Historisk arkiv

Meir opne kommunar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til media 01.07.2010.

- Openheit må på dagsorden i alle kommunar. Etter kvart som tilliten aukar og openheit blir avmystifisert, blir dette ein naturleg måte å forhalde seg til omverda på.

Openheit og innsyn aukar tilliten til lokaldemokratiet.

Det er også det beste verkemiddelet mot kameraderi eller sløsing med dei midlane fellesskapet forvaltar.

Innsyn er nødvendig
Kommunesektoren leverer viktig velferd og rår over store verdiar gjennom eigedom, innkjøp og planarbeid. Då må forvaltinga finne stad under demokratisk kontroll og tilfredsstillande innsyn.

Nokre vil kanskje hevde at me har nok innsyn. - La oss få arbeidsro, vil nokre lokalpolitikarar og byråkratar meine. Det er feil tilnærming. Me får ikkje eit sunt og levedyktig lokaldemokrati utan innsyn i rådhus og politiske utval.

Hatterydding
Som statsråd skal eg syte for eit best muleg regelverk. Eit nytt habilitetsregelverk for offentleg verksemd er på plass frå 2011. Den viktigaste endringa er ei ”hatterydding”, som Stortinget har slutta seg til. Lokalpolitikarar skal ikkje skape usikkerheit og mistanke ved å blande rollene som folkevald og som styremedlem i kommunalt eigde selskap.

Nyleg la eg fram eit lovforslag om møteoffentlegheit. Det legg til rette for endå meir opne og gjennomsiktige prosessar rundt lokalpolitiske saker. Lukka møter skapar fort mistanke om at noko er gale.

Eg vil difor oppmoda alle kommunane og lokalpolitikarane om å syte for opne politiske prosessar og dokument. Openheit kan me styre gjennom regelverk, men det handlar også mykje om kultur og haldningar.

Treng tillit
Skal velferdssystemet framleis ha legitimitet, må folk flest ha tillit til at vedtak blir fatta på eit korrekt grunnlag og med eit så godt resultat som muleg.

God lokal eigenkontroll er viktig. Difor sette departementet ned ei arbeidsgruppe som kom med 85 tilrådingar om korleis kontrollutvala, revisjonane og administrasjonssjefane kan forbetre kontrollverksemda si. Det blir arbeidd godt lokalt med å følgje opp desse tilrådingane.

Open gjer oss betre
Openheit kan også vere ei drivkraft for nødvendig omstilling og forbetring. Ein open organisasjon byggjer tillit også internt. Han har langt betre føresetnader for å bli betre enn ein lukka organisasjon, prega av utryggleik, skepsis og revirforsvar. Einkvar mistanke om kameraderi, forfordeling og sløsing skal bli møtt med openheit – ikkje med forskansing.

Ein open organisasjon får også fleire innspel frå innbyggjarar og frivillige organisasjonar. Innspel som er avgjerande for å gjere tenester og lokaldemokrati betre.

Så lenge personvern og viktige forretningsinteresser blir teken omsyn til, ser eg få farar med ein open praksis.

Ta makta tilbake
Som kommunalminister er eg oppteken av at lokalpolitikarane skal ha styringa. Samarbeid med private er på sin plass, men det må finne stad i dagslys. Det skal vere enkelt for innbyggjarane ved neste val å bytte ut dei politikarane som ikkje gjer jobben sin. Dei skal ikkje få gøyme seg bak private selskap.

Eit råd er at lokalpolitikarane med jamne mellomrom spør seg om dei når måla dei har sett seg gjennom avtalar med private. Om dei ikkje gjer det, må dei finne andre måtar å organisere tenestene på.

Openheit må på dagsorden i alle kommunar. Etter kvart som tilliten aukar og openheit blir avmystifisert, blir dette ein naturleg måte å forhalde seg til omverda på.

Det vil både politikarar, tilsette og innbyggjarar tene på.