Historisk arkiv

100 millionar ekstra til flaumramma kommunar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Mange kommunar og fylkeskommunar har vore ramma av flaum i 2011. – Regjeringa vil auke skjønsmidlane for å hjelpe kommunane med delar av ekstrautgiftene deira, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Mange kommunar og fylkeskommunar har vore ramma av flaum i 2011.
– Regjeringa vil auke skjønsmidlane for å hjelpe kommunane med delar av ekstrautgiftene deira, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa foreslår difor i nysalderinga av statsbudsjettet å løyve 100 millionar kroner ekstra i skjønsmidlar på Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett. Slik kan ein gje ein delvis kompensasjon til dei kommunane som er hardt råka og har store ekstrautgifter på grunn av flaum.

- Flaum mange stader har gitt store skader på vegane. Mange kommunar og fylkeskommunar har fått store uventa utgifter på grunn av dette, seier Navarsete.

- Kommunane vil få ein kompensasjon knytt til dei akutte ekstrautgiftene til kommunal infrastruktur i samband med flaumen. Dei kommunane som relativt sett har dei høgste utgiftene, vil få høgare kompensasjon enn andre. Utgifter over 250 kroner per innbyggjar vil bli kompensert fullt ut, seier Navarsete.

Fylkesmennene har fått frist til 1. desember med å sende søknadar vidare frå kommunar og fylkeskommunar til departementet. Utbetalingane vil skje før nyttår.

• Endringar i statsbudsjettet for 2011 under Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00