Prop. 101 L (2009–2010)

Endringar i sentralbanklova

Til innhaldsliste

4 Departementet sine vurderingar

4.1 Rapporteringa frå representantskapet

Verksemda til Noregs Bank er omfattande og kompleks. Det er derfor viktig at eit sterkt og uavhengig tilsynsorgan fører tilsyn med at banken blir driven innanfor rammene av lova, i samsvar med vedtak og føresetnader gjevne av Stortinget og departementet. Gjennom lovendringane i 2009 vart tilsynsoppgåvene til representantskapet klargjorde. Ny ekstern revisor og eige tilsynssekretariat har styrkt representantskapet sitt rom for å utøve tilsyn. Det er også gjeve ei meir direkte presisering i lova av kva for tilsynsfunksjonar representantskapet skal utføre. Representantskapet er eit stortingsoppnemnt organ. Departementet er samd med representantskapet i at det vil vere meir i tråd med styringsmodellen for banken at representantskapet rapporterer direkte til Stortinget. Dette er ordninga for andre stortingsoppnemnde ombod og organ, og etter departementet sitt syn er det ikkje særlege omsyn som tilseier ei anna løysing for representantskapet.

Representantskapet gjev i sitt brev 10. desember 2009 uttrykk for at direkte rapportering vil medverke til å synleggjere og styrkje stillinga det har overfor Stortinget, uavhengig av departementet. Det vil etter representantskapet sitt syn også kunne medverke til å styrkje rommet for Stortingets kontroll med Noregs Bank, medrekna Statens pensjonsfond utland (SPU).

For årsmeldinga og rekneskapen, går departementet ut frå at dagens formidlingsform med oversending til departementet og framlegg for Stortinget i kredittmeldinga er mest føremålstenleg. Ettersom Stortinget gjennom representantskapet har oppretta eit eige tilsynsorgan for Noregs Bank, synest det ikkje naudsynt eller føremålstenleg at melding og rekneskap frå banken i heilskap skal leggjast fram for Stortinget.

Når det gjeld meldinga frå representantskapet om tilsynet med banken, meiner derimot departementet at det prinsipielt sett er meir føremålstenleg med direkte rapportering frå representantskapet til Stortinget. Det er Stortinget som er den endelege mottakaren av denne meldinga, og då verkar det som ryddigast at ho i heilskap blir lagd fram direkte for Stortinget. I vedlagde lovutkast er det fremja forslag om dette.

Representantskapet sitt tilsynsarbeid rettar seg i første rekkje mot hovudstyret. Etter departementet sitt syn vil omsynet til ei forsvarleg sakshandsaming tilseie at hovudstyret, der det er naturleg, får høve til å kome med merknader som eit ledd i arbeidet med å utarbeide meldinga frå representantskapet.

Sjølv om Stortinget er den primære mottakaren for meldinga, vil innhaldet i henne vedkome Finansdepartementet som ansvarleg for forvaltinga av SPU og ansvarleg for sentralbanklova. I lovutkastet blir det derfor lagt opp til at representantskapet særskilt skal sende gjenpart av rapporten til departementet.

Det ligg i tilsynsfunksjonen representantskapet har, at denne skal vere kritisk, jf. NOU 1983: 39 Lov om Norges Bank og pengevesenet side 353. Tilsynsorganet skal dermed aktivt vurdere om verksemda blir driven i samsvar med føresetnadene. Uttalte minstekrav i sentralbanklova til rapporteringa kan medverke til å gjere dette ansvaret tydelegare og til å synleggjere dei oppgåvene som høyrer til tilsynsfunksjonen på ein betre måte.

Eit kritisk tilsynsorgan vil frå tid til annan kunne oppdage forhold som det er grunn til å påpeike, og der det trengst endringar. Uttalte minstekrav til rapporteringa kan medføre at det oftare enn før kjem fram eksplisitte merknader frå representantskapet. Det er viktig at samfunnet, medrekna hovudstyret, departementet, Stortinget og ålmenta, gjennom ei offentleg melding blir opplyst om forhold som representantskapet ønskjer å peike på. Det er viktig å skape medvit om at det kan vere forhold å rette på, utan at slike forhold i seg sjølv kan reknast som kritikkverdige. Bankverksemda er svært kompleks, og sjølv i den mest veldrivne organisasjon vil eit aktivt tilsynsorgan kunne ha noko å påpeike. Særleg vil dette kunne vere aktuelt innan kapitalforvaltinga, der store delar av regelverket jamnleg må tilpassast anerkjent internasjonal praksis.

Departementet vil på denne bakgrunnen føreslå å innarbeide enkelte minstekrav til meldinga frå representantskapet i sentralbanklova ny § 30 fjerde ledd. Gjennom minstekrava tek ein ikkje sikte på å gje representantskapet nye oppgåver. Dei krava til rapporteringa som er stilte opp der, gjeld alle tilsynsfunksjonar som kan utleiast av § 5 i lova.

Ved at regelen i § 30 fjerde ledd blir formulert som minstekrav, vil representantskapet innanfor den kompetanseramma som følgjer av § 5 tredje ledd i lova stå fritt til også å uttale seg om andre relevante forhold ved bankdrifta. Etter kvart som bankverksemda utviklar seg, bør representantskapet jamnleg vurdere om også andre forhold enn dei som uttrykkjeleg er nemnde i lovteksten bør omtalast i meldinga.

Når det gjeld utforming av minstekrava, vil departementet dels føreslå reglar som pålegg representantskapet å gjere greie for korleis tilsynet har vore organisert, kva for tilsynshandlingar som er gjennomførde samt å gjere greie for vidare prioriteringar i tilsynsarbeidet – altså ein nærare omtale av arbeidet representantskapet utfører. Dels vil representantskapet bli pålagt å gjere greie for resultatet av tilsynsarbeidet. I denne samanhengen vert det føreslått eit krav om at representantskapet skal gje ei vurdering av styringa og kontrollen hovudstyret har med verksemda i banken. Ut over dette skal representantskapet gje eventuelle særlege merknader som tilsynet måtte gje grunnlag for.

Banken si forvalting av SPU står i ei særstilling i forhold til dei tradisjonelle sentralbankoppgåvene som pengepolitikk og finansiell stabilitet. I ressursar utgjer kapitalforvaltinga over 70 pst. av kostnadene for banken, og meir enn 70 pst. av dei tilsette i banken arbeider innan kapitalforvalting. Forvalting av eit fond på meir enn 2 600 mrd. kroner medfører også ein vesentleg operasjonell risiko for banken som representantskapet må føre tilsyn med. Dette kjem i tillegg til tilsynet med korleis banken utfører dei tradisjonelle sentralbankoppgåvene, og dei risikofaktorane dette representerer. Desse forholda tilseier etter departementet sitt syn at det bør stillast krav om eiga rapportering om tilsynet med kapitalforvaltinga.

Innan risikostyring i SPU er regelverket som departementet har fastsett prinsippbasert. Dette inneber at banken skal lage interne retningslinjer i tråd med anerkjent internasjonal praksis. Kva som er rekna som anerkjent internasjonal praksis vil variere over tid.

På denne bakgrunnen meiner departementet det er behov for å oppstille krav i lova om at representantskapet skal gje ei eiga framstilling av tilsynet med kapitalforvaltinga banken utfører.

Det er ikkje føremålstenleg å nemne i lova kor utfyllande meldinga frå representantskapet skal vere. Finansdepartementet legg likevel til grunn at framstillingane vil vere såpass utfyllande at meldinga kan lesast som eit sjølvstendig dokument, uavhengig av årsrekneskapen for banken.

4.2 Fastsetjing av godtgjersle for representantskapet

Vanleg praksis i offentleg sektor er at den som vel eit organ eller eit ombod også fastset godtgjersler. Som døme på andre stortingsoppnemnde posisjonar kan nemnast riksrevisorane, der Stortinget vel revisorane og fastset løna deira, jf. riksrevisjonslova § 4 og 6, og sivilombodsmannen som også har denne ordninga, jf. sivilombodsmannslova § 1 og 14. Ei slik ordning har gode grunnar for seg. Gjennom fastsetjing av godtgjersle blir det gjeve ein peikepinn på kor mykje tid det er meint at dei valde personane skal bruke på vervet. Det er derfor føremålstenleg at det organet som står for valet gjennom fastsetjing av godtgjersle, også indikerer kor mykje tid og arbeid som i utgangspunktet er føresett å liggje i vervet.

På denne bakgrunnen føreslår departementet derfor at kompetansen til å fastsetje godtgjersla til representantskapet blir overført til Stortinget.