Meld. St. 9 (2014-2015)

Gjennomgang av ordninga med supplerande stønad til personar over 67 år med kort butid i Noreg

Til innhaldsliste

8 Aktuelle endringar

8.1 Prøvinga mot formue

Lov om supplerande stønad § 8 første leddet har denne ordlyden:

«Dersom ein søkjar eller ektemaken har så stor formue at det ville vere urimeleg å gi supplerande stønad, kan ein gi avslag på søknaden. Som formue vert ikkje rekna vanleg bustad eller vanlege ting til dagleg bruk.»

Etter andre leddet i paragrafen har departementet heimel til å gje forskrifter til utfylling av reglane i det første leddet, men slike forskrifter er ikkje gjevne. Ein ville mellom anna sjå korleis prøvinga mot formue utvikla seg i praksis først.

I praksis er det lagt til grunn at ein finansformue over 0,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda er nok til at ein søkjar får avslag på søknaden om supplerande stønad, sjølv om søkjaren ikkje har andre inntekter.

Som nemnt i punkt 6.4 har dei som handsamar sakene, vore noko usikre på korleis dei skulle handtere prøvinga mot formue, og har ønskt seg meir utfyllande reglar. Brukarane kan på den andre sida oppleve ordninga som urimeleg, mellom anna dersom finansformuen skriv seg frå mottaket av supplerande stønad.

Ordninga med supplerande stønad var meint som ei minimumsløysing med sikte på å avlaste kommunane for utgifter til økonomisk stønad. Departementet kan ikkje sjå at det er grunn til å gå bort frå dette. Reglane må vere slik at ein ikkje kan få ytinga dersom ein har stor formue av ulik art (eller dersom ektemaken eller sambuaren har slik formue), og det er vanskeleg å gje generelle reglar om dette. Når det gjeld finansformue, er det likevel fast praksis for at slik formue over 0,5 G fører til avslag på ein søknad om supplerande stønad.

Når det gjeld handteringa av denne grensa, gav ein alt ved etableringa av ordninga ei viss rettleiing til sakshandsamarane ved å vise til definisjonen av finansformue i § 2 andre leddet i forskrifta til § 7-2 i folketrygdlova om gravferdsstønad. I rundskrivet til ordninga med supplerande stønad heiter det:

«Begrepet ’finansformue’ er et bruttobegrep. Gjeld går ikke til fradrag. Med ’finansformue’ menes dermed ’kontanter, bankinnskudd, omsettelige aksjer, obligasjoner, andeler i verdipapirfond, andre omsettelige verdipapirer og utestående fordringer’. Det er likvide midler som i utgangspunktet kan gjøres tilgjengelige slik at dette kan brukes til å dekke utgifter. Slik formue inntil 0,5 G skal ikke være avslagsgrunn. Personer som selv har, eller bor sammen med ektefelle, samboer eller partner som har finansformue over 0,5 G, fyller ikke vilkårene for å få supplerende stønad. Fribeløpet på 0,5 G gjelder samlet for ektefellene. Det skal da gis avslag på krav om stønad med den begrunnelse at finansformuen er for høy. Dersom finansformuen senere blir oppbrukt til livsopphold, kan det gis supplerende stønad når dette har skjedd og finansformuen ikke overstiger 0,5 G. Ved formue over 0,5 G kan stønadsrett tidligst oppstå etter det antall måneder (avrundet etter vanlige avrundingsregler) som framkommer når finansformuen som overstiger 0,5 G deles med det aktuelle stønadsbeløpet vedkommende kan ha rett til etter lovens § 7.»

Rundskrivet gjer det klart korleis ein skal praktisere prøvinga mot finansformue. I realiteten har ein heile tida hatt faste reglar om dette. Departementet meiner at ein no bør vurdere å regelfeste løysinga ved endringar i lova eller i ei eiga forskrift. Ettersom reglane i rundskrivet er relativt omfattande, kan det vere tenleg med ei forskrift.

8.2 Opphald i institusjon

Etter § 12 i lova om supplerande stønad fell retten til ytinga bort når mottakaren har vore innlagd i ein institusjon der opphaldet vert dekt av det offentlege. Det same gjeld når mottakaren vert sett i fengsel. Supplerande stønad fell bort frå og med den andre kalendermånaden etter den månaden da opphaldet tok til.

I praksis har det vore tvil om paragrafen omfattar offentlege institusjonar der dei innlagde må betale eit visst vederlag for opphaldet sjølve, til dømes sjukeheimar. Denne betalinga dekkjer på langt nær dei faktiske kostnadene ved opphaldet. Ordlyden i lova («vert dekt av det offentlege») omfattar både heil og delvis dekning av det offentlege, og spørsmålet vart ikkje drøfta i Ot.prp. nr. 14 for 2004–2005.

Departementet vil peike på at formålet med supplerande stønad ikkje er å sikre at kommunen får betaling for stønadstakaren sin plass på alders- eller sjukeheim. Ytinga skal tvert imot dekkje dei daglege behova til mottakaren utanfor institusjon. Personane det gjeld, har rett til å få institusjonsopphaldet dekt av det offentlege, og betalingsplikta gjeld berre så langt ein innlagd har inntekter som kan nyttast til slik betaling.

Departementet meiner at lova må vere slik å forstå at opphald i alders- eller sjukeheim er omfatta av regelen om stans av supplerande stønad, sjølv om dei innlagde har plikt til betaling dersom dei har inntekt. Supplerande stønad bør vere ei subsidiær yting, òg i i høve til plikta for det offentlege til å dekkje opphald i dei aktuelle institusjonane. Ein vil vurdere om dette bør presiserast.

8.3 Samordning av økonomisk stønad og supplerande stønad

Etter § 11 femte leddet i lova om supplerande stønad skal det gjerast frådrag i etterbetalingar av supplerande stønad tilsvarande den økonomiske stønaden som mottakaren har fått medan søknaden om supplerande stønad har vore til handsaming. Dette er ein svært praktisk situasjon, og det vil klart nok ikkje vere rimeleg å gje full etterbetaling av supplerande stønad i slike tilfelle; det ville føre til dobbel dekning av kostnader til livsopphald.

Trekket i etterbetalinga av supplerande stønad vert ikkje utan vidare sendt kommunen som refusjon for utbetalt økonomisk stønad. Dette vert berre gjort dersom kommunen gjer krav gjeldande etter lova om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga. Refusjonskrav i etterbetaling av supplerande stønad kan ikkje fremjast etter § 26 i denne lova, som berre gjev heimel for refusjonskrav i etterbetalingar etter folketrygdlova eller lovene om krigspensjonering. Krav frå kommunen kan likevel grunnast på at refusjon er sett som vilkår for å gje økonomisk stønad, eller at den økonomiske stønaden er gjeven som lån (jf. §§ 20 og 21 i lova om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga).

§ 11 femte leddet i lova om supplerande stønad gjev berre heimel for trekk i etterbetaling av supplerande stønad, det vil seie ytingar som refererer seg til månadene før den månaden da den supplerande stønaden først vert utbetalt. Sjølv om mottakaren òg har fått økonomisk stønad i utbetalingsmånaden, skal det ikkje gjerast frådrag i utbetalinga for dette.

Departementet vil vurdere om det kan være aktuelt at trekk i etterbetalingar av supplerande stønad for utbetalt økonomisk stønad utan vidare vert sendt den kommunen som har gjeve økonomisk stønad.

8.4 Heimel for å trekke for utbetalt supplerande stønad i alderspensjon som vert etterbetalt

Etter § 3 tredje leddet i lova om supplerande stønad er det eit vilkår for rett til ytinga at «… stønadstakaren og ein eventuell ektemake over 67 år fullt ut nyttar retten sin til pensjon frå folketrygda eller andre norske eller utanlandske ordningar».

Arbeids- og velferdsdirektoratet har gjort departementet merksam på at det i nokre tilfelle vert utbetalt supplerande stønad medan eit krav om alderspensjon er til handsaming. Det er i dag ikkje heimel for å gjere frådrag i etterbetalinga av alderspensjon, som difor vert etterbetalt fullt ut, med dobbel dekning som resultat.

Dette kan til dømes gjelde saker der mottakaren har status som flyktning og difor rett til full pensjon på minstenivå, sjå mellom anna § 3-2 sjette leddet, § 3-3 sjuande leddet, § 19-8 sjette leddet og § 20-10 fjerde leddet. I slike saker er regelen i § 3 tredje leddet i lova om supplerande stønad praktisert ulikt avhengig av om søknaden om supplerande stønad vert sett fram før eller etter kravet om alderspensjon. Dersom det ikkje er sett fram krav om alderspensjon, får søkjaren avslag på kravet om supplerande stønad. Dersom kravet om alderspensjon alt er sett fram, har ein i praksis lagt til grunn at ein må gje supplerande stønad inntil alderspensjonen kjem til utbetaling, og det er i desse sakene det vert dobbel dekning.

Dei manglande reglane om samordning ved etterbetaling av alderspensjon fører òg til dobbel dekning dersom alderspensjonen til ein person vert justert opp medan han eller ho er inne i ein periode med supplerande stønad. Eksempelvis kan alderspensjon verte revurdert fordi trygdetida vert fastsett på nytt. Dette kan føre til etterbetaling av alderspensjon for periodar der det er utbetalt supplerande stønad. Etterbetalinga skulle da ha gått til avkorting av den supplerande stønaden etter reglane om inntektsprøving i § 7 i lova. For mykje utbetalt supplerande stønad kan ikkje krevjast tilbake frå brukaren, som i regelen ikkje kan lastast for det som har skjedd. Som nemnt er det heller ikkje heimel for å gjere frådrag for for mykje utbetalt supplerande stønad i etterbetaling av alderspensjon, slik at ein her òg får dobbel dekning.

Det er klart at det ikkje på noko tidspunkt har vore meininga at stønadstakaren skal ha både alderspensjon og supplerande stønad utan samordning. Tvert om skal supplerande stønad reduserast med alderspensjon krone for krone. Departementet vil difor foreslå endringar med sikte på å unngå dobbel dekning når alderspensjon vert etterbetalt for periodar der det er utbetalt supplerande stønad. Løysinga bør likevel ikkje vere den same i dei to tilfella som ein har gjort greie for her:

Når det gjeld saker der ein person har status som flyktning, kan ein ikkje sjå at det er grunn til at vedkomande på noko tidspunkt skal ha tilgang til supplerande stønad. Løysinga må her primært vere at denne gruppa vert stengd ute frå retten til supplerande stønad etter reglar direkte i lova. Det er tenkjeleg at det bør vere ei opning for å gje supplerande stønad dersom det på det aktuelle tidspunktet enno ikkje er gjort vedtak med omsyn til status som flyktning, men vilkåra for å få supplerande stønad vil venteleg ikkje vere oppfylte i slike saker. Ein tenkjer her mellom anna på vilkåret om å ha løyve til permanent opphald i riket. I tida det tek å handsame søknaden om alderspensjon, vil flyktningen i alle høve kunne søkje om økonomisk stønad.

For dei andre sakene med dobbel dekning ved etterbetaling av alderspensjon må løysinga vere ein heimel til å gjere frådrag i etterbetalinga svarande til for mykje utbetalt supplerande stønad i perioden som etterbetalinga gjeld. Ein slik heimel bør inn i folketrygdlova og vil, i alle høve i tilfella med justering av trygdetid, innebere at heile etterbetalinga går til dekning av for mykje utbetalt supplerande stønad.

8.5 Bufellesskap

Arbeids- og velferdsdirektoratet har peika på at mange som får supplerande stønad, bur i lag med eitt eller fleire av sine eigne barn over 18 år. I mange tilfelle har desse vaksne barna òg eigen ektemake eller sambuar. Det finst òg tilfelle der ein stønadstakar bur i lag med ein annan vaksen person som ikkje kan reknast som sambuar, og som stønadstakaren ikkje har felles hushald med. Etter lova kan to personar berre reknast som sambuarar dersom dei «bur saman som ektefolk utan å vere gifte med kvarandre».

Mottakarar som bur slik, vil i realiteten ha lågare utgifter til livsopphald enn dei som ikkje deler bustad med ein annan vaksen person. Slik reglane er i dag, er Arbeids- og velferdsetaten avhengig av korleis mottakaren sjølv definerer butilhøvet. Det er vanskeleg for etaten å definere tilhøvet som sambuarskap når søkjaren eller han/ho som deler bustad med søkjaren, ikkje er samd. Departementet vil sjå nærare på denne problemstillinga.

8.6 Oppdatering av lova

Det er behov for å oppdatere lova om supplerande stønad som følgje av endringar i utlendingslova og etableringa av lova om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga.

  • Ifølgje § 3 i lova om supplerande stønad er det eit vilkår for å få ytinga at ein har «opphaldsløyve som gir grunnlag for busetjing i riket». Ordlyden er basert på tidlegare ordlyd i utlendingslova. Utlendingslova taler no om «permanent oppholdstillatelse» (sjå § 62 i lova), og ordlyden i lova om supplerande stønad bør tilpassast dette.

  • Etter § 11 femte ledd i lova om supplerande stønad skal det gjerast frådrag i etterbetaling av supplerande stønad for økonomisk stønad utbetalt i etterbetalingsperioden. Føresegna viser til «sosialtenestelova kapittel 5». Reglane om økonomisk stønad er no å finne i kapittel 4 i lova om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga, og den nemnde føresegna i lova om supplerande stønad bør endrast i tråd med dette.

Departementet vil leggje fram forslag til dei naudsynte oppdateringane av lova på egna tidspunkt.

8.7 Økonomiske og administrative konsekvensar av endringane

I hovudsak dreier dei aktuelle endringane seg om å få avklara spørsmål som har reist tvil i praksis. Avklaringa av reglane om samordning mellom supplerande stønad og økonomisk stønad og alderspensjon kan i nokon mon bidra til reduserte stønadsutgifter, men ikkje i ein slik grad at det kan påverke budsjetta. Det er ikkje gjort grundige berekningar av dei økonomiske konsekvensane, men ettersom forslaga går i retning av å stramme inn, vil dei ikkje gje auka utgifter. Endringane vil gjere det enklare å praktisere lova, men gjev ikkje grunnlag for å justere administrasjonskostnadene.

Til forsida