Prop. 113 L (2013–2014)

Endringar i kommunelova m.m. (teieplikta til revisor m.m.)

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet går ut frå at lovforslaga samla sett ikkje har økonomiske og administrative konsekvensar av betydning.

Departementet vurderer det slik at lovforslaga som pålegg kommunestyret å ta stilling til om eit innbyggjarinitiativ skal avvisast eller ikkje, ikkje fører til noko vesentleg administrativt meirarbeid for kommunane. Ettersom desse problemstillingane skal avgjerast av kommunestyret, vil administrasjonen måtte greie ut saka i eit saksframlegg som blir lagt fram for kommunestyret. Departementet går ut frå at meirarbeidet her vil vere av beskjedent omfang.

Lovforslaga som gjeld utsett innsyn og teieplikta til revisorar, vil etter departementet si meining ikkje ha økonomiske og administrative konsekvensar. Samla sett meiner departementet at forslaga ikkje fører til behov for auka overføringar til kommunane.