Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2010

Effektiv og likeverdig luftfart for folk og næringsliv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

I budsjettframlegget for 2010 er det føreslått nær 942 millionar kroner til luftfartsføremål, ein auke på drygt 25 prosent frå saldert budsjett for 2009. Ei større løyving til tryggleikstiltak ved dei regionale lufthamnene utgjer den relativt største veksten.

I budsjettframlegget for 2010 er det føreslått nær 942 millionar kroner til luftfartsføremål, ein auke på drygt 25 prosent frå saldert budsjett for 2009. Ei større løyving til tryggleikstiltak ved dei regionale lufthamnene utgjer den relativt største veksten.

Samanlikna med saldert budsjett for 2009 er tilskotet til regionale lufthamner føreslått auka frå 13,5 millionar kroner til nær 88 millionar kroner. Eit eingongs investeringstilskot til dei regionale lufthamnene til Avinor AS utgjer 50 millionar kroner av dette.
 
- Tilskotet i 2010 kjem som ei følgje av at Avinor står framfor store investerings- og finansieringsutfordringar dei komande åra, ikkje minst når det gjeld tryggleik. I tillegg legg regjeringa opp til at det i 2010 blir avdragsfritak på statslånet som finansierte utbygginga av Gardermoen, eit fritak som vil vere på 389 millionar kroner. Det er heller ikkje lagt opp til å ta utbyte frå Avinor neste år, noko som betyr ytterlegare 279 millionar kroner i auka handlingsrom. Desse tiltaka skal bidra til at Avinor kan gjennomføre naudsynte tryggleiksinvesteringar som planlagt, seier samferdselsministeren. 

Det er lagt opp til eit eingongs investeringstilskot til dei ikkje-statlege, regionale lufthamnene Notodden og Skien på til saman 12 millionar kroner. For å sikre grunnlag for framtidig drift er det også løyvd eit driftstilskot på nær 12 millionar kroner til Stord lufthamn.

Kjøp av flytransport

Regjeringa føreslår å nytte 629 millionar kroner til  statleg kjøp av flytransport, ein auke på 21 prosent frå saldert budsjett for 2009. Veksten kjem hovudsakleg av auka utgifter knytt til drift av utlyste flyruter.

 - For å oppretthalde eit effektivt og likeverdig lufttransporttilbod med god standard over heile landet, kjøper staten flyruter der marknaden ikkje gir eit tilfredsstillande tilbod. Eit godt flytilbod er avgjerande for å sikre velfungerande regionar, til nytte for folk og næringsliv, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete. 

Luftfartstilsynet – betre tryggleik innanfor helikopterflyginga

Føreslått budsjett for Luftfartstilsynet  i 2010 er på vel 168 millionar kroner, om lag det same som i 2009. Framlegget betyr i realiteten ein auke på i underkant av 4 prosent, fordi Samferdselsdepartementet skal betale inn kontingent på vegne av Noreg til European Aviation Safety Agency (EASA) frå og med 2010. Tidlegare har Luftfartstilsynet betalt denne kontingenten. Auken i tilførte midlar skal mellom anna nyttast til å betre tryggleiken innan innanlands helikopterflyging.  

Auka løyvingar til Statens havarikommisjon for transport

Regjeringa har føreslått 56,3 millionar kroner til Statens havarikommisjon for transport i 2010. Veksten på drygt 6 prosent frå 2009 kjem mellom anna fordi det er behov for auka ressursar til å følgje opp ulukker til sjøs.