Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2009:

Riksvegnettet: 21 større prosjekt opnar for trafikk i 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Neste år vil 21 større riksvegprosjekt bli opna for trafikk. Fordi regjeringa har satsa så sterkt på effektiv framdrift for igangsette prosjekt vil det no vere mogleg å opne så mange prosjekt for trafikk i 2009.

Neste år vil 21 større riksvegprosjekt bli opna for trafikk. Fordi regjeringa har satsa så sterkt på effektiv framdrift for igangsette prosjekt vil det no vere mogleg å opne så mange prosjekt for trafikk i 2009.

- Regjeringa vil legge til rette for utvikling av gode løysingar for å dempe bilbruken, mellom anna ved å styrkje kollektivtilbodet i byområda, og ved å legge til rette for utbygging av gang- og sykkelvegar. Men det er framleis eit vesentleg behov for utbygging på store delar av vegnettet, for å få trafikken lettare og tryggare fram i område der det ikkje finst gode alternativ til biltransport, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa sitt framlegg til riksveginvesteringar gir rom for at det i 2009 skal setjast i gang til saman 14 nye større vegprosjekt med kostnadsramme over 100 millionar kroner.

21 større riksvegprosjekt opnast for trafikk, fordelt med åtte prosjekt på stamvegnettet og 13 på resten av riksvegnettet:


Stamvegnettet:

• E18 Langåker – Bommestad, Larvik og Sandefjord kommunar i Vestfold

• OPS-prosjektet E18 Grimstad – Kristiansand, Grimstad, Lillesand og Kristiansand kommunar i Aust- og Vest-Agder

• E16 Wøyen – Bjørum, Bærum kommune i Akershus

• E6 Vinterbru – Assurtjern, Ås og Ski kommunar i Akershus

• Rv 5 langs Kjøsnesfjorden (Hammarsgrovi – Stølsneset), Jølster kommune i Sogn og Fjordane

• E6 Nidelv bru, Trondheim kommune i Sør-Trøndelag

• E6 Hovinmoen – Dal, Eidsvoll og Ullensaker kommunar i Akershus, og Skaberud – Kolomoen, Stange kommune i Hedmark

• E6 Vist – Jevika – Selli, Steinkjer kommune i Nord-Trøndelag


Øvrig riksvegnett:

• Rv 4 Carl Berners plass i Oslo kommune

• Rv 255 Jørstad – Segalstad bru, Gausdal og Lillehammer kommunar i Oppland

• Rv 306 Kirkebakken – Re grense, Horten kommune i Vestfold

• Rv 465 Kjørrefjord – Ulland, strekninga Hanesund – Sande, Farsund kommune i Vest-Agder

• Rv 519 Finnfast, Finnøy og Rennesøy kommunar i Rogaland

• Rv 13 Ulvundsøyne, Voss kommune i Hordaland

• Rv 48 Helland – Havsgårdsdalen, Fusa kommune i Hordaland

• Rv 53 Naustbukttunnelen, Årdal kommune i Sogn og Fjordane

• Rv 64 Atlanterhavsvegen, Averøy og Kristiansund kommunar i Møre og Romsdal

• Rv 662 Haukabøen, Molde kommune i Møre og Romsdal

• Rv 769 Spillum – Namdalsvegen, Namsos kommune i Nord-Trøndelag

• Rv 17 Tverlandet – Godøystraumen, Bodø kommune i Nordland

• Rv 867 Samamoa – Ervik, Harstad kommune i Troms