Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2009:

100 millionar kroner til Nasjonale turistvegar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Regjeringa fører vidare den sterke satsinga på Nasjonale turistvegar og gjer framlegg om å løyve 100 millionar kroner til prosjektet. Dei 18 turistvegane skal innan 2016 vere ferdig utvikla til ein samla turistattraksjon. Med denne løysinga er satsinga i rute.

Regjeringa fører vidare den sterke satsinga på Nasjonale turistvegar og gjer framlegg om å løyve 100 millionar kroner til prosjektet. Dei 18 turistvegane skal innan 2016 vere ferdig utvikla til ein samla turistattraksjon. Med denne løysinga er satsinga i rute.  

- Satsinga på Nasjonale turistvegar styrkjer Noreg som reisemål. Turistvegane foreinar natur, kulturuttrykk, og arkitektur på ein måte som har vekt oppsikt langt utover landet sine grenser. Med utvida trafikkgrunnlag og lengre opphaldstid for turistane ligg det til rette for auka verdiskaping, særleg i distrikta, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

I løpet av 2009 skal vegstrekninga Geiranger – Trollstigen i Møre og Romsdal ferdigstillast som Nasjonal turistveg, og Statens vegvesen vil planleggje oppgradering av reiselivsikona Trollstigplatået, Gjende og Vøringsfossen.

Framlegget til årets budsjett for prosjektet er ei vidareføring av det høge nivået frå 2007 og 2008.

Prosjektet vert leia av Statens vegvesen og skal gjennomførast i to fasar, for å stimulere private og offentlege aktørar til å følgje opp innanfor sine område. Fram til 2012 vil utvalde turistvegstopp på alle dei 18 strekningane bli ferdigstilt, og det vil bli lagt opp til heilskapleg turistveginformasjon og samla marknadsføring. Fram mot 2016 er det eit mål at alle turistvegane skal vere utvikla til fullverdige turistattraksjonar med høg kvalitet i alle ledd.



Til redaksjonen
Meir informasjon om Nasjonale turistvegar: turistveg.no