Prop. 1 S (2014–2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 2
Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla

Kap. 0001 Svalbard kyrkje

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

4 189

4 360

4 544

Sum kap. 0001

4 189

4 360

4 544

Det vert utført tre årsverk ved Svalbard kyrkje.

Forslag til løyving til Svalbard kyrkje skal blant anna dekkje husleige for kyrkja, utgifter til løn og vikarutgifter, varer og tenester som kyrkja står for i arbeidet sitt, drift av tenestebil, snøskuter og leige av helikopter. Svalbard kyrkje er eigd av staten og det er Statsbygg som har forvaltningsansvaret for bygninga. Drifts- og vedlikehaldsutgiftene for kyrkja blir dekte over kap. 2445 Statsbygg.

Kap. 0002 Tilskot til kulturelle formål m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

70

Tilskot til velferdsarbeid på Svalbard

860

0

0

Sum kap. 0002

860

0

0

Dette budsjettkapitlet vart avvikla frå 2014 og midlane vart overførte til kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre, kap. 0004 Tilskot Svalbard Museum og til kap. 0007 Tilfeldige utgifter der ein kan søkje om støtte til ulike formål, inkludert velferdstiltak, bl.a. i Barentsburg og Ny-Ålesund (som tidlegare har vore gitt over kap. 2).

Det vil over Kulturdepartementets budsjett for 2015 bli gitt tilskot til fleire kulturtiltak på Svalbard, jf. omtale i pkt. 4.9

Kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

70

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

151 113

192 953

142 110

Sum kap. 0003

151 113

192 953

142 110

For 2015 er det foreslått eit tilskot til Longyearbyen lokalstyre (LL) på til saman 142 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje utgiftene til drift av og investeringar i lokalstyret si verksemd.

Løyvinga er ei prisjustert vidareføring av 2014-løyvinga. Vidare er LL tilført 0,035 mill. kroner i samband med innføring av valfag i 10. klasse i ungdomsskulen, 0,21 mill. kroner i samband med gratis kjernetid for treåringar i barnehage og 0,05 mill. kroner i samband med moderasjonsordninga for foreldrebetaling i barnehage. Vidare er LL trekt 0,041 mill. kroner i samband med redusert støtte til kulturskule, 0,057 mill. kroner i samband med bortfall av ordninga med støtte til frukt og grønt i skulen og 0,252 mill. kroner i samband med redusert etterspurnad av barnehageplassar grunna auka kontantstøtte.

Som eigar av kraftverket i Longyearbyen er LL ansvarleg for tryggleiken i leveransen av varme og energi i lokalsamfunnet. Dei faglege tilrådingane i tilstands- og levetidsvurderinga, sjå under, saman med kritiske brot i nettopp leveransen av varme og energi våren og forsommaren 2013, førte til at lokalstyret prioriterte arbeidet med oppgraderingar av kritiske tryggleiksfaktorar allereie hausten 2013. Dette arbeidet har halde fram i 2014. Arbeidet med å reinse kraftverket vil etter planen verte fullført i 2015 og vart fullfinansiert over svalbardbudsjettet i åra 2012–2014. 68,5 mill. kroner er trekte ut frå budsjettet som ein konsekvens av at finansieringa vert avslutta i 2014.

I ei levetidsvurdering av kraftverket utført våren 2013 vart det tilrådd å rehabilitere kraftverket slik at kraftverket vil kunne levere straum i ytterlegare om lag 25 år. Dette er berekna til å ha ein kostnad på om lag 98 mill. kroner. LL har allereie brukt 11 mill. kroner i 2014 for å starte opp dette arbeidet. Regjeringa føreslår at dei resterande kostnadane med rehabiliteringa (om lag 87 mill. kroner) blir dekte som eit spleiselag der lokalstyret dekkjer 1/3 og staten 2/3 av kostnadane. Regjeringa føreslår å løyve 13,3 mill. kroner i svalbardbudsjettet for 2015 som staten sin del til dette arbeidet. Den statlege medfinansieringa på 2/3 føreset at LL dekkjer 1/3 av dei resterande kostnadane med rehabiliteringa.

Frå 2014 er kap. 0002 Tilskot til kulturelle formål m.m. avvikla og 0,5 mill. kroner vart overført til kap. 0003 Tilskot til LL og skal brukast til velferdsformål. Midlane skal mellom anna dekkje tilskot til kultur- og fritidsføremål og til Longyearbyen folkebibliotek.

Etter forskrift 5. april 2000 nr. 347 om overskotsutdeling frå Nordpolet AS, skal nettooverskotet frå sal av alkoholhaldig drikk frå Nordpolet overførast til LL, som fordeler midlane til velferdsformål. LL fordeler i 2014 overskotet for 2013 som utgjorde i overkant av 5,6 mill. kroner. LL rapporterer til Sysselmannen om bruken av midlane.

Kap. 0004 Tilskot til Svalbard museum

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

70

Tilskot til Svalbard museum

10 484

11 200

11 600

Sum kap. 0004

10 484

11 200

11 600

Løyvinga skal gå til dekning av husleige og andre bygningsmessige kostnader for Svalbard museum i Svalbard forskingspark. I tillegg til denne løyvinga vert det òg tildelt midlar til Svalbard museum over Kulturdepartementets kap. 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket.

Frå 2014 er kapittel 0002 Tilskot til kulturelle formål m.m. avvikla og 0,3 mill. kroner vart i staden direkte overført til kap. 0004 Tilskot til Svalbard Museum.

Kap. 0005 Sysselmannen (jf. kap. 3005)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

39 964

42 515

49 385

Sum kap. 0005

39 964

42 515

49 385

I 2013 vart det utført om lag 39 årsverk ved sysselmannskontoret. Inkludert i dette talet er engasjement av ekstrabetjentar og feltinspektørar i sommarmånadene. Åremålet for tilsette ved sysselmannskontoret er 6 år.

Løyvinga over kap. 5 Sysselmannen skal dekkje utgifter til løn og drift av sysselmannskontoret, under dette utgifter til vedlikehald og fornying av utstyrsparken. Løyvinga er ei prisjustert vidareføring av 2014-løyvinga med tillegg for heilårsverknaden av tre politistillingar som Sysselmannen vart styrkt med frå 1. juli 2014. Styrkinga vart gjort for å setje Sysselmannen i stand til å løyse nye og større utfordringar på rednings-, beredskaps- og tryggleiksområdet innanfor dei gjeldande arbeidstidsføresegnene for politiet.

Det vert foreslått å overføre 0,5 mill. kroner frå kap. 0009 Kulturminnetiltak til kap. 0005 Sysselmannen for å finansiere ei stilling som snikkar på åremål som eit ledd i å styrkje arbeidet med kulturminne.

Dei seinare åra har presset på kontorareala ført til eit auka behov for å utvide Sysselmannens administrasjonsbygg. Dette arbeidet vart sett i gang i 2013 og vert ferdigstilt hausten 2014. Gjennom denne utvidinga vert det òg etablert eit tidsmessig stabsrom til bruk ved større hendingar der det vert etablert krisestab. Løyvinga er justert for heilårsverknaden av auka husleige- og driftsutgiftar i samband med utvidinga av bygget.

Sysselmannen disponerer store utstyrs- og transportressursar, mellom anna terrenggåande beltevogner, småbåtar, snøskuterar og utstyr for oljevernberedskap. Dette er naudsynt for å kontrollere og halde oppsyn med den store øygruppa. Saman med helikopter og skip er utstyrsparken òg naudsynt for redningsberedskapen på øygruppa. Sysselmannen har òg betydelege vertskaps- og representasjonsoppgåver i samband med besøk frå inn- og utland. Fleire av besøka er på høgt politisk nivå. Det er venta at omfanget av desse oppgåvene vil halde fram i takt med interessa for Svalbard og Regjeringa si satsing i nordområda.

JD hadde i 2014 fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 05, post 01 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3005, post 02. Det vert foreslått å endre denne fullmakta til å gjelde inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3005, post 02. Forslag til løyving på kap. 05, post 01 er difor auka tilsvarande dei budsjetterte inntektene på kap. 3005, post 02, sjå omtala under kap. 3005.

Justis- og beredskapsdepartementet ber Stortinget samtykkje i at departementet i 2015 kan bestille varer for inntil 3 mill. kroner utover løyvinga som er gitt under kap. 5 post 01, jf. forslag til vedtak. Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Fullmakta er meint å dekkje Sysselmannens behov for større utstyrsinvesteringar over budsjetterminane.

Kap. 3005 Sysselmannen (jf. kap. 5)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Diverse inntekter

2 456

200

200

02

Refusjonar m.v.

3 940

0

2 700

Sum kap. 3005

6 396

200

2 900

Kapitlet korresponderer med kap. 5 Sysselmannen. Inntektene på post 01 omfattar bøter, gebyr, inndragingar og inntekter ved auksjonar, sal av isbjørnskinn og reinsdyrkjøtt. Bøter blir kravde inn av Statens Innkrevjingssentral, men inntektsførte under Sysselmannen. Sysselmannen mottek diverse refusjonar og får midlar stilte til disposisjon ved posteringsfullmakter. Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 5 post 01 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3005, post 02, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

84 271

165 580

170 565

Sum kap. 0006

84 271

165 580

170 565

Avstandane på Svalbard er store. Det finst ikkje vegsamband eller offentlege kommunikasjonsmiddel for intern transport mellom busetjingane og elles på øygruppa. For å kunne utøve det oppsynet som er nødvendig for å handheve norsk suverenitet, er Sysselmannen heilt avhengig av både helikopter og skip. Desse transportmidla er òg heilt naudsynte for ei effektiv politi- og redningsteneste, og for ambulanse- og sjuketransport, også utanfor Svalbards territorialfarvatn. Transportmidla blir dessutan nytta til naturoppsyn og førebyggjande arbeid mot miljøkriminalitet. Utan helikopter og skip vil det ikkje vere mogleg å føre eit effektivt tilsyn med verneområde, kulturminne, jakt, ferdsel og turisme også i dei fjerne delane av øygruppa. I 2013 vart det koordinert 67 redningsoppdrag. Dette er ein nedgang frå 2012, men omtrent på nivå med i 2011. I dei fleste av desse nytta ein Sysselmannens helikopter.

Kapitlet dekkjer stasjonering og drift av to tenestehelikopter. For å styrkje arbeidet med søk og redning på Svalbard og i nærliggande havområde, vedtok Stortinget at Sysselmannen frå 2014 skal ha to store likeverdige helikopter. Etter forhandlingar er det frå 1. april 2014 inngått kontrakt med Lufttransport AS om leige av to Super Puma helikopter med avansert utstyr. Bakgrunnen for dette er både det utvida ansvarsområdet som følgjer av den nye redningsavtala i Arktis, og den auka betydninga Longyearbyen vil få som base for rednings- og forureiningsberedskap i dei nordlege havområda. Dette medverkar til å styrkje redningsberedskapen på fleire måtar. Helikoptra har auka rekkevidde og vil kunne plukke opp 18 naudstilte innanfor ei radius på 120 nautiske mil. Vidare har helikoptra større lasteevne, nytt moderne søkeutstyr og betre kommunikasjons- og sikkerheitsutstyr. I tillegg vert utrykkingstida på reservehelikopteret som tidlegare var to timar i kontortida og 12 timar utanom denne, no redusert til to timar heile døgnet. Vidare er tryggleiken for mannskapet auka. For å få tilfredsstillande hangarforhold for helikoptra frå 2014, vart det bygt ein ny moderne hangar som sto klar 1. april 2014.

Løyvinga dekkjer heilårsverknaden av den nye helikopterkontrakten.

Vidare dekkjer kapitlet utgifter til leige av tenestefartøy. Tenestefartøyet til Sysselmannen er ein sentral ressurs i rednings- og beredskapssamanheng ved mellom anna fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp, personskadar m.v. I tillegg er det heilt avgjerande i dei årlege inspeksjonane av øygruppa og generelt i Sysselmannens utøving av mynde på øygruppa. Det er særs viktig at helikopter og fartøy kan samverke på ein god måte. Sysselmannens kontrakt om leige av tenestefartøy gjekk ut i 2012. For 2013 vart det inngått ein ny eittårig kontrakt. Frå 2014 er det inngått kontrakt med Remøy Management AS om leige av eit nytt isgåande fartøy med eit helikopterdekk som er stort nok for Sysselmannens nye helikopter. Fartøyet er eit nybygg frå Havyard-verftet i Sogn og Fjordane og skal setjast inn i teneste hausten 2014. Eit erstatningsfartøy vert leigd inn frå sesongstart til det nye fartøyet er klart.

Kap. 3006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Leigeinntekter

411

500

0

02

Refusjonar

790

0

Sum kap. 3006

1 201

500

0

Kapitlet korresponderer med kap. 6 og viser venta inntekter og refusjonar ved utleige av dei transportmidla Sysselmannen disponerer. Etter avtale med leverandørar av transporttenester, skal Sysselmannen ha inntektene/refusjonane dersom desse transportmidla vert nytta av andre. Inntektene er frå utleige til privat verksemd, mens refusjonar gjeld utleige til andre statlege institusjonar.

For å skilje mellom inntekter og refusjonar er det ein post 01 Leigeinntekter og ein post 02 Refusjonar under kap. 3006. Det vert føreslått å budsjettere med 0 i inntekter på post 01 Leigeinntekter då det er svært usikkert om det vil verte nokon etterspørsel etter å leige helikopter frå dei andre statlege verksemdene når det minste helikopteret er teke ut av teneste. Det vert vidare føreslått løyvd 0 kroner på post 02 Refusjonar, då desse varierer frå år til år og det er vanskeleg å gi eit presist overslag. Det vert føreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 6, post 01 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3006, post 02, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0007 Tilfeldige utgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

70

Diverse tilskot

1 706

2 678

1 600

Sum kap 0007

1 706

2 678

1 600

Løyvinga under denne posten er disponert av Justis- og beredskapsdepartementet. Posten skal dekkje informasjonstiltak, støtte til ulike velferdsformål, utgreiingar, mindre prosjektkostnader og liknande, og til mindre, ikkje føresette utgifter. Det vert foreslått å redusere løyvinga noko og at midlar vert overførte til kap. 18 Navigasjonsinnretningar.

Dei meirutgiftene Telenor har i samband med samfunnspålagte teletenester på Svalbard, er dekte over denne posten. Justis- og beredskapsdepartementet har avtala med Telenor under vurdering, sjå omtale under pkt. 4.5.

Kap. 0009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

2 245

2 300

1 865

Sum kap. 0009

2 245

2 300

1 865

Kulturminnevernet er ein del av eit samla miljøvern på Svalbard og skal samle og ta vare på kunnskap om kulturminne på øygruppa. I tillegg skal det tene til å verne, forvalte og halde ved like kulturminna i samsvar med forskrifter og vedtekne planar, og informere om Svalbards kulturhistorie.

Kulturminneplan for Svalbard 2010–2020 låg føre i 2011. Planen dannar grunnlaget for dei forvaltningsstrategiane det er lagt vekt på i kulturminnevernet for Svalbard. Arbeidet med undersøkingar i felt og registreringar held fram. I samsvar med kulturminneplanen blir det arbeidd med bygningsvern og med å avdekkje nedbrytingsmekanismar for å utvikle metodar for istandsetjing og vedlikehald. Det er òg viktig å føre vidare det haldningsskapande informasjonsarbeidet, mellom anna gjennom ein serie med informasjonshefte. For å styrkje arbeidet med kulturminne er det foreslått å opprette ei stilling som snikkar i åremål og det er difor foreslått å overføre 0,5 mill. kroner frå kap. 9 Kulturminnetiltak til kap. 5 Sysselmannen.

Kap. 3009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 9)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Diverse inntekter

-

0

0

Sum kap. 3009

-

0

0

Det er oppretta eit nytt kapittel 3009 Kulturminnetiltak frå 2014 for å synleggjere inntekter relaterte til kap. 9 Kulturminnetiltak.

Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 9 post 01 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3009, post 01, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0011 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

1 623

1 550

1 600

Sum kap. 0011

1 623

1 550

1 600

Direktoratet har hovudkontor i Trondheim. I tillegg har direktoratet eige kontor og ei bergmeisterstilling på Svalbard. For 2015 vil Direktoratet prioritere saksbehandling og tilsyn. Direktoratet vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne vare på. For nærare omtale, sjå kap. 4.2.

Kap. 0017 Refusjon til Norsk Polarinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

50

Refusjon

3 125

3 230

3 340

Sum kap. 0017

3 125

3 230

3 340

Norsk Polarinstitutt er underlagt Klima- og miljødepartementet. Norsk Polarinstitutt har ei omfattande verksemd på Svalbard, med mellom anna forsking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av forskingsstasjonar, ettersyn og rådgiving i miljøspørsmål overfor sentrale og lokale forvaltningsorgan. Det meste av budsjettmidlane til instituttet si verksemd på Svalbard blir dekte over Klima- og miljødepartementets kap. 1471.

Refusjonen til Norsk Polarinstitutt over Svalbardbudsjettet skal gi delvis dekning for oppgåver instituttet utfører på Svalbard for andre enn miljøforvaltninga. Dette omfattar topografisk kartlegging, forvaltningsrådgiving overfor Sysselmannen og miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Polarinstituttet yter òg logistisk støtte til norsk og utanlandsk forskingsverksemd på Svalbard.

Kap. 0018 Navigasjonsinnretningar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

3 860

4 000

6 500

Sum kap. 0018

3 860

4 000

6 500

Løyvinga skal dekkje utgifter til navigasjonsinnretningar i farvatnet ved Svalbard. Innretningane er vanlegvis etablerte for sjøtrafikk, men det finst òg eit visst tal aerolykter etablerte for lufttrafikk med helikopter. Norsk Polarinstitutt utfører tenesta på oppdrag frå Kystverket, og så langt det er praktisk mogeleg i kombinasjon med instituttet si ekspedisjonsverksemd på Svalbard. Det vert foreslått å styrkje løyvinga med om lag 2,4 mill. kroner i 2015. Løyvinga vil setje Kystverket i stand til å starte ei naudsynt utskifting av navigasjonsinnretningane på Kapp Martin, Akseløya, Isfjord og i Akselsundet.

Kap. 0019 Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

6 515

6 510

7 050

Sum kap. 0019

6 515

6 510

7 050

Kap. 19 Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen skal synleggjere utgiftene til husleige for statens bygningar på Bjørnøya og Hopen. Drifta av dei meteorologiske stasjonane på øyane vert finansiert av Kunnskapsdepartementet over Meteorologisk institutts budsjett. Utover prisstigninga er budsjettet styrkt med 0,14 mill. kroner som ei rammeoverføring frå Kunnskapsdepartementet i samband med auka husleige for ein ny garasje på Bjørnøya og med 0,2 mill. kroner for å dekkje andre auka leigeutgifter.

Kap. 0020 Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

12 087

11 600

11 913

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

1 332

3 700

2 200

Sum kap. 0020

13 419

15 300

14 113

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter til drift og vedlikehald av bygningsmassen som Statsbygg forvaltar over svalbardbudsjettet. Dette er post- og bankbygningen, Statsbyggs administrasjonsbygning, 120 bustadeiningar og lagerbygningar. Utgiftene gjeld inventar, lys, fjernvarme, vatn, avløp, renovasjon, brannvarsling og brøyting. Løyvinga skal vidare dekkje løn og drift for delar av administrasjonen til Statsbygg på Svalbard. Løyvinga dekkjer òg utgifter til husleige for Bergmeisterens kontor i post- og bankbygningen, lagerbygningen til Sysselmannen og bustader for Sysselmannen, Bergmeisteren og Statsbygg.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga skal dekkje ekstraordinært vedlikehald av bygningsmassen som Statsbygg forvaltar over svalbardbudsjettet. Løyvinga vil setje Statsbygg i stand til å vidareføre arbeidet med å stoppe forfall og oppgradere nokre av de statlege bustadene i byen.

Arbeidet med utvidinga av Sysselmannen sitt administrasjonsbygg vart sett i gang i 2013 og vert ferdigstilt hausten 2014. Som tidlegare meldt vert det fremja forslag om å omdisponere om lag 1 mill. kroner av løyvinga frå kap. 20, post 45 til kap. 5 Sysselmannen for å betene auke i husleiga og drift for administrasjonsbygningen til Sysselmannen etter at denne vart utvida. I tillegg vert det foreslått å omdisponere nokre midlar til kap. 18 Navigasjonsinnretningar for å dekkje naudsynt arbeid med å skifte ut navigasjonsinnretningar, jf. omtala over.

Kap. 3020 Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Diverse inntekter

5 779

4 820

5 020

Sum kap. 3020

5 779

4 820

5 020

Kapitlet korresponderer med kap. 20. Inntektene er innbetalingar av husleige i samanheng med utleige av bustadeiningar til statlege etatar eller selskap som til dømes Posten, Avinor, Norsk Polarinstitutt, skattekontoret og sjukehuset. I tillegg kjem inntekter frå utleige av post- og bankbygget.

Det er foreslått at Kommunal- og moderniseringsdepartementet i 2015 kan overskride løyvinga under kap. 20, post 01 mot tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3020, post 01.

Kap. 0022 Likningsforvaltninga for Svalbard (jf. kap. 3022)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Driftsutgifter

3 226

3 150

3 520

Sum kap. 0022

3 226

3 150

3 520

Forslaget til løyving skal gå til løns- og driftsmidlar for skattekontoret i Longyearbyen. Løyvinga skal òg dekkje utgifter til skatteklagenemnda for Svalbard, og utgifter til fagleg og administrativ bistand og oppfølging frå Troms fylkesskattekontor. I samband med ordninga med miljøgebyr på Svalbard, sjå omtale under kap. 4.1 Klima- og miljødepartementet, står skattekontoret på Svalbard for det praktiske arbeidet med refusjon av gebyret til fastbuande på vegner av Svalbard miljøvernfond. Det er difor inngått ei avtale mellom skattekontoret og Miljøvernfondet som regulerer den godtgjeringa skattekontoret skal ha for denne oppgåva. Finansdepartementet fekk i 2014 fullmakt til å overskride løyvinga under kap 22, post 01 tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3022, post 01. Det vert foreslått å endre denne fullmakta til å gjelde inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3022, post 01. Forslag til løyving på kap. 22, post 01 er difor auka tilsvarande dei budsjetterte inntektene på kap. 3022, post 01, sjå omtala under kap. 3022.

Mål- og resultatstyring av skattekontoret skjer innafor det ordinære mål- og resultatstyringssystemet som til ei kvar tid er fastsett for likningsforvaltninga på Svalbard.

Kap. 3022 Likningsforvaltninga for Svalbard (jf. kap. 22)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

01

Diverse inntekter

260

0

280

Sum kap. 3022

260

0

280

Det vert oppretta eit nytt kapittel 3022 Likningsforvaltninga for Svalbard frå 2014 for å synleggjere inntekter relaterte til kap. 22 Likningsforvaltninga for Svalbard. Heile inntekta er avtalt refusjon frå Svalbard miljøvernfond for arbeidet Skattekontoret utfører med rekneskapet for fondet.

Det er foreslått at Finansdepartementet i 2015 kan overskride løyvinga under kap. 22, post 01 mot tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3022, post 01.

Kap. 3030 Skattar og avgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

70

Skattar m.m.

131 283

120 000

120 000

71

Utførselsavgift

5 451

6 000

5 000

72

Utmålsgebyr, årsavgift

1 047

1 026

1 027

Sum kap. 3030

137 781

127 026

126 027

Post 70 Skattar m.m.

Post 70 gir eit overslag over venta skatteinntekter frå Svalbard for 2015. Skatteinntektene som vart rekneskapsførte i 2009–2012 var unormalt høge. Dette skuldast i hovudsak eit stort overskot i gruveselskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani og skatteinntekter frå verksemda til Seadrill Norge. Det er venta at skatteinntektene no vil gå tilbake til nivået for 2008 og tidlegare år.

Post 71 Utførselsavgift

Utførselsavgift blir kravd inn i medhald av lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kol, jordoljer og andre mineralar og bergarter som blir førte ut frå Svalbard. Satsane for utrekning av avgift til statskassen av kol som blir utført frå Svalbard, vart endra med verknad frå 2004.

Inntektene frå utførselsavgifta er avhengig av utskipa kvantum kol og kolprisen på verdsmarknaden. Det er budsjettert med ein nedgang i avgifta på 1 mill. kroner frå 2014 til 2015.

Post 72 Utmålsgebyr, årsavgift

Utmål er eit avgrensa område der utmålshavaren for ein gitt periode har einerett til å utnytte geologiske ressursar. Inntektene under denne posten kjem frå avgift ved krav om og vidareføring av utmål som er nedfelte i Bergverksordninga. Årsavgifta for å føre vidare eit utmål er 6 000 kroner.

I 2012 var det eitt avgiftspliktig utmål som gjekk ut. Pr. januar 2013 vart det vidareført 371 utmål, av desse er 210 avgiftspliktige.

Med bakgrunn i fredinga av delar av Svalbard i 2003 har Nærings- og fiskeridepartementet, i samråd med dei andre departementa dette vedkjem, redusert avgifta for utmål som ligg i verna område. Det er ikkje rimeleg å krevje full avgift når vernet fører til at ein ikkje kan ha nokon aktivitet i utmåla. Utmålsavgifta er i slike høve sett til 1 500 kroner i året pr. utmål. Dette gjeld 50 utmål. For utmåla i Øvre Reindalen skal det framleis betalast full avgift, då det er opna for bergverksaktivitet der. Det er lagt til grunn at ingen avgiftspliktige utmål går ut i framlegget til budsjett for 2014. Det er budsjettert med ein auke i gebyra på 0,1 mill. kroner.

Kap. 3035 Tilskot frå statsbudsjettet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

70

Tilskot

176 072

322 780

283 565

Sum kap. 3035

176 072

322 780

283 565

Dette inntektskapitlet tilsvarer det tilskotet som er foreslått løyvd på Justis- og beredskapsdepartementets budsjett kap. 480 Svalbardbudsjettet post 50 Tilskot. Løyvinga skal dekkje underskotet på svalbardbudsjettet.

Til forsida