Prop. 103 L (2013–2014)

Endringar i utlendingsloven (politiattest ved tilsetjing i mottak)

Til innhaldsliste

7 Vurderinga til departementet

7.1 Innleiing

Justis- og beredskapsdepartementet har merka seg at alle høyringsinstansane støttar forslaget, men at nokon ynskjer nokre mindre endringar.

Arbeidet med mindreårige som bur i mottak inneber eit stort ansvar, og det er viktig å skape ei trygg ramme rundt opphald i utlendingsforvaltningas mottak. Ei innstramming i regelverket i form av ei utviding av kven som skal leggje fram politiattest, at fleire straffebod blir omfatta av attesten og at merknad ved fleire straffebod fører til eit yrkesforbod, vil ikkje aleine verne mindreårige mot misbruk og utnytting. Tiltaket må sjåast i samanheng med andre tiltak som minskar risikoen for misbruk, og aukar tilliten til dei som skal arbeide med mindreårige i mottak.

7.2 Tilvising til politiregisterlova

Med ei tilvising til politiregisterlova vil det ikkje vere naudsynt å endre utlendingslova dersom politiregisterlova skulle bli endra. Mellom anna opplæringslova § 10-9, barnevernlova § 6-10 og barnehagelova § 19 har tilsvarande løysing. Dette sikrar ein einskapleg vandelskontroll i tråd med føremåla bak politiregisterlova § 39.

Departementet er einig med UDI i at «politiattesten» som utlendingslova § 97 første ledd andre punktum viser til, av pedagogiske omsyn kan bli klargjort. Departementet har difor lagt til «som nevnt i første punktum» i andre punktum, så det ikkje skal vere tvil om kva slags politiattest utlendingslova § 97 første ledd andre punktum krev.

7.3 Kva for forhold som skal gå fram av barneomsorgsattesten

Dei straffeboda som skal gå fram av barneomsorgsattesten, er regulert i politiregisterlova § 39 første ledd. Andre ledd opnar for moglegheita til å krevje fleire eller færre straffebod dersom særlege grunnar er til stades. Regelen er heller ikkje avgrensa til lovbrot der den fornærma er under 18 år.

Personvern- og rehabiliteringsomsyn taler mot å inkludere fleire straffebod i politiattesten, medan omsynet til vern og tillit kan tale for. Departementet kan ikkje sjå at det ligg føre særlege grunnar for å omfatte fleire eller færre straffebod enn utgangspunktet etter politiregisterlova § 39 og held difor fast ved dei straffeboda som vart omtalt i høyringsbrevet, jf. punkt 5 ovanfor. Det er her verdt å hugse at formålet med endringa mellom anna er å få ein meir einskapleg vandelskontroll.

7.4 Kven skal leggje fram barneomsorgsattest

Å gjere det obligatorisk for alle som skal arbeide eller ha oppgåver knytt til mindreårige i mottak å leggje fram barneomsorgsattest, gjer det enklare å praktisere regelen. IMDi peikar på at denne endringa kan føre til større likehandsaming mellom mottaka, sidan nokre av dei allereie ber om politiattest og nyttar kan-regelen.

Departementet har vurdert om ein bør skilje mellom ordinære politiattestar og barneomsorgsattestar for personar som blir tilsette på mottak, i tråd med Riksadvokaten sitt syn, då det vil kunne vere nokre personar som arbeider på mottak som ikkje vil ha arbeidsoppgåver direkte knytt til mindreårige på mottaket. Når departementet likevel har komme til at det skal vere eit krav til barneomsorgsattest uavhengig av om den tilsette er meint å skulle ha kontakt med mindreårige eller ikkje, er dette på grunn av dei spesielle omstenda på eit mottak. Mottaket er heimen til den mindreårige, samstundes som det er ein arbeidsplass på eit avgrensa område for andre. Sjølv om ein person ikkje har oppgåver knytt direkte til mindreårige, vil det vere vanskeleg og/eller praktisk umogeleg å hindre han eller ho i å komme i kontakt med dei mindreårige som bur på mottaket. Eit av føremåla med å krevje barneomsorgsattest er nemnt i politiregisterlova § 37 første ledd nr. 4 som at «utelukkelse kan forhindre at personer begår overgrep mot eller har skadelig innflytelse på mindreårige […]». Dersom det er ei objektiv mogelegheit for at den mindreårige kan bli utsett for seksuelle overgrep der dei bur, bør ein krevje politiattest. Omsynet til dei mindreårige sin tryggleik og sikkerheit må her vege tyngst. Etter ei einskapleg vurdering har departementet komme til at dei spesielle omstenda gjev at alle tilsette i mottak bør leggje fram barneomsorgsattest.

Utlendingslova § 97 slik ho er utforma i dag, nyttar omgrepet «statlige mottak mfl.» i overskrifta, «statlige asylmottak» i første ledd første punktum og «asylmottak» i første ledd andre punktum og andre ledd første punktum. Det blir upresist å nytte omgrepet «statleg mottak» når ein ser på kven som driftar mottak i dag. Det er UDI som har det overordna ansvaret for drift av mottak, men det utøvande ansvaret for drifta er likevel ved avtaler lagt til kommunar og private aktørar, der sistnemnte òg omfattar ideelle organisasjonar. Departementet foreslår på denne bakgrunn at ein slettar ordet «statlig» og «asyl» og i staden nyttar fellesomgrepet «mottak». Departementet understrekar at det ikkje er meininga å endre tydinga av ordet eller praksis i dag. Krav til politiattest gjeld uavhengig av kven som driv mottaket, så lenge personane som må leggje fram attest, skal arbeide på mottaket eller ha oppgåver knytt til mindreårige, jf. utlendingslova § 97 første ledd.

Fleire høyringsinstansar ynskjer ei klarare grense for situasjonar og oppdrag som krev barneomsorgsattest. Sidan det er obligatorisk for personar som «skal utføre oppgaver for utlendingsmyndighetene, og som har direkte kontakt med mindreårige som oppholder seg i mottak», å leggje fram attest, er det viktig at grensa er klar. Ordlyden omfattar oppgåver som blir utført på vegne av utlendingsmyndigheitene, det vil i realiteten seie mottaket eller han/ho/dei mottaket har gjort avtale med om å arrangere aktivitetar for mindreårige i mottak. Difor fell til dømes skular utanfor føresegna, sjølv om dei mindreårige i mottaket går på skule. Ordinær skuleundervisning er ikkje ei oppgåve skulane utfører på vegne av utlendingsmyndigheitene. Aktivitetstilbod som er ope for alle, og som mindreårige i mottak òg nyttar, til dømes kulturskule og friundervisning, fell også utanfor føresegna, sidan heller ikkje dette er aktivitetar arrangert «for utlendingsmyndighetene». Barneomsorgsattest etter utlendingslova § 97 kan ikkje bli kravd av mottaka i desse tilfella. Dersom mottaka derimot sjølv nyttar tolk, vil dette falle inn under føresegna og krevje attest. Departementet kan ikkje sjå at det er tilstrekkeleg behov for å gjere unntak for hasteoppdrag.

Tilsette eller frivillige i organisasjonar som har ei avtale med mottaket om å gje tilbod om fritidsaktivitetar for dei mindreårige i mottaket, må leggje fram barneomsorgsattest. Når det gjeld privatpersonar som ikkje er med i ein organisasjon, og som ynskjer å arrangere aktivitetar for mindreårige i mottak, vil også det avgjerande vere i kva grad oppgåveutføringa kan seiast å skje på vegne av utlendingsmyndigheitene. Regelmessigheit, arten av aktiviteten, kor mange som deltek og ikkje minst kva slags ordning personen har med mottaket, vil vere avgjerande. Arrangement som er formaliserte, krev barneomsorgsattest for arrangørane, medan private avtalar direkte med bebuarane fell utanfor. Det skal ikkje bli kravd barneomsorgsattest av personar som besøker bebuarar i mottaket privat.

Departementet er ikkje av den oppfatning at bebuarar som tek del i aktivitetar på mottaket skal leggje fram barneomsorgsattest. Hovudmålet med deltakinga deira er å aktivisere bebuarane, ikkje å utføre ei oppgåve for utlendingsmyndigheitene. Det er viktig å la bebuarane hjelpe til, då det gjev dei ei meiningsfull kvardag.

Departementet har forståing for at fleire grupper, til dømes kvinner eller personar som bur i tilrettelagde avdelingar, kan føle seg utrygge. Departementet har likevel ikkje i denne omgang funne grunn til å innføre nye krav til politiattestar. Ein bør vere varsam med å innføre eit slikt krav til stadig fleire grupper. Vidare har departementet ynskt å gjere regelverket enklare å praktisere, og vi har såleis heldt oss til forslaget i høyringsbrevet.

7.5 Konsekvensar av merknader i attesten

Einslege, mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år bur i mottak, medan dei under 15 år er under omsorg i barnevernet og bur ikkje på ordinære mottak, jf. barnevernlova § 5 A-1. For personar som arbeider med dei, er barneomsorgsattest regulert i høvesvis utlendingslova § 97 og barnevernlova § 6-10. Lovene omfattar dei same straffeboda, men medan utlendingslova berre har eit automatisk yrkesforbod ved merknader om seksuelle overgrep mot mindreårige, har barnevernlova § 6-10 fjerde ledd, jf. andre ledd,1 yrkesforbod ved merknader om alle dei aktuelle lovbrota. Dersom det kjem fram merknader knytt til andre straffebod enn seksuelle overgrep mot mindreårige etter utlendingslova § 97, vil det bli avgjort om vedkomande er egna for tilsetjing eller ikkje med skjønn. Etter departementet sitt syn gjev begge ordningar mindreårige vern, men omsynet til resosialisering og yrkesdeltaking må òg bli tillagt vekt. Det vil også vere enklare å praktisere same regel på mottak i staden for å skilje konsekvensane av merknadene etter kven ein skal jobbe med – einslige, mindreårige asylsøkjarar eller andre mindreårige. Etter ei vurdering har departementet komme til ikkje å foreslå ei eiga ordning for einslege, mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år, og endrar ikkje forslaget i høyringsbrevet.

Når det gjeld dei andre kommentarane frå høyringsinstansane om yrkesforbod/skjønnsvurdering, nemnde departementet i høyringsbrevet at ikkje alle merknader som går fram av politiattesten skal medføre yrkesforbod. Det ville i så fall vere ei klar innstramming samanlikna med gjeldande rett. I forarbeida til politiregisterlova er det understreka at det er opp til lovgjevar å vurdere kva for konsekvensregel som er riktig på ulike felt.

Mottaka vil gjennom tilsetjingsintervju og andre undersøkingar kunne gjere seg nærare kjend med bakgrunnen til den som blir tilboden ei stilling. På den måten kan ulike omsyn bli tekne vare på gjennom ei totalvurdering i kvart einskild tilfelle, og mottaket kan etter ei konkret vurdering velje å tilsette vedkomande trass i merknader. I mottaket si vurdering vil det til dømes vere relevant kva straffebod det er tale om, om det ligg føre ulike og gjentekne lovbrot, om det er gått lang tid sidan lovbrotet og om vedkomande elles er særskilt kvalifisert. Mottaka er nærast til å foreta ei konkret vurdering av om ein person som søkjer arbeid hos dei, er skikka og ynskt til arbeid i det aktuelle mottaket, trass merknader i attesten. Ein automatisert regel ville kunne styrke vernet av barna, vere ei lett praktiserbar regel og sørgje for likehandsaming av sakene sidan han ikkje opnar for skjønn. Etter ei nærare vurdering har departementet likevel komme til at omsynet til rehabilitering og yrkesdeltaking taler imot at alle dei aktuelle brotsverka skal innebere eit automatisk yrkesforbod i mottak. Mottaka må vurdere konkret merknader i attesten som ikkje gjeld seksuelle overgrep mot mindreårige.

Etter departementet sitt syn fell flyktningspionasje utanfor føremålet om å verne barn. To av føremåla med regelendringa var einskapleg vandelskontroll og harmonisering av reglane. Departementet foreslår difor ikkje å utvide skjønnsvurderinga til å vurdere fråsegn frå politiet, Politiets tryggingsteneste eller andre i denne omgang.

Fotnotar

1.

Fosterforeldre må leggje fram uttømmande og utvida politiattest etter § 6-10 tredje ledd.