Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2011:

Statens vegvesen: Eiga tilsynseining – frå 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa føreslår at tilsynsoppgåvene til Statens vegvesen vert lagde til ei eiga eining direkte under vegdirektøren. Eit slikt skilje er nødvendig for å sikra tilstrekkeleg habilitet i tilsynssaker, seier samferdselsministeren.

- Regjeringa føreslår at tilsynsoppgåvene til Statens vegvesen vert lagde til ei eiga eining direkte under vegdirektøren. Det skal vera eit tydeleg organisatorisk og styringsmessig skilje mellom tilsynsverksemda og anna verksemd i etaten. Eit slikt skilje er nødvendig for å sikra tilstrekkeleg habilitet i tilsynssaker, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Etter departementet si meining vil ei vegtilsynseining direkte under vegdirektøren gi betre utnytting av tilgjengeleg veg- og trafikkfagleg kompetanse og vesentleg lågare administrative kostnader enn om tilsvarande oppgåver vart lagde til ein eigen  nyoppretta organisasjon utanfor Statens vegvesen. Kvaliteten på tilsynsarbeidet vil etter departementet si meining bli like god.

Eit utval som utgreidde ei mogeleg oppretting av eit eige vegtilsyn utanfor Statens vegvesen kom fram til at ei oppretting av eit slikt tilsyn utanfor etaten ville krevja om lag 100 millionar kroner over ein periode på ti år. Under visse føresetnader vil alternativ bruk av eit slikt beløp – også over ein periode på 10 år – gi ein reduksjon på om lag 300 drepne og hardt skadde i vegtrafikken. 

Samferdselsdepartementet reknar med at tilsynsverksemda organisert  som eiga eining direkte under vegdirektøren vil ha behov for 5 – 10 årsverk ved oppstart. Kostnadene vil bli dekte innan rammene for vegbudsjettet. Departementet tek sikte på at eininga kan bli oppretta i første halvdel av 2012.

- I tråd med Soria Moria II, den politiske plattforma for regjeringa, er det eit mål å leggja den nye eininga utanfor Oslo. Samferdselsdepartementet vil i samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet gjennomføra ei nærmare utgreiing av lokaliseringa, seier samferdselsminsteren.