Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2010

14 milliardar kroner til tidenes vegløft

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Regjeringa føreslår å løyve drygt 14 milliardar kroner til vegformål. Dette er ein auke på 2,64 milliardar kroner eller drygt 23 prosent frå saldert budsjett for 2009, korrigert for verknadene av at store delar av riksvegnettet blir overført til fylkeskommunane frå 1. januar neste år.

Regjeringa føreslår å løyve drygt 14 milliardar kroner til vegformål. Dette er ein auke på 2,64 milliardar kroner eller drygt 23 prosent frå saldert budsjett for 2009, korrigert for verknadene av at store delar av riksvegnettet blir overført til fylkeskommunane frå 1. januar neste år.

I tillegg til løyvingane over statsbudsjettet kjem over 5,3 milliardar kroner i bompengemidlar til investeringstiltak innan ansvarsområdet til Statens vegvesen. 

-  Med dette historisk høge forslaget følgjer regjeringa opp lovnadene om ei sterk vegsatsing. For ein som er oppteken av å ta heile landet i bruk, er det flott å få leggje fram eit budsjett som inneber ei monaleg auke i bygginga av nye veganlegg og ei styrking av vedlikehaldet på dei vegane vi allereie har. Eg er òg glad for at satsinga på rassikring blir nær dobla, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.     

 Den føreslåtte løyvinga til vegføremål er i hovudsak fordelt slik:

• 6,2 milliardar kroner til trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegnettet
• 6,5 milliardar kroner til investeringar. Beløpet omfattar ordinære riksveginvesteringar og nokre særlege budsjettpostar
• 436 millionar kroner til statleg kjøp av riksvegferjetenester
• 441 millionar kroner til ”Vederlag til OPS-prosjekt” (utbygging etter modellen ”offentleg-privat samarbeid”)

Trafikktilsyn, drift og vedlikehald: Aukar med 6,6 prosent

Den føreslåtte løyvinga på drygt 6 milliardar kroner til trafikktilsyn, drift og vedlikehald er ein auke med 382,6 millioner kroner eller 6,6 prosent frå saldert budsjett for 2009.

Løyvinga fører mellom anna til at det i 2010 kan leggjast om lag 800 kilometer nytt vegdekke med asfalt. Dette er ei vidareføring av det høge nivået frå budsjettet for 2009. 

Tiltak som har verknad for trafikktryggleiken, mellom anna vinterdrift, vil bli særleg prioritert. For bilbelte- og tungbilkontrollane som Statens vegvesen utfører, er det for neste år lagt opp til å vidareføre det høge nivået frå 2009.

Statlege løyvingar til veginvesteringar: Aukar med 34 prosent

I alt 6,5 milliardar kroner er føreslått til veginvesteringar. Dette er ein auke på 1,67 milliardar kroner eller drygt 34 prosent, samanlikna med 2009.

Beløpet omfattar ordinære riksveginvesteringar og særlege budsjettpostar for  rassikring, utbygging av E16 over Filefjell, utbygging på E6 vest for Alta og E18-utbygginga i Bjørvika i Oslo.   

For å sikre effektiv og rask utbygging vil ein vesentleg del av investeringsmidlane bli nytta til alt oppstarta prosjekt, eller til prosjekt som nyleg er vedtekne. Dette fører til at ei rekkje viktige prosjekt over 100 millionar kroner kan opnast for trafikk  neste år:

• E 18 Krosby – Knapstad,  Askim, Hobøl og Spydeberg kommunar, Østfold
• E18 Bjørvika, Oslo (første etappe med ny E18 i tunnel)
• E39 Stangeland – Sandved,  Sandnes kommune, Rogaland
• E39 Tjensvollkrysset, Stavanger kommune,  Rogaland
• E6 Nordre avlastingsveg i Trondheim, Trondheim kommune, Sør-Trøndelag
• E39 Renndalen – Staurset, Halsa og Hemne kommunar i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag
• E6 Majavatn, Grane kommune, Nordland 

Opninga av desse og andre vegprosjekt fører mellom anna til at talet på kilometer med firefelts veg aukar med 12 kilometer i løpet av neste år, frå 490 til 502 kilometer.

Nye vegprosjekt

Det er føreslått statlege løyvingar til prosjektering, førebuande arbeid og mogeleg  anleggstart for fleire større riksvegprosjekt med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:

• E18 Melleby - Momarken, Eidsberg kommune, Østfold
• Riksveg 3 Åsta bru med tilknytningsvegar, Åmot kommune, Hedmark
• E39 Lavik ferjekai, Høyanger kommune, i Sogn og Fjordane
• E6 Harran – Nes bru, Grong kommune, Nord-Trøndelag
• E16 Smedalsosen – Borlaug, Lærdal kommune, Sogn og Fjordane 
• E6 Møllnes – Hjemmeluft, Alta, Finnmark

Det er aktuelt med bompengar til prosjektering, kjøp av grunn og eventuell anleggstart for desse større investeringsprosjekta (med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner):

• E18 Sydhavna,  Oslo
• Riksveg 2 Kongsvinger – Slomarka, Kongsvinger og Sør-Odal kommunar, Hedmark
• E18 Gulli – Langåker,  Stokke og Sandefjord kommunar, Vestfold
• E39 Svegatjørn – Rådal, Os og Bergen kommunar,  Hordaland
• E16 Fønhus – Bagn – Bjørgo, Sør-Aurdal og Nord-Aurdal kommunar, Oppland
• E6 Sentervegen – Tonstad, Trondheim kommune, Sør-Trøndelag

I tillegg blir det i 2010 anleggsstart på ei rekkje mindre prosjekt på riksvegnettet.

Særskilte tiltak for trafikksikring: 713 millionar kroner

Til særskilte tiltak for trafikksikring langs det eksisterande vegnettet føreslår regjeringa 713 millionar kroner, ei vidareføring av det høge nivået for 2009. I tillegg er det lagt til grunn 10 millionar kroner i bompengemidlar. Midlane vil mellom anna bli brukt til utbygging av midtrekkverk.

I 2010 vil det bli sett i gang utbygging av midtrekkverk på

• E6 over Bergshøgda i Hedmark
• E6 mellom Hagen og Gyllan i Sør-Trøndelag
• E6 mellom Branes og Mule i Nord-Trøndelag

Arbeidet med å byggje midtrekkverk på følgjande strekningar vil bli vidareført

• I kurver på riksveg 7 i Flå og Nes kommunar i Buskerud
• På strekningar av E16 mellom Sollihøgda og Skaret i Buskerud

Det er lagt opp til å fullføre, starte opp eller vidareføre arbeid på i alt 35 kilometer midtrekkverk på to- og trefelts riksveg i 2010.

I 2010 får dessutan 30 kilometer riksveg sterkare midtoppmerking i form av oppmerkt sperreområde, midtmarkering eller rumlerillar.

Regjeringa prioriterer elles tiltak mot utforkøyringsulukker, utbetring av kryss og kurver og  ulike tiltak for å gjere vegtrafikken tryggare i sentrumsområde.

Rassikring: 850 millionar kroner, aukar med 92 prosent

Til rassikring er det føreslått 850 millionar kroner, ein auke på vel 92 prosent frå 2009. 350 millionar kroner går til tiltak på riksvegnettet og 500 millionar kroner til tiltak på fylkesvegnettet.

På riksvegnettet er det i 2010 lagt opp til anleggstart på desse større prosjekta med rassikringsvinst, alle med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:

• Riksveg 70 Oppdølstranda, i Møre og Romsdal
• Riksveg 80 Løding – Vikan, i Nordland (med føresetnad om tilslutning til delvis bompengefinansiering)

I tillegg har ein prioritert å vidareføre prosjekt som alt er sett i gang, mellom anna riksveg 13 Øvre Granvin – Voss grense, i Hordaland, og fleire mindre tiltak på utsette strekningar og punkt på vegnettet.

Gang- og sykkelvegar

Til bygging av gang- og sykkelvegar langs eksisterande vegar er det føreslått  250 millionar kroner, fordelt med 150 millionar kroner i statlege midlar og 100 millionar kroner i bompengar. Midlane vil i hovudsak gå til tiltak på skolevegar. I tillegg vert etablering av samanhengjande sykkelvegnett i byar og tettstader prioritert. Neste år vil det bli opna 34 kilometer gang- og sykkelvegar.

Tiltak for kollektivtransporten: 145 millionar kroner

Innan ansvarsområdet til Statens vegvesen skal det i 2010 nyttast i alt 145 millionar kroner til tiltak for kollektivtransporten, fordelt med ei statleg løyving på 65 millionar kroner og 80 millionar kroner i bompengar. Midlane vert i hovudsak nytta til oppgradering av haldeplassar og trafikknutepunkt.

Miljø- og servicetiltak

52 millionar kroner av riksveginvesteringane er føreslått til miljø- og servicetiltak. I tillegg kjem 10 millionar kroner i bompengar.

Ein stor del av midlane skal nyttast til støyskjerming. Det er elles sett av midlar til bygging og oppgradering av kvileplassar for tungtrafikken.

Nasjonale turistvegar

Det er sett av nær 103 millionar kroner til prosjektet Nasjonale turistvegar. Dette er om lag det same nivået som for 2009. 

Kjøp av riksvegferjetenester: 435 millionar kroner

Til statleg kjøp av riksvegferjetenester er det føreslått vel 435 millionar kroner, ein auke på 3,3 prosent frå 2009. Samferdselsdepartementet legg til grunn om lag same rutetilbod som i 2009.

For 2010 har Samferdselsdepartementet lagt til grunn ein takstauke på 3,2 prosent, med verknad frå 1. januar.  

Investeringar i riksvegnettet: I alt 11,4 milliardar kroner – frå statlege løyvingar og bompengar 

I budsjettforslaget for 2010 er det lagt opp å bruke om lag 11,4 milliardar kroner til investeringar i riksvegnettet. Av desse er om lag 6 milliardar kroner statlege løyvingar og om lag 5,4 millardar kroner anna finansiering, i hovudsak bompengar.

Om lag 310 millionar kroner er sett av til såkalla ”ikkje-rutefordelte tiltak”, mellom anna tiltak innanfor prosjektet ”Nasjonale turistvegar”, nødvendig innkjøp av reservebrumateriell, forsking og utvikling.

Resten av investeringsmidlane, til saman om lag 11,1 milliardar kroner, er fordelt slik på dei åtte ”hovudkorridorane” og tilhøyrande strekningane på riksvegnettet - alle tal i millionar kroner:

(Tabellen under i pdf-format)

Tabell - hovudkorridorar/riksvegstrekningar