95. Dette er 12 fleire samanlikna med fyrste halvår i fjor. Samla sett var det vekst i folketalet i alle strok av landet. Veksten kjem i hovudsak frå den høge innvandringa, men òg eit rekordhøgt fødselsoverskot.

- Det er svært gledeleg at trenden med at fleire utkantkommunar har vekst i folketalet held fram, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Navarsete syner òg til at det har vore ei samla folkeauke i utkantkommunane.

-Sjølv om trenden no er positiv mange stader i landet trengst det framleis ein langsiktig og kraftfull innsats for at folk skal få reell valfridom til å busetje seg der dei vil. Gjeninnføringa av differensiert arbeidsgjevaravgift, styrka kommuneøkonomi og betra samferdsletilbod har mykje å seie for at folk skal få reell valfridom til å busetje seg der dei vil, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.