Prop. 101 L (2009–2010)

Endringar i sentralbanklova

Til innhaldsliste

3 Gjeldande rett

3.1 Representantskapets rapportering

I følgje Grunnlova § 75 c tilkjem det Stortinget «at føre Opsyn med Rigets Pengevæsen». Stortinget har gjeve representantskapet i Noregs Bank oppgåva med å føre tilsyn med Noregs Bank på sine vegner. Representantskapet består av 15 medlemer som blir oppnemnde av Stortinget med ei funksjonstid på fire år. Etter sentralbanklova § 5 tredje ledd skal representantskapet «føre tilsyn med bankens drift og med at reglene for bankens virksomhet blir fulgt».

Sentralbanklova § 30 fastlegg korleis representantskapet skal rapportere. Saman med årsmeldinga og den reviderte årsrekneskapen skal «representantskapets uttalelse om hovedstyrets protokoller og tilsynet med banken sendes departementet for å forelegges Kongen og meddeles Stortinget.» I praksis blir desse dokumenta offentleggjorde samla som «Noregs Banks årsmelding og rekneskap».

Representantskapet utarbeider to dokument som blir tekne inn i årsmeldinga og rekneskapen; eit vedtak om at rekneskapen blir fastsett og ei melding om hovudstyret sine protokollar og tilsynet med bankdrifta. Lova gjev ikkje føringar for kva form desse dokumenta skal ha.

Meldinga om hovudstyret sine protokollar og tilsynet med bankdrifta er vorten utvida dei seinare åra, men er framleis kortfatta – for rekneskapsåret 2008 var ho i underkant av to sider. Ho viser kva grunnlag representantskapet har hatt for tilsynet sitt, men har til no ikkje innehalde nokon nærare omtale av tilsynsmetodikk eller utfyllande vurderingar elles. Utan unntak har representantskapet dei seinare åra konkludert med at det ikkje har hatt «merknader til hovedstyrets protokoller eller avdekket forhold gjennom tilsynet med bankens drift som gir grunnlag for særskilte bemerkinger etter sentralbanklovens § 30 annet ledd».

Finansdepartementet fremjar kvar vår ei finansmarknadsmelding (tidlegare kredittmelding) for Stortinget, der ein blant anna gjer greie for dei viktigaste trekka i verksemda til Noregs Bank i det føregåande året. Framstillinga byggjer på årsmeldinga og rekneskapen frå Noregs Bank og meldinga frå representantskapet, og viser til desse. Årsmelding, rekneskap og meldinga frå representantskapet har til no ikkje vorte lagde fram direkte for Stortinget, men har følgt som utrykte vedlegg til meldinga.

3.2 Fastsetjing av godtgjersle for representantskapet

Representantskapet blir oppnemnt av Stortinget, mens godtgjersla blir fastsett av Kongen, jf. sentralbanklova § 7 sjuande ledd. Kongen har delegert sin kompetanse til Finansdepartementet, jf. resolusjon 21. juni 1985 nr. 1180.