Meld. St. 17 (2009–2010)

Samarbeidet i NATO i 2009

Til innhaldsliste

6 Samarbeidet med Russland

Samarbeidet mellom NATO og Russland skjer i regi av NATO-Russland-rådet (NRC). Rådet vart oppretta i 2002 og er samansett av 29 likeverdige medlemer. Som i NATO elles vert avgjerdene i NRC tekne ved konsensus.

Utgangspunktet for NRC-samarbeidet er ei gjensidig erkjenning av at NATO og Russland deler mange utfordringar som best kan løysast i fellesskap. Regjeringa legg stor vekt på den tillitsskapande funksjonen NRC fyller. På bakgrunn av turbulensen i forholdet etter Georgia-konflikten er det spesielt viktig å ha ein brei dialog mellom NATO og Russland om alle tryggingspolitiske spørsmål, både på område der det er semje, og der det råder usemje.

Regjeringa legg òg vekt på at dialogfunksjonen NRC har, må følgjast opp med praktisk samarbeid knytt til tryggingsutfordringar som gjeld både NATO og Russland. Her har NRC eit stort potensial som vi frå norsk side vil arbeide aktivt for å realisere.

Den russiske invasjonen av Sør-Ossetia, Abkhasia og andre delar av georgisk territorium i august 2008 førte til at NATO suspenderte NRC-samarbeidet inntil vidare. Russland svarte med å suspendere det militære samarbeidet med alliansen. NRC-samarbeidet var dermed i praksis ikkje-fungerande gjennom første halvdel av 2009.

NATOs reaksjon på krigen og svaret frå Russland innebar at alliansen i desse månadane var vesentleg meir restriktiv i kontakten med Russland enn til dømes EU var. Ei rekkje allierte land, mellom andre Noreg, var kritiske til om ein full og langvarig suspensjon av NRC-samarbeidet var føremålstenleg for NATO. Sjølv om Noreg støtta ei midlertidig avgrensing av samarbeidet med Russland, peikte vi samtidig på at NRC nettopp hadde sin styrke i å opne for dialog og tillitsbygging i spørsmål NATO og Russland var usamde om.

NATO-toppmøtet i Strasbourg/Kehl i april 2009 opna for å ta opp att samarbeidet med Russland innanfor NRC og tillyste eit utanriksministermøte mellom NATO og Russland for å setje prosessen i gang. Det uformelle NRC-utanriksministermøtet på Korfu i juni slo deretter fast at NRC-samarbeidet skulle takast opp att i full breidde. Samtidig måtte NRC-samarbeidet bli eit meir effektivt forum for dialog og praktisk samarbeid mellom dei allierte og Russland. Den nye amerikanske administrasjonen har ei meir aktiv tilnærming til Russland gjennom «Reset»-politikken, og dette bidrog vesentleg til å betre forholdet mellom NATO og Russland.

Den nye generalsekretæren i NATO, Anders Fogh Rasmussen, gjorde det tidleg klart at han vil prioritere forholdet til Russland høgt. I ein tale i september føreslo generalsekretæren at NATO og Russland saman burde gjennomføre ein analyse av truslar og tryggingsutfordringar som er felles for begge partar. Føremålet var å styrkje dialogen mellom dei og skape ei plattform for vidareutvikling av det praktiske samarbeidet. Utspelet vart godt motteke, og i løpet av hausten 2009 diskuterte partane potensielle tema for ein slik analyse. Parallelt med denne prosessen sette NRC i gang eit større reformarbeid med sikte på å gjere komitéstrukturen meir funksjonell og oversiktleg. Sett frå alliert side var dette nødvendig for å gjere NRC til ein meir operativ reiskap for praktisk samarbeid. Reforma ville etter NATO-landas meining dessutan setje NRC betre i stand til å gjennomføre den felles trusselvurderinga Generalsekretæren hadde ønskt.

Begge prosessane vart fullførte i samband med utanriksministermøtet i NRC i desember 2009. I tillegg til å vedta endringane i komitéstrukturen til NRC gav utanriksministrane NRC i oppdrag å gjennomføre ein felles trusselvurdering knytt til fem hovudtema: Afghanistan, terrorisme, piratverksemd, ikkjespreiing av masseøydeleggingsvåpen og katastrofar.

Regjeringa har arbeidd aktivt for å få tatt opp att dialogen mellom NATO og Russland. Sidan utanriksministermøtet på Korfu i juni har det vore ei norsk prioritering å bidra til å utvikle NRC slik at samarbeidet mellom NATO og Russland skal kome styrkt ut av krisa det har vore inne i. Det var nødvendig med ein gjennomgang av komitéstrukturen både fordi talet på underkomitear hadde vakse sidan NRC vart oppretta i 2002, og fordi fleire underkomitear ikkje var særleg aktive. Etter reformene er det vorte færre, men tematisk sett breiare underkomitear. Dette vil på sikt gje NRC større fleksibilitet i arbeidet og gjere det enklare å gjennomføre den felles trusselvurderinga mellom NATO og Russland.

Frå norsk side har vi lagt vekt på å støtte opp om NRC-samarbeidet mellom anna gjennom å ta på oss vertskapsansvar og tilretteleggingsansvar for felles arrangement. Hausten 2009 var Noreg difor vertskap for eit ekspertmøte om atomvåpendoktrine med brei deltaking frå alliert og russisk side. Den planlagde sivile krisehandteringsøvinga som skulle ha vore avvikla i Noreg i 2009, vart utsett og gjennomført 22.–24. mars 2010. Noreg bidrog òg i 2009 med midlar til vidareføringa av NRC-prosjektet for opplæring og trening av personell til antinarkotikainnsats i Afghanistan og Sentral-Asia i regi av UNODC. Prosjektet er eit viktig bidrag i kampen mot narkotikaproblemet i tilknyting til Afghanistan gjennom å sørgje for opplæring og trening av antinarkotikapersonell frå politi og grensestyrkar både frå Afghanistan og dei sentralasiatiske nabolanda. Prosjektet er òg ein klar demonstrasjon av tilleggsverdien NRC tilfører som samarbeidsarena i kampen mot felles utfordringar for NATO og Russland.

Eit anna viktig element i samarbeidet mellom NATO og Russland er inngåinga av ein transittavtale om landtransitt av visse typar forsyningar til ISAF-styrken. Ein slik avtale vil kunne redusere transportkostnadene som er knytte til ISAF-operasjonen, vesentleg og gje betre tryggleik for forsyningane. NATO har ved inngangen til 2010 gjort ferdige alle nødvendige avtalar for å kunne ta i bruk den nordlege landtransportruta frå Europa til Afghanistan for visse typar gods. Samtalane med Russland om å utvide transittavtalen til å gjelde alle typar forsyningar og flytransitt vil halde fram i tida framover.

NATO på si side er interessert i eit styrkt russisk engasjement i tilknyting til Afghanistan. Generalsekretær Anders Fogh Rasmussen tok mellom anna opp dette spørsmålet under besøket i Moskva i desember 2009. Konkret gjeld ønsket frå alliansen auka russisk støtte til opplæring av afghanske tryggingsstyrkar og utstyr til dei, i tillegg til auka innsats i kampen mot narkotikasmuglinga frå Afghanistan. NATO håpar at den felles trusselvurderinga med Russland kan bidra til å styrkje det eksisterande samarbeidet og identifisere nye område for samarbeid i tilknyting til Afghanistan. Russland har, på politisk plan, gjeve uttrykk for at dei er interesserte i å auke Afghanistan-samarbeidet.

Regjeringa er òg oppteken av å sjå på utsiktene til eit samarbeid med Russland innanfor NRC-ramma i tilknyting til nordområda. Alle landa rundt Arktis er medlemer av NRC, og her burde ein difor ha dei beste føresetnadene for å diskutere felles utfordringar og problemstillingar knytte til regionen.

Til forsida