Historisk arkiv

Redaktørplakaten blir lovfesta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjedepartementet la i statsråd fredag fram eit lovforslag om redaksjonell fridom i media.

Kultur- og kyrkjedepartementet la i statsråd fredag fram eit lovforslag om redaksjonell fridom i media.

- Den redaksjonelle fridomen er i dag under press frå mange kantar. Vi meiner det er naudsynt å sikre den redaksjonelle fridomen gjennom lov. Redaktørane skal vere garantistar for sjølvstende og integritet. Med denne lovfestinga av Redaktørplakaten vil vi styrkje grunnlaget for den frie meiningsdanninga i samfunnet, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Lovutkastet slår fast at redaktøren skal leie den redaksjonelle verksemda og treffe avgjerder i redaksjonelle spørsmål innanfor rammene av grunnsynet og føremålet som mediet byggjer på.   

– I høyringsrunden gav den norske pressebransjen ei eintydig tilbakemelding om at lova også bør gjelde norsk fag- og vekepresse. - Vi har difor valt å gi lovframlegget ei noko vidare ramme enn det opphavlege høyringsutkastet, seier kulturminister Giske.