Prop. 113 L (2013–2014)

Endringar i kommunelova m.m. (teieplikta til revisor m.m.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I denne proposisjonen legg Kommunal- og moderniseringsdepartementet fram forslag til endringar i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner (kommunelova) og lov 19. mai 2006 om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova).

Departementet føreslår for det første endringar i kommunelova § 39 a, som regulerer ordninga med innbyggjarinitiativ. Bakgrunnen for forslaga er rapporten Evaluering av innbyggerinitiativordningen frå Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) og Rokkansenteret ved Universitetet i Bergen oktober 2010. Innbyggjarinitiativordninga gir innbyggjarane i kommunen ein rett, på visse vilkår, til å krevje at eit konkret forslag blir behandla av kommunestyret sjølv.

Vilkåra er at forslaget gjeld verksemda til kommunen og at minst 2 prosent av innbyggjarane står bak forslaget, likevel er 300 underskrifter i kommunen eller 500 i fylket alltid tilstrekkeleg. Eit forslag kan ikkje fremjast dersom

  1. det har same innhald som eit forslag som er fremja som innbyggjarinitiativ tidlegare i den same valperioden, eller

  2. det har same innhald som ei sak som er behandla av kommunestyret tidlegare i den same valperioden

Departementet føreslår å endre overskrifta i lova frå «innbyggerinitiativ» til «innbyggerforslag». Denne nemninga er meir i samsvar med innhaldet i føresegna. I denne proposisjonen vil vi likevel i det vesentlege bruke uttrykket innbyggjarinitiativ, som er namnet på den gjeldande ordninga. Departementet føreslår vidare lovendringar som knyter seg til kven i kommunen som har myndigheit til å avvise innbyggjarinitiativ som ikkje fyller vilkåra i lova. Dette gjeld spørsmålet om administrasjonen skal ha høve til å avvise innbyggjarinitiativ, eller om det er kommunestyret som må ta denne avgjerda.

Departementet føreslår for det andre endringar i kommunelova § 78 nr. 7. Denne føresegna regulerer teieplikta til revisorar. Etter gjeldande rett har ein revisor plikt til å teie om det han eller ho får kjennskap til i sitt oppdrag for kommunen eller fylkeskommunen. Dette er ei teieplikt som femner svært vidt. Forslaget går ut på at dei generelle føresegnene om teieplikt i forvaltningslova skal gjelde i staden, jf. forvaltningslova § 13 flg. Forslaget er grunngitt i at teieplikta skal omfatte opplysningar som treng vern, men at ho ikkje bør vere meir vidtgåande enn kva det er eit sakleg og reelt behov for.

For det tredje føreslår departementet endringar i offentleglova § 5 andre ledd, slik at det kjem inn ein heimel for utsett innsyn i førebelse revisjonsrapportar. Forslaget om utsett innsyn i revisjonsrapportar er ei oppfølging av arbeidsgrupperapporten 85 tilrådingar for styrkt eigenkontroll i kommunane. Forslaget inneber ikkje ei innsnevring i sjølve retten til innsyn i revisjonsrapportar, men at tidspunktet for innsyn i revisjonsrapportar kan utsetjast til den endelege rapporten ligg føre.

Lovforslaga gjeld både kommunar og fylkeskommunar. For å gjere det enkelt nyttar departementet uttrykka kommune og kommunestyre som felles nemning for både kommune/fylkeskommune og kommunestyre/fylkesting dersom ikkje noko anna går fram av samanhengen.