Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2014

7,7 milliardar kroner meir til velferd og utvikling i kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa gjer framlegg om at kommunane og fylkeskommunane får ein reell inntektsvekst på 7,7 milliardar kroner i 2014. - Inntektsauken legg til rette for framleis vekst i kommunale tenester, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa gjer framlegg om at kommunane og fylkeskommunane får ein reell inntektsvekst på 7,7 milliardar kroner i 2014. - Inntektsauken legg til rette for framleis vekst i kommunale tenester, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Veksten i samla inntekter er 1,2 milliardar kroner høgare enn den øvre grensa som blei varsla i Kommuneproposisjonen 2014. 5,2 milliardar kroner kjem som frie inntekter. Veksten i frie inntekter skal mellom anna dekkje meirutgiftene kommunane får som følgje av demografiske endringar, som auke i  folketalet og fleire born og eldre.

- Ein sunn og sterk kommuneøkonomi er viktig for at folk i heile landet skal ha eit godt tenestetilbod. Å styrkje kommunane sin økonomi har difor vore eit av dei viktigaste satsingsområda for denne regjeringa. På åtte år har me reelt auka kommunane sine inntekter med 69,6 milliardar kroner, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Veksten er rekna frå berekna inntektsnivå i 2013 i revidert nasjonalbudsjett for 2013.

Av veksten i frie inntekter i 2014 går 500 millionar kroner til fornying og opprusting av fylkesvegane. 180 millionar kroner skal nyttast til å bygge ut helsestasjons- og skulehelsetenesta.

Regjeringa legg til rette for særskilt styrking av fleire kommunale tenesteområde. I tillegg til veksten i frie inntekter, gjer regjeringa framlegg om å auka løyvingar til mellom anna:

  • reell nedgang i maksimal foreldrebetaling i barnehage
  • opptrapping mot to barnehageopptak i året
  • valfag på ungdomstrinnet
  • rett til påbygging til generell studiekompetanse etter oppnådd fagbrev
  • rentekompensasjonsordningane for skule- og symjeanlegg og kyrkjebygg
  • kommunalt barnevern
  • tiltak mot barnefattigdom
  • investeringstilskot til omsorgsbustader
  • påskjøningsordningar for betre kollektivtransport og mindre bilkøyring i byområda

Detaljar kring desse satsingane finn ein under budsjetta til dei ulike fagdepartementa.

Fylkesvis fordeling

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00